23. mars 2017

Steve Jobs. Billion Dollar Hippy (2011)

Tidleg i filmen seier ein eller annan at Steve Jobs verkeleg har sett spor etter seg i verda. Det er sjølvsagt rett - han grunnla Apple, og var med på skapinga (og marknadsføringa) av iPod, iPhone og iPad. Han døydde av kreft i 2011, altså same året denne filmen kom ut.

Det kan vera ein av grunnane til at dette er heller overflatisk. Kanskje det hasta for mykje å få filmen ferdig, kanskje filmskaparane ikkje ville vera for kritiske så kort tid etter at Jobs var død. Filmen fortel historia om Jobs, og er for så vidt informativ nok, men det burde altså vore langt meir grundig.

Jobs vaks opp i California. Han var hippie, med stor sans for teknologien som utvikla seg utover i 70-åra. Han laga datamaskiner, men maskinene var dyre, og firmaet sleit. Han tilsette ein direktør som noko tid seinare like godt sparka Jobs ut av firmaet. Jobs kom tilbake ti år seinare, og vart då ein like hard sjef som den nemnde direktøren. Det vert sagt, sånn i forbifarten. Mange av utsegnene og anekdotane burde fått langt meir oppfølging. I staden vert det nesten like irriterande som informativt, og viss målet var å fortelja oss noko om kven Jobs eigentleg var, bommar filmen stort på målet.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar