21. mars 2017

David Brent. Life on the Road (2016)

The Office er ein av dei aller, aller beste komiseriane som er laga. Den viktigaste grunnen til det er sjefen på kontoret, David Brent, ein person det er komplett uråd å lika. I (minst) ein av episodane snakkar han om då han prøvde seg som popstjerne, og det er den sida av David Brent me møter i denne filmen.

Han arbeider på eit kontor no òg, men har ikkje lenger ei leiande stilling. Så godt som ingen på kontoret likar han, så godt som ingen på kontoret bryr seg om han. Han tek fri nokre veker for å reisa på turné med bandet sitt, som han kallar det, og drøymer om eit liv i velstand. Slik går det sjølvsagt ikkje. Turneen er ingen eigentleg turné, dei reiser berre rundt i sitt eige nabolag, men bur likevel på hotell. Dei andre musikarane unngår Brent, og konsertane går jamt over til pises.

Brent er som før. Han har altfor høge tankar om seg sjølv, han skriv altfor dårlege tekstar, han er altfor teit på scena, og det er her det meste av humoren i filmen ligg. Kor pinlege situasjonar kan ein skapa før ein går for langt? Filmen er, som The Office, ein mockumentary, og i eit intervju seier ein i bandet at dette er det pinlegaste dei har vore med på. Omtrent slik er resten av filmen, det er scener som er så flaue at også me som ser på vert pinleg berørte.

Så mykje av dette er glimrande. Det filmen kunne hatt behov for, var fleire gode birollar. I The Office var det fleire slike, her er det eigentleg ingen. Men alt i alt var dette eit godt gjensyn med Brent.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
The Office, sesong 1 (2001)
The Office, sesong 2 (2002)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar