20. februar 2022

Ricky Gervais: Humanity (2018)

 

Ricky Gervais slo gjennom med The Office, men hadde alt då pusla litt med standup. Etter The Office har han laga både filmar og seriar, men han har òg laga nye standup-show. Humanity skriv seg frå 2013, men har utvikla seg på vegen fram mot dette opptaket.

Han er heilt åleine på scena. Han fortel historier, og han sparkar i alle retningar. Han vitsar mykje med seg sjølv og rikdomen sin, han vitsar om kjendisar, han fortel om då han var programleiar på Golden Globe, han vitsar med Twitter og alle dei rare kommentarane han får der, og så bortetter. 

Dei fleste poenga hans råkar godt. Nokre kjem han tilbake til fleire gonger, men ikkje så mange eller så ofte at det vert dumt. Han kan sjølvsagt stoffet godt, og han framfører det godt. Det irriterer ørlite at han av og til smiler og ler godt av vitsane sine sjølv; eg reknar med at dei fleste som sit i salen veit kven han er, og veit at han er ein komikar som tøyer grensene. Bortsett frå det var dette ein fin time.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar