Då denne boka kom ut for litt sidan kom det unison ros frå avisene som melde ho. Det er gledeleg å sjå at den rosen er vel fortent.
Johannes Gjerdåker har omsett dikt frå fleire språk. Best kjend er omsetjingane av Burns (frå engelsk) og Horats (frå gresk). Han budde nokre månader på Island for seksti år sidan, og interessa for islandsk kultur og språk har halde seg ved like. I eit etterord fortel Bergsveinn Birgisson om då han vitja Gjerdåker på Voss, og der Gjerdåker tok til orde for å ta opp den nære kontakten mellom Island og Noreg.
Dikta i denne boka er dikta i verseforma ferskeytla, ei gamal islandsk verseform. Det er eit stort spenn i innhald, og det kan godt hanga saman med at dikta er skrivne av ei rekkje diktarar. Dikta er grupperte etter tema, og det er, slik Birgisson peikar på, litt risikabelt å gjera det på den måten: Det kan føra til at lesaren automatisk les diktet som om det handlar om temaet det er gruppert under, medan det godt kan handla om noko heilt anna.
Det er stort sett fabelaktige dikt. Innanfor dei strenge ferskeytla-rammene får diktarane sagt mykje, både om små og store ting. Attdiktinga til Gjerdåker er imponerande, der han verkeleg gjer seg nytte av det rike ordforrådet sitt. Ei fin, fin bok.
Guffen tilrår.
Meir Gjerdåker på kulturguffebloggen
Henrik Krohn: Ei liti ferd fraa Sogndal til Fjerland (1868)
Vidare enn Voss. Johannes Gjerdåker 75 år (Voss, 15.9.11)
Johannes Gjerdåker-kveld (Voss, 24.1.14)
Viser innlegg med etiketten Gjerdåker. Vis alle innlegg

12. oktober 2017
19. mars 2016
Henrik Krohn: Ei liti ferd fraa Sogndal til Fjerland (1868)
Av tidlege nynorske reiseskildringar er det ingen som kan måla seg med Ferdaminne, som Aasmund Olavsson Vinje gav ut i 1861. Der Vinje gjekk frå Kristiania til Trondheim i 1860, går Henrik Krohn ein kortare tur om lag ti år etterpå. Han eigde ein stor fruktgard i Sogndal, og saman med ein anonym musikarven går han frå Sogndal til Veitastrond og over breen (der han er samlast, vel) til Fjærland. Planen er å gå heile vegen attende til Sogndal, men dei tek i staden båt frå Fjærland. Dei har med seg lokalkjende store delar av turen.
Det er ein tur utan den store dramatikken, det mest dramatiske er då musikaren held på å gli ut på veg ned ein bratt bre. Sikring driv dei ikkje med. Det er heller ikkje dramatikken som gjer denne boka lesverdig. Krohn var ein av dei tidlege målmennene i Bergen, og skriv godt. Han er full av respekt for bygdefolket, og klagar ofte over at byfolk ikkje greier å sjå kor høgt bygdefolk bør setjast. Krohn skildrar òg naturen rundt seg godt, og det er stas å sjå kor godt han får fram gleda ved å vera i naturen. Det dreg litt ned at det mot slutten kjem eit langt dikt om Geirstad-Trond, ein lokal helt, men det får me heller leva med.
Boka har eit føreord av Johannes Gjerdåker, der han gjev eit greitt oversyn over livet og arbeidet til Krohn.
Guffen tilrår.
Meir Gjerdåker på kulturguffebloggen
Vidare enn Voss. Johannes Gjerdåker 75 år (Voss, 15.9.11)
Johannes Gjerdåker-kveld (Voss, 24.1.14)
Det er ein tur utan den store dramatikken, det mest dramatiske er då musikaren held på å gli ut på veg ned ein bratt bre. Sikring driv dei ikkje med. Det er heller ikkje dramatikken som gjer denne boka lesverdig. Krohn var ein av dei tidlege målmennene i Bergen, og skriv godt. Han er full av respekt for bygdefolket, og klagar ofte over at byfolk ikkje greier å sjå kor høgt bygdefolk bør setjast. Krohn skildrar òg naturen rundt seg godt, og det er stas å sjå kor godt han får fram gleda ved å vera i naturen. Det dreg litt ned at det mot slutten kjem eit langt dikt om Geirstad-Trond, ein lokal helt, men det får me heller leva med.
Boka har eit føreord av Johannes Gjerdåker, der han gjev eit greitt oversyn over livet og arbeidet til Krohn.
Guffen tilrår.
Meir Gjerdåker på kulturguffebloggen
Vidare enn Voss. Johannes Gjerdåker 75 år (Voss, 15.9.11)
Johannes Gjerdåker-kveld (Voss, 24.1.14)
Etikettar:
fjell i syningom,
Gjerdåker,
litteratur,
Noreg
25. januar 2014
Johannes Gjerdåker-kveld (Voss kino, 24.1.14)
For to år sidan skipa Lesehug til ein Johannes Gjerdåker-kveld i kulturhuset, for å markera 75-årsdagen hans. No var dei igjen involverte, men initiativet koma frå anna hald. Bergsveinn Birgisson opna kvelden med å fortelja om originalplanen: Ein del bergensforfattarar ville reisa til Voss, kidnappa Gjerdåker med seg til ein pub, der dei etter tur skulle lesa dikt for han.
Det vart i staden ein kveld for mange fleire. Det var mykje å gle seg over frå scena, men eg festa meg med det Birgisson sa i introduksjonen sin. Gjerdåker er ein suveren attdiktar, og andre forfattarar set han svært høgt. På eit festspelprogram i Aasen-tunet i 2005 (omtrent), der temaet var diktomsetjing, las han ei av sine eigne omsetjingar, til enorm applaus. Sunnmørsposten kalla det høgdepunktet den kvelden, og Jan Landro snakka om korleis det går ein litterær skatt rundt på Voss, utan at spesielt mange er klar over det.
Ein stad mellom 150 og 200 personar fekk med seg eit variert program. Fem forfattarar las Gjerdåker-omsetjingar og eigne dikt, og begge dei to øktene vart avslutta med musikarar som song originale eller omsette Gjerdåker-tekstar. Høgdepunkta for meg var Marit Eikemo, som vel var den som las Gjerdåker best, og som òg las ein god eigen tekst, frå Samtidsruinar. Og det var Tomas Espedal, som mellom anna las frå Bergeners. Og det var Tormod Haugland, som las eit (eller fleire) dikt om straum, med ein nesten overdriven rytme. Og det var Tam Glenn, ein duo som på glimrande vis framførte nokre av Burns-omsetjingane til Gjerdåker. Og det var då Gjerdåker sjølv kom opp for å lesa eit kort, nyomsett dikt.
Ho ved sida mi meinte at dei aller fleste i publikum var venene til Gjerdåker. Det galdt nok mange av dei, men langt frå alle: Eg trur der òg var mange vener av dikta og diktinga hans.
Guffen tilrår.
Meir Gjerdåker på kulturguffebloggen
Henrik Krohn: Ei liti ferd fraa Sogndal til Fjerland (1868)
Vidare enn Voss. Johannes Gjerdåker 75 år (Voss, 15.9.11)
Glimesteinar frå islandsk visetradisjon (2017)
Meir Lesehug på kulturguffebloggen:
Kven skal læra han Ivar å lesa? (Voss kulturhus, 10.12.11)

17. september 2011
Vidare enn Voss. Johannes Gjerdåker 75 år (Voss, 15.9.11)
Eit halvt år på etterskot vart 75-åringen Johannes Gjerdåker heidra. Ei rekkje personar var med denne kvelden, som både viste at Gjerdåker har gjort mykje i livet, og at han har gjort mykje bra. Det er ein del av sjangeren at jubilantar får mykje heider på arrangement som dette, men i dette høvet var det meste på sin plass. Det var òg gledeleg at det var svært få av dei som hadde ordet som greip til lause og tomme klisjear, dei fleste fekk på godt vis fram kva dei meinte om Gjerdåker.
Her var innslag frå fleire land, som fekk fram at sjølv om Gjerdåker har arbeidd mykje med lokalhistorie, er han absolutt open for det som rører seg i andre kulturar. Iranske Javid Afsari Rad imponerte stort på sutar - det var det einaste musikalske innslaget der eg tenkte at dette kunne eg høyrd i timevis. Det er ikkje det same som at resten av musikarane var dårlege, men han var i særklasse den mest originale. Dei andre framførte (utan unntak, trur eg) attdiktingar av Robert Burns. Det er vel og bra, men Gjerdåker har omsett langt fleire diktarar enn Burns. Det vart sagt av fleire, eg kunne gjerne høyrt fleire av dei dikta òg, anten med eller utan musikk til.
Eg sit saman med Gjerdåker i redaksjonen for Gamalt frå Voss. Tredjemann i redaksjonen bar fram ei helsing, men tidlegare same dagen funderte eg på kva eg ville ha sagt, viss det var eg som skulle helsa. Eg samla meg om eit sitat av Tarjei Vesaas, som eg opna hovudoppgåva mi ein gong på 1900-talet, det om at det ein seier gjerne vert liggjande på golvet som eit par skeive sko, medan det ein ville sagt kjendest som flygande fuglar (sitert etter minnet). Kristin Fridtun, språkspaltist i Dag og Tid, heldt eit fint innlegg der ho mellom anna snakka om korleis ho kjende Gjerdåker, og ho ordla seg på ein slik måte at eg tenkte at her hadde det passa med Vesaas-sitatet. Eg vart både overraska og imponert då ho faktisk drog fram akkurat det sitatet. Spooky.
Både Fridtun og islandske Bergsveinn Birgisson nemnde at telefonsamtalar med Gjerdåker har lett for å verta lange, og det vart òg nemnt at det er uvanleg at ein 75 år gamal mann heile tida vil læra noko nytt. Eg kjenner meg igjen i begge delar, og det er jo ein samanheng der: Ein mann som heile tida vil ha svar på fleire spørsmål har ofte lange telefonsamtalar.
Det var ein fin kveld, arrangert av Lesehug og Voss bibliotek. Det var òg stas at så mange møtte opp for å heidra Gjerdåker. Utan han var me mange som var fattigare.
Guffen tilrår.
Meir Gjerdåker på kulturguffebloggen
Henrik Krohn: Ei liti ferd fraa Sogndal til Fjerland (1868)
Johannes Gjerdåker-kveld (Voss, 24.1.14)
Meir Lesehug på kulturguffebloggen

Abonner på:
Innlegg (Atom)