25. februar 2016

Birger Emanuelsen: Historien om et godt menneske (2015)

Thomas er ein journalist som juksar i faget sitt. Han diktar opp nokre sitat i eit intervju med ein forfattar. Forfattaren protesterer, og Thomas misser jobben. Han tek med seg sambuar og son og flyttar attende til heimbygda, ein stad på Sørlandet. Der møter han folk frå gamle dagar, både folk han vil treffa og folk han ikkje vil treffa. Denne forteljinga vert jamleg broten opp av kapittel som fortel om oppveksten til Thomas, og om ei forteljing om Nico, ein av barndomsvenane hans.

Gradvis kjem det fram at det ikkje berre er i journalistfaget han har vore litt for kreativ. Han har òg gjort det han kan for å skjula si eige fortid for sambuaren, og gjer difor det han kan for å unngå kontakt med minst éi av dei han vaks opp saman med. Det gode mennesket i tittelen trur eg peikar på den retusjerte versjonen av Thomas. Han vil gjerne vera eit godt menneske, men veit inst inne at det har han slettes ikkje vore.

Dette vert altså tydelegare og tydelegare utover i boka. Eg veit at eg ikkje er den fyrste som har tenkt eller nemnt dette, men likevel: Det å gradvis få fram at hovudpersonen, i dette tilfellet eg-personen, er ustabil, er gjort langt meir elegant av Carl Frode Tiller. Boka til Emanuelsen har fått til dels svært gode omtalar, men for meg var ikkje dette noko stor leseoppleving. Korkje historiene eller språket eller karakterane engasjerte meg noko større.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

23. februar 2016

George Wasmuth Sejersted: Leiv Eirikson til Vinland (1943)

All litteratur om Vinland og Vinlandsferdene som er skriven før Anne Stine og Helge Ingstad fann norrøne busetnader på L'Anse aux Meadows er jo litt forelda. Denne kom i tillegg ut på det NS-venlege Blix forlag, og det gjer ein jo hakket meir skeptisk til det som står her. Her er mange referansar til gode nordmenn og norske heltedådar, men ikkje verre enn at ein greier å ta det med ei klype salt.

Det som ikkje er så lett å ta med ei klype salt er den dårlege redigeringa av boka. Utgangspunktet er heilt greitt - Sejersted ser ut til å ha eit ynskje om å referera Vinlandsferdene rundt år 1000, og om det som skjedde med busetnaden dei neste åra. Då er det heilt på sin plass at han inkluderer noko om samfunnet på Grønland, det er reint bakgrunnsstoff. Verre er det at det kjem altfor mange sidespor i den delen av boka, lange utgreiingar om hendingar knytt til andre som budde på Grønland. Og endå verre er det at han, etter å ha gjort det han skulle og burde, tek med fleire titals sider om utforskinga av den amerikanske austkysten på 1500- og 1600-talet. Det er heilt malpalssert.

Det han skriv om Vinlandsferdene er, går eg ut frå, grundig og godt. Det er nok mykje avskrift frå kjelder han ikkje er spesielt flink til å visa til, og det er altså ikkje måte på norske heltedådar til havs og til lands, men den delen av boka gjekk det greitt å lesa. Resten var det altså verre med.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

21. februar 2016

Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)

I nittiåra skreiv eg hovudoppgåve om noko norskamerikansk. Det kan ha vore i samanheng med det arbeidet at eg fyrst høyrde om Garrison Keillor; eg las i alle fall fleire av romanane hans då, og siterte frå minst éin av dei i oppgåva eller i artiklar eg seinare skreiv. Det er lenge sidan eg las Keillor no, og ved slike høve er det alltid spanande å sjå om tidlegare oppfatningar står ved lag.

Eg såg på Keillor som ein som skreiv godt om dei norskamerikanske miljøa i Midt-vesten. Den same kjensla har eg etter denne boka, men her var langt meir å le av enn eg trudde. Der var nok å smila av før òg, men her var det altså meir latter. Boka er ein antologi, redigert av Holly Harden, og er, trur eg, i hovudsak sett saman av monologar frå radioprogrammet "Prairie Home Companion", som Keillor har stått i spissen for sidan 1974 (minus nokre få år). I desse programma fortel han litt om livet i den fiktive byen Lake Wobegon (den relativt faste opningssetninga "It's been a quiet week in Lake Wobegon, my hometown" vert som regel møtt med applaus), og det er så norskamerikansk som det kan verta. Det er kanskje det som gjer at eg fell for dette, det vert ei lett form for flashback til noko eg var sterkt oppteken av i ein tiårsperiode.

Slik det går fram av tittelen på boka spelar religion og prestar ei nøkkelrolle her. Det er likevel ikkje noko utprega religiøs bok, for Keillor er religionen til norskamerikanarane ei heilt sentral side ved identiteten deira. Dette går klart fram i refrenget på eitt av dei to dikta i boka - "I'm a Lutheran, a Lutheran - it is my belief / I am a Lutheran guy. / We may have merged with another church / But I'm a Lutheran till I die". Keillor ser komikken både i dette og i det meste anna i småbyen, men han ler med dei som bur der, han ler ikkje av dei. Han sympatiserer med dei, og det er truleg viktigaste grunnen til at han er så populær som han er.

Og desse norskamerikanarane har svært mykje til felles med oss nordmenn. Kanskje mest med dei som er endå eldre enn meg, men likevel. Boka overraska meg positivt, og då går det vel som det ofte går - eg hentar fram andre Keillor-bøker.

Guffen tilrår.

Meir Keillor på kulturguffebloggen
Happy to Be Here (1981)
Lake Wobegon Days (1985)
Leaving Home (1987)
We Are Still Married (1989)
Lake Wobegon Summer 1956 (2001)
In Search of Lake Wobegon (2001)
Liberty (2008)
The Keillor Reader (2014)
That Time of Year (2020)
Lake Wobegon Virus (2020)


Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Kristian Prestgard: Fra Heidal til Decorah (1996)

Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans Christian Heg and the Norwegian American Experience (2023)

20. februar 2016

Kurt Vonnegut: While Mortals Sleep (2011)

Mykje posthum lesing for tida. Dette er ei samling noveller Vonnegut skreiv tidleg i karriera si, og som ikkje vart utgjevne då. Ofte er det ein grunn til at manuskript vert liggjande ubrukte, og det kan det godt ha vore her òg. Kor som er, eg likte boka.

Boka inneheld seksten noveller. I dei fleste er det noko å smila eller le av, og her er fleire godbitar. I "The Man without no Kiddleys" møter me to personar på eit sjukehusrom, der den eine ikkje veit at nyre på engelsk heiter kidney. I "The Humbugs", som avsluttar heile boka, og som godt kan vera den beste av novellene, er to kunstnarar naboar, og dei har ulik status: Den eine er kritikarrost, men manglar pengar; den andre vert slakta av kritikarane, men vassar i pengar. Dei vert samde om å byta roller ein dag, begge har ei kone som meiner at det den andre kunstnaren skapar er greier som er lett å kopiera.

Guffen tilrår.

Meir Vonnegut på kulturguffebloggen
Slaughterhouse five (1968)
Breakfast of Champions (1973)

Up In the Air (2009)

George Clooney har imponert meg stort i fleire Coen-filmar. Der viser han fram dei komiske sidene sine; her viser han stort sett berre fram smilet sitt. Det er ei rolle utan dei store sprella, og det er vel òg ein film utan dei store sprella.

Clooney spelar Ryan Bingham, som flyg USA rundt for å fortelja folk at dei har mista jobben. Det er ein jobb som er både ansvarsfull og ansvarslaus - han må oppføra seg fint, men når han er ute av døra att er han ferdig med jobben. Han bur åleine, og har altså heller ikkje teke noko ansvar for andre på heimefronten. Dette endrar seg då han treffer ei dame som ser ut til å ha det på same måten. Han inviterer ho med i bryllaupet til syster si, og gradvis finn han ut at han vil dela livet sitt med henne. Men slik går det ikkje.

Det er triste og lite engasjerande greier, dette. Lite å le av, lite å undra seg over, lite å gleda seg over. Fort sett, og fort gløymt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

What Happened, Miss Simone? (2015)

Her står ei plate av Nina Simone i hylla, ei samleplate med dei beste songane hennar. Eg kjende ikkje historia hennar, men denne filmen gjev eit greitt oversyn over livet hennar. Ho var fødd i North Carolina i 1933, og var ein ekstremt talentfull pianist. Den draumen ho bar på var å verta konsertpianist, men den draumen fall i grus då ho ikkje vart teken opp ved den prestisjefulle Juilliard School of Music i New York. Sjølv var ho overtydd om at hudfargen hennar var grunnen til at ho ikkje kom inn.

Rasismen i USA skulle farga livet hennar. Ho gjorde det godt som jazz-vokalist, og slo gjennom med "I Love You Porgy" mot slutten av 50-åra. Ho turnerte mykje, selde mange plater, og vart eit stort namn. Ho vart sentral i kampen for rettane til dei farga, var svært frittalande både på og utanfor scena. Ho miste mykje popularitet (hjå kvitingane) på grunn av dette, og tidleg i 70-åra rakna det meste for ho. Ho selde mindre plater, ho braut med familien, ho vart meir ustabil mentalt, og flytta like godt frå USA til Liberia. Seinare slo ho seg ned i Europa, og tok opp att musikkarriera, men var framleis så pass ustabil at ho var vanskeleg å samarbeida med.

Filmen engasjerer. Her er mange konsertopptak, kopla saman med intervju med dottera, med gitaristen ho samarbeidde med det meste av livet, og eldre intervju med Simone sjølv, og men mannen ho var gift med, som òg var manageren hennar. Han gjorde mykje godt for ho, men også mykje dårleg - han var til dømes svært valdeleg mot henne.

Guffen tilrår.

William Gay: Little Sister Death (2015)

Den amerikanske forfattaren William Gay døydde i 2012, 70 år gamal. Han kom seint på banen, den fyrste boka hans kom i 1999, og han gav berre ut tre romanar og to novellesamlingar før han døydde. Og den eine novellesamlinga har like godt berre to noveller. Det har vore varsla at det kjem to, kanskje tre, posthume romanar, og dette er den fyrste av dei.

Forteljingane til Gay er ofte valdelege. I denne boka er det òg ein del vald, til dels både overraskande og grotesk. I prologen fortel Gay om ein dokter som vert henta og køyrt langt ut på landsbygda, der han må hjelpa til under ein fødsel. Det går bra, og ungen vert gjeven til ein mann i rommet, og det fyrste denne mannen gjer er å kasta den nyfødde guten inn i bålet på peisen.

Denne prologen vert tidfesta til 1785, og det er ein roman som hoppar mykje i tid. Rammeforteljinga handlar om David Binder, ein forfattar busett i Chicago, som slit med å følgja opp debutboka. Han les om eit spøkelseshus i Tennessee, og finn ut at han vil skriva ei bok om dette huset og hendingane der. Han leiger like godt huset, og parallelt med at han avdekkjer meir og meir av forhistoria, vert han og kona og dottera etter kvart plaga av spøkelse i og rundt huset.

Gay skriv som vanleg glimrande. Her vekslar han mellom ulike stilar - midt i boka kjem det som vert omtala som eit utdrag frå ei anna bok om dette spøkelseshuset. Eg reknar med at dette er noko Gay har skrive sjølv, men er ikkje sikker - uansett er det altså skrive i eit heilt anna språk enn det Gay bruker til vanleg. Boka er basert på verkelege hendingar, som det heiter, det har vore skrive rundt førti sakprosabøker om dette huset og spøkelsa der, og boka sluttar òg med ein artikkel Gay har skrive om desse hendingane. Og ho opnar med ein artikkel om Gay, skriven av Tom Franklin.

Det er stas å lesa Gay. Dette er likevel ikkje det beste han har skrive, det er noko uferdig over det heile. Han byggjer historia opp mot eit klimaks som aldri kjem. Om manuset var uferdig, eller om det var tenkt sånn frå Gay si side, kjem ikkje fram, men eg sat i alle fall att med ei kjensle av at her skulle det koma fleire kapittel.

Guffen tilrår.

Meir Gay på kulturguffebloggen
The Long Home (1999)
Provinces of Night (2001)
I Hate to See that Evening Sun Go Down (2002)
Wittgenstein's Lolita (2006)
Twilight (2006)
Time Done Been Won't Be No More (2009)

The Lost Country (2018)