30. januar 2017

Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)

Hm. Dette vart ikkje like bra som eg hadde vona. Stykket er bygd opp rundt eit utval av songane til Stein Torleif Bjella. Seks personar (og fem musikantar) ventar på eit tog som er forseinka. Dei syng Bjella-songar, og gjev oss dermed eit lite innblikk i kven dei er.

Tekstane til Bjella er jamt over finfine, og han framfører dei på ein suveren måte. Han tek sjeldan av, han syng lågmælt om stort og smått. I dette stykket verkar som om ingen trur heilt på den krafta som ligg i desse tekstane. Fleire av tekstane vart heilt øydelagd av at songane vart ropt ut. Det vert heilt feil. Dei songane som fungerte best var dei rolege. Både arrangement og melodiar er endra - arrangementa var vellukka, medan mange av melodiane vart for svake.

Men heilt gale var det likevel ikkje. Utanom songane er det svært få replikkar, men Bjella har sjølv nokre av desse. Han spelar stasjonsmeistaren, som med jamne mellomrom dukkar opp for å fortelja at toget er forseinka. Her er det litt å le av, og det er òg fin humor når ein av dei seks seier fram opningslinene på "Det er den draumen". Andre av replikkane er mindre vellukka; nokre er der berre for å skapa ein halvgod overgang til neste song.

Guffen er lunken.

Meir Bjella på kulturguffebloggen
Sævelid, Voss (12.7.12)
USF, Bergen (29.1.14)
Vossajazz 2014
Hedleberget, Voss (24.6.15)
Voss kulturhus (21.4.16)
USF, Bergen (4.12.16)
Jordsjukantologien nr. 1 (2017)
Fiskehuset (2021)
USF, Bergen (5.11.21)
Kvemmadokkje, Ulvik (16.7.2022)
Hedleberget, Voss (16.8.2025)


Meir Det Norske Teatret på kulturguffebloggen
Olav Dalgard: Lars Tvinde (1966)
Arthur Klæbo: Edvard Drabløs (1967)
Ivar Eskeland: Du store alpakka. Soga om Gisle Straume (1987)
Innsirkling (9.2.11)
Bikubesong (Det Norske Teatret, Oslo, 23.4.2013)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Snøkvit (14.10.2017)
Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)

Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.22)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, Oslo, 17.9.22)
Tid for glede (Det Norske Teatret, Oslo, 14.10.2022)

Alice Munro: Something I've Been Meaning to Tell You (1974)

Eg les meg sakte gjennom bibliografien til Alice Munro, og det er stas av fleire grunnar. Med det rolege tempoet eg har lagt opp til er det framleis lenge til eg har vore gjennom alle bøkene hennar. Like viktig er det, slik det står i eit avissitat på baksida, at det er nok å lesa ei novelle for dagen. Då slår ikkje novellene kvarandre i hel, og ein kan tenkja vidare på det ein nett har lese.

For det er altså glitrande noveller Munro skriv. Eit særdrag ved denne samlinga ser ut til å vera møte på tvers av generasjonar, der ei ung kvinne vitjar eller bur saman med eldre slektningar. Novellene er bygde opp på same viset - den fyrste halvdelen får på plass stemninga og me vert kjende med karakterane, før det som er av dramatiske høgdepunkt og uventa vendingar kan dukka opp.

Det er det ikkje alltid det gjer, utan at det svekkar novellene. Jamt over er dette svært bra. Aller best er "Tell Me Yes or No", der det i høgste grad er ei uventa vending i den andre halvdelen.

Guffen tilrår.

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Who Do You Think You Are? (1978)
The Moons of Jupiter (1982)
The Progress Of Love (1986)
Friend Of My Youth (1990)
Open Secrets (1994)
The Love of a Good Woman (1998)
Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)
Runaway (2004)
The View from Castle Rock (2007)
Too Much Happiness (2009)
Dear Life (2012)

23. januar 2017

Jon Krakauer: Where Men Win Glory (2009)

Eg har likt det aller, aller meste av det eg har lese av Krakauer. Denne boka har eg vore litt skeptisk til, og har hatt ho ståande i hylla ei stund før eg tok ho fram. Eg trudde det var ei bok om amerikanske soldatar i Afghanistan, og det kan jo verta keisamt i lengda. Eg var ikkje heilt på bærtur, men inntrykket mitt var like fullt feil.

Boka handlar om Pat Tillman. Han spelte amerikansk fotball i NFL, altså på høgaste nivå, og var i ferd med å etablera seg som sentral på laget. Det endra seg 11. september i 2001. Han såg verdien av at amerikanske soldatar reiste til andre land for å kjempa, og følgde opp denne haldninga med handling: Han sa nei takk til vidare NFL-spel, og verva seg for tre år i militæret. Han var ein tur i Irak i 2003, og i 2004 var han i Afghanistan. Der vart han skoten og drepen på eit oppdrag.

Framleis verkar dette litt feil. Eg generaliserer det eg er god for: Amerikanske fotballspelarar og soldatar er ikkje av dei mest spanande. Det fann Tillman fort ut òg. Då han og broren kom til den fyrste leiren sin, ein stad i USA, var dei sjokkerte over kor unge og lite utvikla dei andre soldatane var. Primitiv humor, ikkje altfor mykje intelligens, og mange veldig skyteglade unge menn. Dette spelte inn då Tillman vart drepen. For det er akkurat dette som er det gjeve med denne boka. Det er ikkje ei rein hylling av det amerikanske forsvaret. Tvert imot. Tillman vart skoten av ein medsoldat, etter nokre hektiske minutt der nokre amerikanske soldatar skaut og skaut og skaut mot andre på same lag.

Dette var sjølvsagt dårleg PR for forsvaret - ein ting var at her var (endå) ein soldat drepen av amerikanske kuler, ein annan ting var at det var Pat Tillman, som mot sin vilje var gjort til ein heltefigur i Amerika. Forsvaret gjorde alt dei kunne for å leggja lok på korleis han var drepen, dei laug, dei dekte over fakta, dei trekte tilbake rapportar som viste korleis det heile hadde skjedd, osb. Boka fortel altså ikkje om dei heroiske soldatane, boka fortel om korleis det amerikanske forsvaret dekkjer over fakta for å tvihalda på støtten frå det amerikanske folket.

Guffen tilrår.

Meir Krakauer på kulturguffebloggen
Eiger Dreams (1990)
Into the Wild (1996)
Into Thin Air (1997)
Into the Wild (film, 2007)
Three Cups of Deceit (2011)
Under the Banner of Heaven (2011)
Missoula (2015)
Under the Banner of Heaven (fjernsynsserie, 2022)

20. januar 2017

Brian Wilson og Ben Greenman: I am Brian Wilson (2016)

Brian Wilson er, som dei fleste veit, eit musikalsk geni. To av platene han laga i 60-åra, Pet Sounds og Smile, er aldeles makelause. Eller - Smile vart ikkje gjeven ut då, dei andre i Beach Boys nekta, slik at prosjektet vart skrinlagt i fleire tiår. Og "andre i Beach Boys" vil i hovudsak seia Mike Love.

Wilson brukte ein del dop frå midten av 60-åra, og kombinert med ein heller ustabil psyke gjorde det at han tapte seg mykje. Han kom seg ut av det verste for om lag tjue år sidan, men er ikkje akkurat i toppform. Eg såg han i Oslo i 2004, då han med nye medmusikantar framførte Smile, som då endeleg var utgitt. Sjølv om konserten som heilskap var litt opp og ned, var det ufatteleg stort å sjå Wilson spela "Good Vibrations", der han sat på pianokrakken sin og dingla med beina.

I intervju snakkar han litt som ein liten unge. Han hoppar i tema, han kan svara på spørsmål som vart stilt for litt sidan, men det er vanlegvis eit djupt alvor i svara hans. Slik er òg denne boka. Medforfattaren, som etter alt å døma er den som har skrive boka, har greidd å ta tonen til Wilson. Det går litt etter innfallsmetoden, boka hoppar i tid og tema, men mot slutten av kvart kapittel er det likevel tydeleg at det er svært fint komponert.

Det lengste kapitlet i boka er òg det beste.Over femti sider fortel han om skapinga av dei to platene eg nemnde over. Både her og elles i boka skriv han om saknet av dei to brørne hans som var med i Beach Boys, Carl og Dennis. Og han skriv om faren og om Mike Love; han har eit hat/elsk-forhold til begge to. Wilson framstår som ein som helst vil at alle skal ha det bra, han kritiserer ikkje i tide og utide, og det må vera forklaringa på at han ikkje skriv meir om Love. Eg fekk begge bøkene frå Amazon samstundes, og rykta seier at Love er langt meir kritisk til Wilson i si bok. Me får sjå.

Guffen tilrår.

Meir Beach Boys på kulturguffebloggen
Dennis Wilson: Pacific Ocean Blue (1977)
Steven Gaines: Heroes & Villains (1986)

Charles L. Granata: I Just Wasn't Made for These Times (2003)
Beautiful Dreamer. Brian Wilson and the Story of "Smile" (2004)
Luiz Sanchez: Smile (2014)
Mike Love og James S. Hirsch: Good Vibrations. My Life as a Beach Boy (2016)
Brian Wilson. Long Promised Road (2021)
David Leaf: God Only Knows (2022)
Beach Boys (2024)
David Leaf: Smile. The Rise, Fall and Resurrection of Brian Wilson (2025)

18. januar 2017

Vladimir Nabokov: Lolita (1955)

Dette er ei bok som jamleg dukkar opp på lister over dei beste bøkene i verda. Tittelen på boka er òg vorte eit omgrep, og eg har av og til tenkt at eg burde lesa ho. Omsider kom eg så langt, og ... eh ... boka var slettes ikkje verdt å venta på.

Det heile vert fortalt av Humbert Humbert, og har form av eit forsvarsbrev. Han er slettes ikkje ein truverdig forteljar, men i korte trekk er det dette han fortel: Han flyttar frå Europa til USA, leiger seg rom i eit hus der han vert fjetra av den tolv år gamle Dolores (Lolita). Han gifter seg med mor hennar, mora døyr, og Humbert og Dolores reiser med bil gjennom USA. Dei deler stort sett seng heile vegen, og slik han framstiller det er dette noko begge vil. Det er det nok ikkje, etter ei stund rømmer ho. Han vitjar ho noko seinare, då er ho gravid (med ein annan). Han prøver å få ho med seg, ho nektar, og boka endar med litt vald.

Boka fall ikkje i smak her. Ho har ofte fått ros for godt språk, for meg var dette livlaust, ordrikt og tungt. Det går seint framover, korkje Humbert eller Lolita er spesielt interessante karakterar, og det var i det heile svært lite å gleda seg over.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

15. januar 2017

Sauls sønn (2015)

Ein film frå den andre verdskrigen. I konsentrasjonsleiren Auschwitz har nokre fangar jobben med å rydda i gasskammera - klede, verdigjenstandar og lik skal ut før neste gruppe kjem inn. Saul er ein av dei som arbeider med dette, og ein dag ser han liket av ein ung gut. Han innbiller seg at dette er son hans, greier å røva med seg liket, for å gje guten ei skikkeleg gravferd.

Saul er til stades i heile filmen, og han er verkeleg til stades: Kameraet er aldri meir enn ein meter frå han. Bileta fortel oss ikkje alt som skjer, ofte ser me berre fjeset til Saul. Lydane fortel oss meir. Me kjem altså svært tett innpå han, og dermed tett innpå korleis livet kunne vera i konsentrasjonsleirane.

Det er ein film det ofte er vondt å sjå på. Saul og dei han arbeider saman med er sjølve i livsfare kvar dag, og veit at livet deira ikkje er noko verdt - trør dei feil, er det over. Dei veit òg godt kva som ventar dei mange som vert sende i gasskammera, men dei gjer ingenting for å åtvara dei, og oppfører seg så normalt som råd.

Guffen tilrår.

Bølgen (2015)

Høgt oppe i lia over ein sunnmørsfjord, på Åkerneset, er det ei fjellsprekk som sakte utvidar seg. På eit eller anna tidspunkt kjem fjellet til å rasa ut og laga ei flodbølge inn fjorden mot Hellesylt, og inn ein sidefjord til Geiranger. Det er utgangspunktet for denne filmen.

Det er mykje fint å seia om filmen, men det er òg mykje som ikkje er så bra. Kristoffer Joner spelar ein geolog som har arbeidd ved senteret som overvåkar sprekka. Han skal flytta til Stavanger, men - surprise #1 - akkurat den dagen kjem det eit lite forvarsel frå fjellet. Sjefen hans meiner det ikkje er noko å bry seg om, og vert dermed ein slags skurk i det heile. Dagen etter vert signala tydelegare, og sjefen tek med seg ein medarbeidar opp i sprekka for å sjå kva det er. Her - surprise #2 - ofrar han livet sitt for å redda han andre. Joner har kone og to born, og desse deler seg i to nokre timar før raset. Kona arbeider på hotellet i Geiranger, og vert innestengd i kjellaren saman med sonen og ein danske. Vatnet stig i rommet deira, men - surprise #3 - Joner finn ut kvar dei er, og reddar dei. Han held pusten i fleire minutt på veg inn til dei, på veg ut - surprise #4 - greier han berre å halda pusten i tjue sekund. Dei greier ikkje å redda livet hans. Men sonen vil nett prøva ein gong til - og vips: surprise #5.

Ser ein vekk frå det med at alt dette skjer akkurat når Joner sluttar i jobben er den fyrste helvta av filmen heilt grei. Men etter at raset kjem vert det heile for enkelt og klisjeprega.

Guffen er lunken.