19. august 2015

Ray Manzarek: Light My Fire (1998)

Ray Manzarek grunnla The Doors saman med Jim Morrison i 1965. Eg har lese ei bok om gruppa før, og sett ein dokumentarfilm og ein spelefilm om dei, men dette var likevel andre bollar. Her får me historia fortalt av ein som var der, ein som såg det heile frå innsida, og han verkar svært open når han fortel. Han er prega av å veksa opp i seksti-åra - boka kunne godt hatt undertittelen "Sex and Drugs and Rock'n'Roll".

Eller ho kunne hatt undertittelen "My Life with Jim Morrison". Morrison, som døydde i 1971, dominerer framsida av boka, og han er òg den det etter kvart handlar mest om. Manzarek skriv òg om dei to andre i bandet, sjølvsagt. Robby Krieger får gjennomgåande god omtale, både som gitarist, komponist og som menneske; trommeslagaren John Densmore får skryt som musikar, men skårar ikkje like høgt som person. Også Morrison hadde problem med å samarbeida med Densmore; Manzarek fortel om ein gong Morrison sa at dei måtte sparka Densmore frå gruppa.

Men det er altså mykje Morrison. Det er faktisk to Morrison-ar i denne boka. Manzarek skil mellom Jim og Jimbo. For Manzarek er Jim Morrison ein fabelaktig poet, ein fabelaktig songar og ein fabelaktig ven. Dei to stod kvarandre nær, det verkar heile tida som om den einaste Morrison hadde respekt for var den fire år eldre Manzarek. Jimbo Morrison var derimot lite å samla på; det var den personen Morrison vart når han drakk for mykje. Og etter gjennombrotet i 1967 tok det ikkje lang tid før Jimbo vart meir og meir dominerande. Morrison var sjølv klar over at han var alkoholikar, men han greidde ikkje å stoppa. Kombinert med alt det andre han stappa i seg vart han ikkje enkel å ha med å gjera.

Noko av det fine med denne boka er at Manzarek er så open om dette. Han kler av seg sjølv, men han kler òg av Morrison. Der Morrison vert presentert som ein helt i boka No One Here Gets Out Alive, får me altså eit langt meir nyansert bilete av han her. Ein fin poet? Javisst. Ein total drittsekk? Javisst.

Guffen tilrår.

Meir The Doors på kulturguffebloggen
The Doors (1991)
When You're Strange (film, 2009)
John Densmore: The Doors Unhinged (2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar