29. november 2012

Tony Fletcher: A Light That Never Goes Out (2012)

Historia om The Smiths er fascinerande. Dei to mest interessante i bandet, gitaristen Johnny Marr og vokalisten Morrissey, snakka fyrste gong med kvarandre då Marr ringde på hjå Morrissey, og spurde om dei skulle skriva popsongar i lag. Dette var i mai 1982. Eitt år seinare, etter at dei hadde rekruttert trommeslagaren Mike Joyce og bassisten Andy Rourke, gav dei ut debutsingelen "Hand In Glove", og deretter gjekk det slag i slag. Singlane kom i eit uvanleg høgt tempo, det same gjorde LP-ane, turneane og intervjua, og etter fem år utan pause sa Marr takk for seg sommaren 1987.

Då hadde gruppa sett store spor etter seg, både musikalsk og kulturelt. Marr var den store instrumentalisten i bandet, ein ekstremt dyktig gitarist, og alt medan The Smiths var aktive spratt det fram band med gitaristar som var i overkant inspirerte av Marr. Morrissey skreiv dei fyrste åra tekstar om å vera ung, usikker og upopulær, men vart gradvis ein sterkare samfunnskritikar, der han song om kongehuset, kosthald og konservative politikar. Eg var sjølv ein av dei mange som vart hekta; eg reiste til England for å sjå dei live (i 1986), og er framleis vegetarianar - teksten "Meat Is Murder" var ein av grunnane til at eg la om.

Noko av det som fenga mest med Marr og Morrissey var motsetnadene. Morrissey var innadvendt, dagmenneske, tilnærma fråhaldsmann, og treivst best i eige selskap. Marr var det stikk motsette. Det var han som dreiv bandet fram, som greidde å trylla fram fengande melodiar innimellom alt det andre. Det var han som var den musikalsk visjonære, og det var òg han som fekk det meste av ansvaret. Bandet var lenge utan manager, og då var det gjerne Marr som måtte ta avgjerdene. Morrissey hadde klare meiningar om kva han ville vera med på, og kven han ville samarbeida med, men trass i dei mange kompromisslause tekstane var han ein pudding når det galdt å vanskelege samtalar. Det var alltid andre som måtte stå for sparkinga når nokon måtte ut; den einaste gongen han gjorde det sjølv var då Rourke vart mellombels sparka ut av bandet, etter å ha brukt litt for mykje heroin: Då la Morrissey ein lapp under vindusviskaren på bilen til Rourke, med teksten "Andy - you have left The Smiths. Goodbye and Good Luck. Morrissey".

Morrissey hadde òg for vane å drita i å møta opp til avtalar, dersom han undervegs hadde funne ut at dette var noko han ikkje ville. Våren 1987 skulle dei spela inn ein video, og då Morrissey ikkje møtte opp der, men i staden lot band, kameramenn, teknikarar og andre venta til inga nytte, fekk Marr nok.

Tony Fletcher fortel denne historia godt, når han omsider kjem i gang. Han bruker alt, alt for lang tid på å koma til poenget. Han skriv om historia til byen Manchester, han skriv om den irske innvandringa til byen, han skriv om oppvekst og skulegang, og sjølv om alt dette høyrer med, gjer han for mykje ut av det. Andy Rourke kom inn i bandet lenge før den fyrste singelen kom ut - det skjer på side 225.

Guffen tilrår.

Meir The Smiths på kulturguffebloggen
Simon Goddard: Mozipedia (2009)
Frode Grytten: Dronninga er død (2010)
Morrissey: Autobiography (2013)
Julie Hamill: 15 Minutes With You (2015)
Johnny Marr: Set the Boy Free (2016)
Mike Joyce: The Drums (2025)

25. november 2012

Rønnaug Kleiva: Ikkje for varmt, ikkje for kaldt (2008)

Dette er ei samling korte noveller, som alle krinsar rundt dei same emna. Me møter personar som er midt i livet, og som gjerne er i eit forhold der alt ikkje er heilt som det skal. Nokon veit at dette er forhold dei vil ut av; andre ser ut til å vera på veg mot den same konklusjonen. At dei tenkjer ein del på sex i slike situasjonar er ikkje uventa; litt meir uventa er det at det er såpass mykje snakk om død. Det er ikkje ei bok å le høgt av, men her er likevel innslag av humor, som då ei kvinne på reise til Paris trålar bokhandlar for å finna ei lærebok i sjølvmord mannen har bede ho kjøpa til han.

Den novella er på tjue sider, og er den suverent lengste av dei åtte i boka. Dei andre er på inntil ti sider, og skal så korte noveller fungera er det vesentleg at me kjem tett innpå hovudpersonane med ein gong. Det ordnar Kleiva lett, boka er skriven i eit språk utan dei store avvegane. Det er rett på sak, og me får tidleg vita det me treng i kvar novelle. Og då fungerer det godt.

Guffen tilrår.

24. november 2012

Morten A. Strøksnes: Tequiladagbøkene gjennom Sierra Madre (2012)

I slutten av 1980-åra var eg ein snartur gjennom det nordlege Mexico. Eg la det meste av bagasjen min igjen hjå Richard og Meike i Los Angeles, før eg drog sørover til Los Mochis i det vestlege Mexico, tok toget til Chihuahua inne i landet, og reiste vidare med tog til El Paso i Texas, via grensebyen Ciudad Juarez. Det heile tok tre-fire dagar, og eg hugsar det mest som nokre ekstremt varme dagar, i eit fabelaktig landskap.

Hadde eg lese denne boka då, hadde eg truleg droppa turen. Morten A. Strøksnes omtalar Ciudad Juarez som verdas farlegaste by, ein by der liv ikkje er verdt noko ting. Byen er i dag totalt dominert av narkotikakartell, og dei mange og brutale avrettingane er så hyppige at avisene ikkje skriv rett ut kva som har skjedd. Dels av di dei veit kva konsekvensane ville ha vore viss dei gjorde det, sjølvsagt.

Strøksnes reiser dels i fotspora til ein av sine store heltar, den norske oppdagaren Carl Lumholtz. På 1890-talet gjorde Lumholt seg svært godt kjend i fjellkjeda Sierra Madre, og Strøksnes refererer ofte til stader Lumholtz vitja. I så godt som alle musea han er innom finn han namnet til Lumholtz, som gav ut fleire bøker som framleis har høg status. Strøksnes skriv at jakta på ære og heider ikkje var det som dreiv Lumholtz. Han var heile tida på farten, han var rastlaus, og hadde ein sterk bortlengt. Strøksnes har det på same måten, og har fleire gonger lete Lumholtz bestemma kvar han skal reisa. Han har vore i fotspora hans i Australia, og har òg leitt i arkiv i Noreg, New York og Princeton. Men, skriv Strøksnes, viss alle rapportane om krig mellom militæret og narkotikakartella stemmer, kan det henda at bortlengten hans vert erstatta av ein sterk heimlengt.

Slik går det ikkje. Strøksnes stortrivst i Mexico. Han reiser på kryss og tvers, men det går stort sett sørover, frå grensetraktene i nord til Mexico By i sør. Han møter varme, sympatiske og ærlege familiefolk, men skriv like mykje om det usynlege og potensielt svært valdelege trugsmålet frå narkotikakartella. Ser du på feil mann på feil måte, kan du liggja tynt an. Seier du noko feil når feil mann høyrer det, ligg du tynt an. Dette gjev boka ei særeiga spenning, der Strøksnes har det veldig godt i eit land der han ikkje veit kva som ventar rundt neste sving. Slik er det for så vidt òg i nabolandet, i dei fyrste tre kapitla er han i USA, og det heile opnar med at han seint ein kveld køyrer heilt åleine gjennom den myrke ørkenen. Han ser ein livlaus person i vegbanen lengre framme, og er usikker på om han vågar å stoppa. Det kan jo vera ei felle.

Han trivst langt betre i fjella enn i storbyen, og det er ikkje berre av di byane har fleire farar. Best likar han seg når han kan gå lange turar, verkar det som, sjølv om stiane ofte er farlege. Han møter gjestfrie folk, han har kontaktar som gjer at han vert godteken når han kjem til dei små samfunna i fjellet, og han skriv godt om desse samfunna, som han i høgste grad tek på alvor.

Boka er basert på ein artikkelserie i Dag og Tid. Boka er utvida, og her skriv han òg på bokmål. Serien i Dag og Tid var glitrande, og det same er denne boka. Strøksnes er ein av skribentane eg set aller høgast, og det passa bra at same dag eg las ferdig denne boka, tok ein ny (og litt kortare) Strøksnes-serie til i Dag og Tid. Her held han seg innanlands, slik han òg gjorde i ein serie frå ei rundreise med Riksteatret. Me får tru at dette berre er eit mellomspel, og at han om ikkje altfor lenge legg ut på ein ny langtur til eit land langt borte.

Guffen tilrår.

Meir Strøksnes på kulturguffebloggen
Hellig grunn (2001)
Automobil (2005)
Rett vest (2009)
Et mord i Kongo (2010)
Havboka (2015)
Lumholtz' gjenferd (2022)
Molok (2024)


Meir Dag og Tid på kulturguffebloggen
Nils Rune Langeland: Noreg (2008)
Agnes Ravatn: Stillstand (2009)

Asbjørn Aarnes: Troll i ord (2009)
Agnes Ravatn: Folkelesnad (2011)
Erling Lægreid: Nærgåande skisser (2011)
Erling Lægreid: Fleire nærgåande skisser (2012)

Agnes Ravatn: Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Agnes Ravatn: Verda er ein skandale (2017)

18. november 2012

Arne Borg: I årene som fulgte (2011)

Endå ei bok eg fekk med meg frå boksalet i Øystese. Både boka og forfattaren var heilt ukjende for meg, og det er ofte ein god inngang til ei bok.

Boka handlar om dei (nesten) førti fyrste åra av livet til Torfinn Sars. Han veks opp i Oslo, saman med mora. Faren er kunstfotograf, og har ikkje noko kontakt med familien i det heile. Oppveksten til Torfinn er trygg og verna, han er like mykje saman med mormora som med mora. Han har to gode kameratar, som han syklar mykje rundt i Oslo med, handlar plater med, og høyrer mykje på musikk saman med.

Språket i boka verkar litt forelda, og det kjem heile tida spørsmål. Etter at me har fått høyra om syklinga og musikken kjem det sentrale spørsmålet "Var det her Torfinn Sars ville at tiden skulle ha stoppet?" For etter dette går det nedover med Sars. Etter gymnaset har han nokre kortvarige jobbar, før han vert uføretrygda, og flyttar til ei lita leilegheit i Gamlebyen. Dei to kameratane ser han mindre til, den eine slår seg ned i London, han andre vert suksessrik datagründar. Dei ser kvarandre av og til, men det vert berre stivt og rart, slik det ofte er når ein møter folk ein ikkje har sett på lenge.

Det var nok der Sars ville at tida skulle ha stoppa. Der var han trygg, der vart det ikkje stilt altfor mange og store krav til han, der var han omgitt av folk han kjende og var trygg på, der hadde han det fritt og greitt. Og der var han komen til eit punkt i livet der han var på høgd med dei andre, på dei fleste plan. Han er slettes ikkje førebudd på eit liv i vaksenverda. Han slit stort med å binda seg til andre, og er òg merkeleg uvitande om ting som skjer i samfunnet. Han har ikkje mobil, han har ikkje datamaskin, og når han brått kjem på at han vil kjøpa Springsteen-plata The River på CD, går han på leiting etter platebutikkar i Oslo, der han har budd heile livet, utan å finna ein einaste. Dei han hugsar frå 1980-åra er vekke; dei som har kome etter det er heilt ukjende for han.

Guffen tilrår.

Magical Mystery Tour (1967)

Denne filmen har lenge hatt stempel som den store The Beatles-kalkunen. Filmen vart vist ( i svart-kvitt) på BBC andre joledag 1967, og vart (nesten) unisont slakta av avisene. Det er ikkje vanskeleg å skjøna kvifor. I løpet av filmen framfører The Beatles fire-fem songar, og innimellom desse kjem det sketsjar eller innslag som ikkje heng altfor tett saman. I tillegg er fleire av desse reint surrealistiske. For mange sjåarar må overgangen frå dei tidlegare The Beatles-filmane, og frå korleis The Beatles framstod berre eit par år tidlegare, ha vore enorm.

Det er likevel vanskeleg å skjøna den massive slakten frå 1967. Filmen har mykje sjarm, her er mykje å le av, og det verkar som ein film som, til liks med mykje av det The Beatles gjorde, er før tida si. At vanlege fjernsynssjåarar ikkje såg dette er ein ting; at meldarane ikkje såg slektskapen med nye filmtrendar er meir overraskande. Den raske kryssklippinga, den leikande haldninga, all improviseringa, den surrealistiske humoren - alt dette vart jo populært og akseptert berre nokre år seinare. George Harrison skal ha sagt at Monty Python var den gruppa som best fanga ånda til The Beatles, og etter å ha sett denne filmen er det lett å sjå kva han meinte.

Filmen er bygd opp rundt ein pakketur med buss. I tillegg til The Beatles er her med tjue-tretti andre. Bussen er mest brukt for å flytta filmen rundt til nye stader, men her er mange scener frå inni bussen. Det er litt omvising frå reiseleiarane, det er litt synging og vitsing, og det er samtalar mellom ein mann og tanta hans. Ringo Starr, som er den mest overtydande skodespelaren av dei fire i The Beatles, spelar denne mannen, og dei to har fleire gode dialogar. Desse er improviserte, sjølvsagt, slik resten av filmen er det.

Den leikande haldninga er òg tydeleg i musikkinnslaga. Her er altså nokre nye songar, medan cover-versjonar av eldre songar vert brukt som bakgrunnsmusikk. Songane framstår som musikkvideoar, og den beste songen i filmen, "I Am the Walrus", har òg den beste videoen.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
John Lennon: Skywriting by Word of Mouth (1986)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
(2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)
Kenneth Womack: Living the Beatles Legend. The Untold Story of Mal Evans (2023)

16. november 2012

Dag Helleve, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)

Endå ei bok eg raska med meg frå boksalet i Øystese. Dei tre forfattarane har gjeve ut tre reisebøker saman tidlegare. Denne gongen går turen til Canada, eit land eg gjerne skulle vore i. Eg har prøvd ein gong så langt, men då vart eg stoppa på grensa. Denne boka får fint fram at Canada er eit spanande reisemål, men det er òg det mest positive ein kan seia om ho.

Det er ei bok som spriker i absolutt alle retningar. Dei har skrive ho som om dei har reist i lag heile tida, sjølv om dei òg tek med hendingar frå turar dei har reist kvar for seg. Det er tekstar om landskapet, om landet, om byar, om attraksjonar, men der er òg intervju med forfattarar frå Canada, omsette tekstar av desse forfattarane, og mot slutten av boka kjem det eit langt kapittel som nærmast er ein biografi om Helge Ingstad. Det kapitlet er eitt av dei lengste i boka; andre kan vera på berre nokre liner.

Dei ulike kapitla er ikkje signerte, det kjem altså ikkje fram kven som har skrive kva. Av dei tre forfattarane kjenner eg skrivestilen til Hovland best, og ser nok kva kapittel han har skrive. Dei er dei morosamaste i boka, men der er ikkje like mykje å le av som i andre Hovland-tekstar. Resten av kapitla i boka er uventa ordinære. Og når det i kapitlet om Ingstad to gonger vert streka under kor greitt det var å ha eit kart over Canada for handa når ein les Klondyke Bill, er det påfallande at dei ikkje har sett at det i denne boka kunne vore greitt å trykt eit kart over landet.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Helleve på kulturguffebloggen
Vegen til Molde (1986)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

Meir Kaldestad på kulturguffebloggen
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)

13. november 2012

Per Petterson: Aske i munnen, sand i skoa (1987)

Per Petterson debuterte med denne boka i 1987. Det er ei heller tynn bok, her er ti korte noveller. Hovudpersonen i alle novellene er Arvid, ein gut i seksårsalderen. Det er heller kvardagslege hendingar han opplever, det mest spesielle må vera då bestefaren døyr, og då både faren og mora kjem på låtten mot enden av seremonien. Elles er det livet med andre ungar, både jamstore og større, det er vaksne originalar, det er turar på hytta, det er skilnaden mellom faren og onkelen, det er ein del drikking.

Men mest av alt er det eit presist og glimrande språk. Petterson sløser ikkje med orda og setningane; han får plass til svært mykje på dei 125 sidene. Det er flotte skildringar av å veksa opp i tiåra etter andre verdskrigen, i ein hovudstad der det framleis er store klasseskilje.

Guffen tilrår.

Meir Petterson på kulturguffebloggen
Ekkoland (1989)
Det er greit for meg (1992)
Til Sibir (1996)
I kjølvannet (2000)
Ut og stjæle hester (2003)
Månen over Porten (2004)
Jeg forbanner tidens elv (2008)
Jeg nekter (2012)
Menn i min situasjon (2018)
Ut og stjæle hester (film, 2019)
Mitt Abruzzo (2021)
Du er hjemme nå (2025)