16. oktober 2011

Anthony Summers & Robbyn Swan: Sinatra. The Life (2005)

For nokre veker sidan las eg ei bok skriven av Barbara Sinatra, den fjerde og siste kona til Frank Sinatra. Det var ikkje rare greiene, det heile vart altfor positivt. Eg kjøpte denne, for å få eit meir nyansert bilete av kven Sinatra var. Det jamna seg ganske bra ut, her er det heller slik at eg opplevde det som altfor negativt.

Boka er velskriven, godt dokumentert og alt det der. Forfattarane skriv fleire stader at dei har gravd fram mykje nytt stoff, mellom anna frå familiesoga hans, og dei har gjort ei rekkje intervju med personar som stod Sinatra nær. For meg vart det likevel heller uinteressant, og grunnen er at forfattarane legg for mykje vekt på mindre viktige ting. For dei er det tre ting som verkeleg har interesse - damer, drikking og mafia. Det Sinatra eigentleg er kjend for, fyrst og fremst musikken, men òg skodespelet, kjem dei berre så vidt innom. Kanskje dei meiner at andre har skrive om dette, slik at dei kan konsentrera seg om å henta fram meir sensasjonelle ting, men når dei skriv at dei er dei fyrste som skriv ein komplett biografi om Sinatra, burde det fått meir plass.

Sinatra drakk mykje, og hadde eit sterkt skiftande temperament. Han var dominerande, og var uoffisiell leiar i dei fleste samkomene han var med i. Han hadde kontakt med mafiaen. Han kravde total lojalitet frå dei rundt seg, men hadde ingen porblem med å feia over alle damer han såg, også dei gongene han var gift. Det har likevel avgrensa interesse å lesa om endå ei dame han var saman med, og å høyra at ho a) var imponert over termosen hans, og b) var lite imponert over teknikken hans.

Frode Grytten sa ein gong at biografiar er Se og Hør for intellektuelle. Sjølv er eg meir intelluell enn intellektuell, men eg trur likevel det var bøker som denne han tenkte på.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Sinatra på kulturguffebloggen
Barbara Sinatra: Lady Blue Eyes. My Life with Frank Sinatra (2011)
Sinatra. All or Nothing at All (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar