6. februar 2022

Nathaniel Hawthorne: The Scarlet Letter (1850)

 

I gamle dagar tok eg engelsk grunnfag. Av og til hentar eg fram bøker frå den pensumlista, for å sjå om eg framleis har same inntrykket av det eg las då. Som regel har inntrykket endra seg noko, i ei eller anna retning.

Denne boka var vel noko betre enn eg trudde, men det er likevel mykje å trekkja for. Eg hugsa boka som relativt tunglest, med eit rimeleg arkaisk språk. Det stemmer for så vidt, men det er meir språkmengda enn språkføringa som trekkjer ned. Hawthorne bruker mykje plass på å skildra omgjevnadene, anten handlinga finn stad i byen eller i naturen, og det fører ikkje boka framover.

Den raude bokstaven er ein A. Hester Prynne, hovudpersonen i boka, må alltid ha den bokstaven synleg på bringa, som eit vitnesbyrd om at ho har vorte mor utanfor ekteskapet. Ho kom til Boston frå England for nokre år sidan, og har fortalt at mannen hennar omkom på ein seinare overfart. Det viser seg at det er feil, han er nyleg komen til Boston. Der bur òg presten Dimmesdale, og det meste av boka handlar om eit slags trekantdrama mellom desse, der òg barnet, den eigenrådige jenta Pearl, spelar ei rolle. 

Handlinga i boka er lagt til 1600-talet, og er kanskje mest ein hard kritikk av dei puritanske haldningane som då var utbreidde. Hester vert straffa, han som har gjort ho gravid går (i utgangspunktet) fri, sidan Hester ikkje vil fortelja kven det var. 

Guffen er lunken.   

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar