31. mars 2011

Aina Basso: Fange 59. Taterpige (2010)

Dette er ei fin bok. Taterjenta Maria er i Trondheim, og kjem vekk frå familien sin. Ho vert sett i fengsel, og etter å ha vore der eitt års tid, kjem ho i teneste hjå ein prost.

Maria er på sett og vis i fengsel heile tida, også når ho er i teneste hjå prosten. Ho kan ikkje gjera som ho vil, det er det prosten og kona som bestemmer, og også den vitjande teologistudenten kan gjera som han vil med Maria. Det er eit samfunn med eit klart rangsystem, der menn står over kvinner, og der tenarane står aller nedst. Ho vert likevel verande der, men i draumane sine er ho ofte andre stader. Ho er hjå familien, ho er hjå kjærasten ho hadde før ho kom i fengsel, men aller mest tenkjer ho på vatn.

Ho vil gjerne sjå havet, i fengselet lengtar ho etter å bada, og i fleire av kapitla der ho tenkjer seg vekk er ho ved eller i vatn. Slik er det òg då ho kjem ut frå fengselet: "Kroppen er underleg lett, som er han i vatn". I eitt av dei siste kapitla står ho ved ein brønn, og ser ned i det kalde vatnet. På same måte som ho er det vatnet fanga.

Boka har ei rekkje korte kapittel, der Basso fortel historia med eit stramt og godt språk. Ho sløsar ikkje med orda, men får likevel sagt mykje med dei ho bruker. Eg likar uttrykk som "tynne smell" og "tung lukt".

Guffen tilrår.

Atle Berge: Muntergang (2010)

Det går ikkje heilt bra med Pål Stordalen, hovudpersonen i denne boka. Han vert saman med Katrine, og utover i det forholdet raknar det meste for han. Han misser jobben, kroppen forfell, han vert kasta ut frå hybelen sin, og han får ikkje lenger følgja med på fjernsynsserien "Lost". Det ser ut til å retta seg litt mot slutten, men gjennom boka er han altså på veg mot undergangen. Eg tippar tittelen er meint som eit ordspel på dette, altså at han smiler på veg mot undergangen, for Stordalen tek det meste med godt humør.

Boka er ikkje spesielt munter. Ho er skriven i eit lett og greitt språk, men her er langt mellom det som kan reknast som morosamt. Med ein slik tittel venta eg meg litt å le av, men det kom aldri, eg trur ikkje ein gong eg smilte - det kom aldri lenger enn at eg somme stader tenkte at akkurat dette er bra. For her er både setningar og avsnitt som er gode, og sjølv om Berge legg inn nokre kapittel med ein annan skrivestil enn den som dominerer i boka, gjer han ikkje desse variasjonane til eit så stort poeng at det irriterer.

Guffen er lunken.

Meir Berge på kulturguffebloggen

30. mars 2011

Trygve Mathiesen: Sid's Norwegian Romance: Sex Pistols Exiled to Trondheim (2011)

I engelske musikkmagasin som Q og Mojo kjem det rett som det er artiklar som utelukkande er bygd opp rundt sitat frå dei som var til stades ved ei spesiell hending. Det kan vera ei plateinnspeling, det kan vera ein konsert, det kan vera ein heil konsertturné, osb.

Trygve Mathisen brukte dette grepet med hell i boka Banned in the UK, som handlar om ein konsert Sex Pistols heldt i Oslo sommaren 1977. Dagen etter spelte dei i Trondheim, og Mathisen fortel ein liknande historie her. Boka var ikkje planlagt, skriv Mathisen, og det verkar som om han la meir arbeid i Oslo-boka. Her er det mange repetisjonar, og det heile vert drege ut meir enn historia har godt av.

Det som gjer denne boka ulik er at ho i stor grad er bygd opp rundt forteljinga til Teddie, ei seksten år gamal jente som fungerer som tolk, og som får eit godt forhold til bassisten Sid Vicious dei to dagane bandet er i Trondheim. Dette gjev boka ei eiga vinkling, men likevel - er det interessant nok til å bera ei heil bok? For meg vert det for mange detaljar, det er ikkje veldig spanande å lesa om at Teddie saman med eit par av bandmedlemmane et pizza og soft-is.

Med litt strammare redigering kunne boka altså vore betre. Boka har ei rekkje bilete, og her er det mange blinkskot. Mange av desse er uskarpe, eller burde hatt eit anna utsnitt, men det gjer eigentleg ingenting. Bileta viser korleis det såg ut då punken kom til Noreg - heller ikkje i Trondheim var det mange i publikum som såg ut som punkarar.

Guffen tilrår.

Meir Mathiesen på kulturguffebloggen
Banned in the UK (2010)
Norsk postpunk 1980-1985. Fra hardcore til a-ha. (2011)

Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
Glen Matlock: I was a Teenage Sex Pistol (1990)
Jon Savage: England's Dreaming (1991)
John Lydon: Rotten (1993)
The Filth and the Fury (film, 2000)
David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)
Jon Savage: The England's Dreaming Tapes (2010)
John Lydon: Anger Is an Energy (2014)
Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)
Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)
Mal-One & The Punk Collective: Worlds End (2020)
Pistol (2022)
Glen Matlock: Triggers (2023)

Mad Men, sesong 4 (2010)

Etter fire sesongar er dette framleis ein aldeles glimrande fjernsynsserie. Det aller meste er akkurat slik det skal vera - manus, dialogar, skodespelarar, tidsbileta, osb. Det er nesten trist at me må venta så lenge på neste sesong.

Opninga på kvar episode er finfin. Ein dresskledd mann kjem inn på eit kontor, og set frå seg kofferten sin. Deretter går alt til pisis - bilete dett ned frå veggane, møblane dett frå kvarandre, og deretter dett han. Det er langt ned, på vegen passerer han bilete av lettkledde damer, annonser som viser fram det gode amerikanske draumelivet, forbi glas med alkohol, forbi familiebilete. Han dett gjennom Amerika, og det er like mykje Amerika som dett. Handlinga er lagt til 60-åra, eit tiår då det amerikanske storsamfunnet møtte intern motstand frå ulike grupper som kjempa for rettane sine, og ekstern motstand frå andre land.

Den fallande mannen kan godt vera Don Draper. Han var hovudpersonen i dei tre fyrste sesongane, og no vert han endå meir sentral. Han er den amerikanske draumen, han er velståande, attraktiv, høfleg, klok, veltalande, flott og stram. Han vert spelt av Jon Hamm, som ofte minner om ein yngre Robert DeNiro. Draper har arbeidd seg opp frå ingenting, og har no ein suveren posisjon i reklameverda.

Ved inngangen til denne sesongen er mykje endra. Draper er nyskilt, og saman med Sterling, Cooper og Pryce har han laga eit nytt firma. Dette firmaet er svært avhengig av han, det er han som er den viktigaste magneten for nye kundar. Firmaet har likevel mange nedturar, og dette slit på Draper, som vert meir og meir oppfarande, han drikk (endå) meir, og han vert ein endå større rundbrennar. Han roterer mellom fleire kvinner, og at ei av dei liknar på eks-kona hans er ikkje spesielt overraskande. Det er heller ikkje spesielt uventa at ein gong dei to er ute til middag, møter dei eks-kona og den nye mannen hennar.

Draper reflekterer òg ofte over kven han er, og kva han gjer med tida si. Må han verkeleg jobba så mykje? Må han sjå så lite til borna sine? Kan han nokon gong stå fram som den han verkeleg er, og ikkje som Don Draper (som altså ikkje er det eigentlege namnet hans)?I fleire av episodane er der lange, rolege scener der han sit på kontoret sitt om kvelden, der han kikar ut vindauga med eit glas alkohol i handa. Dette er fantastisk fine scener.

Det går altså opp og ned med firmaet. Dei har få kundar, og då den største kunden deira finn seg eit anna reklamebyrå, luktar det oppseiingar lang veg. Måten Draper prøver å løysa dette på, utan å rådføra seg med dei andre eigarane, er strålande.

Så det er altså framleis ein aldeles glimrande fjernsynsserie. Eg er nesten overraska over at eg er så begeistra for ein serie som hentar handlinga frå eit reklamebyrå, men eg er hekta og vel så det. Eg vil ha meir, og eg vil gjerne ha det fort, men eg veit at eg må venta ei stund. Innspelinga av den femte episoden har ikkje teke til enno, det er visst noko usemje om pengar og alt det der. Eg ser difor ikkje vekk frå at eg hentar fram att den fyrste sesongen, og tek ein ny runde medan eg ventar.

Guffen tilrår.

Meir Mad Men på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2007)
Sesong 2 (2008)
Sesong 3 (2009)
Sesong 5 (2012)
Sesong 6 (2013)
Sesong 7 (2014-15)

29. mars 2011

True Grit (2010)

Omsider fekk eg sett denne. Som alltid venta eg at Coen-brørne ville imponera meg, og det eg hadde lese om filmen før var lovande. Mykje av det stemde. Fleire av skodespelarane held høgt nivå, og bileta er tidvis glimrande.

Likevel vart ikkje dette den heilt store opplevinga, i alle fall ikkje målt opp mot andre Coen-filmar. For ein gongs skuld er ikkje sjølve historia god nok. Her er nokre overraskande vriar, men ikkje spesielt mange, og det heile vert for tradisjonelt. Det kan ikkje ein god dialog, godt skodespel og flotte bilete retta opp. Eg trur dette er andre gongen Coen-brørne har laga ein ny versjon av ein gamal film. Den fyrste gongen dei gjorde det, med filmen The Ladykillers, var resultatet langt skralare enn her.

Ein mann vert drepen, og den fjorten år gamle dotter hans hyrar inn ein alkoholisert marshall for å ta mordaren. Dei rir etter mordaren, saman med ein Texas ranger. Dei tek han (sjølvsagt) til slutt, etter å ha teke livet av nokre andre bandittar på vegen. Hailee Steinfeld spelar den unge jenta glimrande, medan Jeff Bridges er jamt over bra som marshallen.

Handlinga er lagt til eit finfint landskap, og det er ikkje uventa at det i ein Coen-film er ei rekkje flotte naturbilete, spesielt mot slutten av filmen er der mange blinkskot. True Grit er ein skuffande Coen-film, men det er likevel ein betre film enn mykje anna. Det er òg gjerne slik med filmane deira at dei vert betre for kvar gong dei ser dei.

Guffen tilrår.

Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
Barton Fink (1991)
The Hudsucker Proxy (1994)
Fargo (1997)
The Big Lebowski (1998)
O Brother, Where Art Thou? (2000)

The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
A Serious Man (2009)

Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)
Hail, Caesar! (2016)
The Ballad of Buster Scruggs (2018)

27. mars 2011

Aasmund Olavsson Vinje: Ferdaminne frå sumaren 1860 (1861)

Noko av det mest imponerande med denne boka er at ho kom så tidleg. Den fyrste grammatikken til Aasen kom i 1848, i 1850 kom den fyrste ordboka, og den fyrste boka på landsmål kom i 1853. Ferdaminne kom i 1861, og Vinje skriv så glimrande landsmål at det er vanskeleg å tru at språket var så ungt.

For det er ein fryd å vera på ferd med Vinje. Han fer frå Christiania til Trondheim, for å vera med på kruninga av ein ny konge i Nidarosdomen. Han skriv ikkje så nøye kvar han fer, og er heller ikkje så oppteken av at det han skriv om kan knytast direkte til folk eller stader han er innom. Han kan ta store omvegar, både i tid og rom, og dei han snakkar med kan gjerne vera personar frå fortida.

Vinje er kunnskapsrik, og dreg støtt linene attende til eldre norsk historie. Han vekslar mellom ulike sjangrar, i teksten er det til dømes fletta inn ei rekkje dikt. Kapitlet om "Stortingsmannen på Møre" er ein samtale mellom Vinje og ein lokal kar; dette kan godt vera av di Ola-boka, boka som gjorde denne stortingsmannen, altså John Neergaard, kjend, òg hadde samtaleform. Men språket og skrivestilen er altså det som fengar mest. Eg humra fleire gonger under lesinga, og det er noko godt og leikande over det heile. "Ein tredje ny rett som på sin måte var likså god, fann eg også i Sverike, og det var eit slag sildesalat som var blanda i hop av småhakka sild, rørd saman med rjome og eggeplome, og alt steikt som ei tjukk eggekake. Eg kan ikkje gjeva opp kor mykje det i denne blandinga skulle vera av kvart slag til jamning, så kvar må prøva seg fram sjølv, om han skulle taka til ettertanke denne rettleiinga mi i matvitskap."

Kjartan Fløgstad har skrive ei fin innleiing, og denne utgåva har ei rekkje merknader av Olav Midttun og nokre av Jon Severud. Alt er så bra at det heller får vera at forlaget har funne det for godt å ha eit bilete av Glittertind - ein fjelltopp som ikkje er nemnd i boka - på framsida.

Guffen tilrår.

Meir Vinje på kulturguffebloggen
Vetle Vislie: Aasmund Vinje (1906)
Idar Handagard: Aasmund Vinje i Staalediktet (1909)
Lyriske dikt (1910)
Olav Midttun: A. O. Vinje (1960)
Langslet og Rydne: Villmann, vismann og veiviser (1993)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Toril Moi leser A.O. Vinje (2016)
Ottar Grepstad: Vinje-bibliografien (2017)

23. mars 2011

A Streetcar Named Desire (1951)

Filmen opnar med at Blanche DuBois kjem til New Orleans for å vitja systera, Stella, og mannen hennar, Stanley Kowalski. Ho slår seg ned i husværet deira, og vert der i fleire månader. Ho er ikkje heilt i balanse når ho kjem, og det er heller ikkje eit altfor harmonisk hus. Her er mykje alkohol, her er mykje roping og skriking, og her er litt vald.

Utover i filmen vert det berre verre. Blanche og Stanley finn absolutt ikkje tonen, og Stella vert dregen mellom dei to. Blanche vert òg meir og meir ubalansert, og filmen sluttar med at ho vert henta av ein dokter.

Ho diktar fritt når ho snakkar med folk. I nokre samtalar har ho hatt mange forhold, andre gonger har ho vore gift, og ho kan òg hevda at ho har gamaldagse verdiar, og at ho er så godt som urørt. Både Stanley og kameraten hans, Mitch, har sjekka i fortida hennar og meiner at ho meir eller mindre vart kasta ut frå heimbyen sin i Mississippi, sjølv meiner ho at det ikkje stemmer. Det er altså uklart kva som finst i fortida hennar, og det er heller ikkje det viktigaste. Ho er lettare forstyrra, og dreg med seg desse forstyrringane inn i liva til dei andre.

Skodespelet er aldeles glimrande. Marlon Brando spelar Stanley, medan Vivian Leigh spelar Blanche, og samspelet mellom desse to er suverent. Brando skal vera både hard og mjuk; medan Leigh skal verta gradvis meir forstyrra, og slik framstår dei òg. Skodespelet er sjølvsagt prega av at filmen vart spelt inn for seksti år sidan, det er av og til tendensar til overspeling, men det gjer altså ingenting. Her er mange nærbilete, gjerne når nokon av karakterane ropar. Og det gjer dei ofte - det er ein film med temperament.

Guffen tilrår.