Dikt-eposet (eller epos-diktet?) Odysseen er, som alle veit, ein av hjørnesteinane i litteraturhistoria. Det er (truleg) nærare 3000 år gamalt, det skal vera skrive av Homer, og det finst ei lang, lang rekkje av omsetjingar. Arne Garborg sette det om til nynorsk, og dette var den fyrste norske omsetjinga. Boka kom ut i 1918.
Det har òg vore filma fleire gonger. Denne nyaste filmen er like episk som ein kan venta det - filmen varar bortimot tre timar, og her er ikkje spart på konfekten. Her er store krigsscener, her er storslegne landskap, og det er òg solid skodespel. Eg var noko usikker på om filmen var noko for meg, men eg hadde fine timar i kinosalen.
Odyssevs, som er konge i Ithaka, har vore heimefrå i tjue år. I filmen vekslar mellom det han har opplevd, og det som skjer i Ithaka. Der går mange ut frå at han er død, og kona hans har mange friarar. Han er ein son som har rett til å arva trona, men han er sett på som ein pusling.
På reisene sine opplever Odyssevs mykje. Filmen opnar med det kjende gjennombrotet i krigen om Troja, der Odyssevs og mennene hans kjem seg inn i byen ved å gøyma seg i ein trehest. Etter denne vinsten tek han ein omveg heim, og møter mellom anna sirener, monster og ei trollkone, i tillegg til at han må innom dødsriket Hades.
Det er fengande, og det er bra. Me veit jo (omtrent) kva som skal skje; me veit at Odyssevs overlever alt han er ute for og at han kjem til å koma heim for å ordna opp, men det er likevel ein høveleg spanande film.
Guffen tilrår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar