17. februar 2022

Nynorske noveller (1969)

Denne antologien kom fyrste gong ut i 1965. Fire år seinare kom boka i ny utgåve, retta mot skuleelevar og studentar, og i denne nye utgåva var det teke med fire nye noveller. Utvalet i boka er gjort av Halldis Moren Vesaas og Leif Fetveit. Her er det 28 noveller av 23 forfattarar. Av desse er det berre éin kvinneleg forfattar (Ragna Rusten). Redaktørane kommenterer ikkje dette, men det kan koma av at det ikkje var andre å ta av. Det var i alle fall ikkje mange - novellesjangeren var ikkje den mest brukte. Av utvalet elles er det litt overraskande å sjå ei novelle av Michael Crosby-Jones. Den novella er ikkje av dei sterkaste, og det er diverre nærliggjande å tru at ein av grunnane til novella kom med er at Crosby-Jones var svigerson til Halldis Moren Vesaas.

Her er mykje bra, og her er òg noko som er svært bra. Ikkje uventa peikar Arne Garborg og Tarjei Vesaas seg ut i postiv retning, saman med Olav Duun, som siktar langt høgare enn dei fleste andre. Både Duun og Vesaas har med tre noveller kvar. 

Novellene kjem nokolunde kronologisk, og frå den tidlegaste nynorsk-tida er det ofte trauste bygdeforteljingar. Gradvis vert handlinga lagt til byar, og både Kristofer Uppdal ("Ved Akerselva") og Oskar Braaten ("Heimreisa") har gode skildringar av bylivet. Nokre noveller tek uventa vendingar, som "Kvileheimen" av Ragnvald Vaage, og "Nei, at du kom hit" av Engvald Bakkan er vellukka, der vert det hinta om litt av kvart, utan at det vert konkludert. Fleire av desse er forfattarar eg har lese for lite av, og det gjeld òg Sigurd Kvåle, som overraskar med to fine noveller.

Guffen tilrår.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar