30. juni 2011

Erling Lægreid: Bak maska (1994)

Eg var innom ein bruktbutikk på Voss, der det aular av billege bøker, og der dei bak disken aldri greier å rekna saman rett pris. Denne boka fekk eg omtrent gratis, og det var ein høveleg pris.

Erling Lægreid har lenge vore tilsett i NRK, der han ved ulike høve har kome med kommentarar om alt mogleg. Nokre av desse er samla i denne boka. Her er ein total mangel på informasjon, ingen av dei er daterte, og av og til kunne det vore greitt å vita om me snakkar om nitti- eller åttitalet.

Lægreid kan vera god på radio. Å lesa desse tekstane er noko heilt anna. Dei munnlege verkemidla han bruker på radio forsvinn sjølvsagt her, og det kan vera grunnen til at dette ikkje er morosamt i det heile. Radio er best på radio. Det er meininga at det skal vera litt å le av her, i alle fall viss ein skal tru teksten på baksida, men for meg tok det lang tid. Det var ikkje før på side 70 at eg drog litt på smilen, der skriv han at "Thorvald [Stoltenberg] har vore den perfekte utanriksminister; for han snakkar betre engelsk enn norsk". Då var eg nesten halvferdig med boka, og stort meir er det ikkje å le av. Det er meir Are Kalvø enn Agnes Ravatn, med andreord.

Han er jamt over samfunnskritisk, det anar meg at han nærmast er samfunnskritisk av prinsipp. Av og til dukkar det opp gode poeng eller gode formuleringar, men det er eit stykke mellom dei. Og når ein les heile boka på ein gong ser ein at Lægreid har nokre favorittuttrykk han bruker ofte. Når han opnar setningar med "som kjent ...", og det gjer han ofte, er det eit signal om at han i resten av setninga skriv om noko ingen veit frå før.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Lægreid på kulturguffebloggen:
Nærgåande skisser (2011)
Fleire nærgåande skisser (2012)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar