2. august 2015

Joe Kidd (1972)

Ny fjernsynskveld, ny western. Me er igjen i det sørvestlege USA, der revolvarmannen Joe Kidd er litt for glad i å drikka, og vert sett nokre dagar i fengsel rett som det er. Han møter i retten dagen etter ei natt i fyllearresten, og då han er på veg ut vert lokalet storma av nokre meksikanarar, under leiing av Luis Chama. Dei protesterer mot at den amerikanske regjeringa let amerikanarar stela gardane til meksikanarar, og seier meir eller mindre at dei går til krig. Frank Harlan, som eig mykje jord i området, vil stoppa Chama, og vil ha Kidd med på laget. Kidd vert litt motviljug med, og fører dei til landsbyen der Chama og folka hans skal vera. Chama er ikkje der, og Harlan tek alle i byen til gislar. Han stengjer òg Kidd inne med gislane. Kidd kjem seg ut, oppsøkjer Chama, og saman greier dei å knekkja banden til Harlan.

Kidd vert spela av Clint Eastwood, og han spelar ei rolle han har spela i andre filmar òg: Han er ordknapp, han skjønar alt som skjer, og han er suveren med revolvaren. Her er òg andre habile skodespelarar, Robert Duvall spelar til dømes Harlan.

Filmen er heilt grei. Som vanleg i westernfilmar er det ikkje vanskeleg å skjøna kven som er på kva lag, eller kva som kjem til å skje, men det er likevel heilt fin underhaldning.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar