26. mars 2017

Stories We Tell (2012)

Eg har sett nokre episodar av NRK-serien Hvem tror du at du er? I den serien går meir eller mindre kjende kjendisar på oppdagingsferd i si eiga slektshistorie. Av og til vart det godt fjernsyn av det, andre gonger var oppdaginga for små.

Denne filmen siglar i eit liknande farvatn, men er langt, langt betre. Den canadiske skodespelaren og filmregissøren Sarah Polley intervjuar sin eigen familie, for å verta betre kjend med mor si. Mora døydde då Sarah Polley var elleve år. Det ho finn ut er ikkje alltid like behageleg, men måten det vert fortalt på er glimrande. Ho plukkar vekk lag for lag. Historia er relativt harmonisk fram til mora døyr - det vert fortalt at foreldra hadde mist mykje av gnisten, men det tok seg opp att om lag då Sarah vart fødd. Men så dukkar det opp litt av kvart. Det viser seg at far hennar ikkje er den biologiske far hennar. Det viser seg at då mor hennar skilde seg frå den fyrste ektemannen sin, fekk han full omsorgsrett for dei to borna dei hadde saman. Både far deira, og stemora, mishandla ungane. Og det viser seg at han mange trudde var den biologiske far hennar slettes ikkje var det. Sarah møter den eigentlege far sin. Den siste halvtimen av filmen handlar mest om korleis denne historia skal forteljast, og også den delen står med glans: Kva historier fortel me om liva våre? Korleis skal dei forteljast? Kven skal fortelja dei, kven skal me tru på? Ein fin, fin film.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar