Eg var i Grand Canyon for litt over tjue år sidan, og overnatta nede ved elva. Ein gong skal eg tilbake. Det er ein fantastisk plass, fargane og lyset og variasjonen var imponerande nok, men det som gjorde mest inntrykk var kort stort det var, altså kor langt det var over til andre sida. Eg kom sørfrå, og husgar godt korleis det var dei siste metrane framover mot kanten. Det var tydeleg at det snart dukka opp eit stort hol, men det var uråd å vera budd på kor stort det faktisk var.
Denne boka gav meg litt den same kjensla. Saman med ni menn reiste John Wesley Powell nedover Green River og vidare nedover Colorado i 1869. Det tok 98 dagar, og skildringa av denne turen er det mest interessante i boka. Boka har tre delar, og denne reiseskildringa er midtdelen. Den fyrste delen er seig, der skriv Powell detaljert om landskapet i det sørvestlege USA, og som lesar sit eg berre og ventar på at turen nedover elva skal ta til. Den tredje delen handlar om då Powell to år seinare var attende i området rundt Crand Canyon.
Boka er meir interessant enn velskriven. Powell har ein heller nøktern skrivestil. Han hevar ikkje stemma der det skjer noko dramatisk, alle hendingar vert skildra på same måten. Dette var fyrste gongen nokon padla nedover elva, og med bratte canyonveggar på begge sider av elva var det ikkje alltid råd å koma seg ut, dersom noko skulle skje med båtane, eller dei kom til ein foss dei ikkje kunne passera. Ein av dei andre trekte seg ut relativt tidleg, tre av dei andre valde å gå vidare til fots då dei møtte nokre store stryk mot slutten av reisa. Dei seks resterande kom seg uventa lett ned stryka; dei tre som heldt fram til fots vart drepne av indianarar nokre dagar seinare.
Powell likte å nytta pausane til å kliva oppover dalsidene, der det let seg gjera. Dei turane var heller ikkje utan dramatikk, ved minst to høve gjekk han seg fast. Den eine gongen vart han redda av at turkameraten tok av seg dei lange underbuksene sine, og heldt dei slik at Powell kunne ta tak i dei og klatra vidare. Det kan ikkje ha vore lett - Powell hadde mist den eine armen i den amerikanske borgarkrigen.
Så der er litt dramatikk og gode episodar, men det verkar ikkje slik når Powell fortel det. Berre ein sjeldan gong kjem det livlege passasjar, oftast når han skildrar naturen. Det vert altså litt tungt å lesa dette, og det er synd, for det er ein legendarisk båttur, som hadde fortent ein lang betre presentasjon. Boka har ei rekkje samtidige illustrasjonar. Desse gjer nok naturen, slik det ofte var i naturbøker frå den tida, meir dramatisk enn han er, men bileta er gode, og sjølv når ein trekkjer frå litt ser ein at det er eit fantastisk område.
Guffen er lunken.
Meir Grand Canyon på kulturguffebloggen:
Ghiglieri og Myers. Over the Edge. Death in Grand Canyon (2001)
20. juli 2011
John Wesley Powell: The Exploration of the Colorado River and Its Canyons (1895)
Etikettar:
litteratur,
USA
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar