8. mars 2017

Requiem for the American Dream (2015)

Noam Chomsky er ein av amerikanarane det alltid er verdt å høyra på. Eg har lese ei eller to av bøkene hans, fleire artiklar og ei rekkje intervju, der han jamt over framstår som ein uvanleg innsiktsfull person. Han er professor i lingvistikk, men snakkar og skriv meir og meir om politikk.

Chomsky er fødd i 1928, og var altså 87 år gamal då denne filmen var ferdig. Han framstår som ein klok bestefar, der han teiknar og fortel kva som har gått gale med det amerikanske samfunnet. Utgangspunktet hans er at den amerikanske draumen er død - det er ikkje lenger råd å klatra frå botn til topp. Han meiner situasjonen minner om 1930-åra, med den eine skilnaden at dei som levde då hadde eit håp om at ting skulle endra seg til det betre.

Problemet er, i følgje Chomsky, at det er altfor sterke koplingar mellom velstand og makt. Dei rike vil ikkje dela rikdomen sin, og gjennom filmen er han innom ti prinsipp for korleis dei rike bruker og påverkar makta. Eit poeng han kjem tilbake til fleire gonger er at folk vert meir opptekne av sitt eige. Det finst ikkje nokon altomfattande solidaritet meir. Chomsky meiner at 15. april, som er den dagen amerikanarane leverer sjølvmeldinga, burde vera ein festdag. I staden er det ein dag alle er triste.

Det er altså ikkje noko lystig film. Han sluttar med å seia at held utviklinga fram, vert resultatet an extremely ugly society. Men det er likevel ein finfin film, der Chomsky på ein overtydande måte får fram poenga sine.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar