18. februar 2022

Rikets sikkerhet (2022)

 

Arne Treholt vart arrestert i januar 1984, mistenkt for å ha levert konfidensielt materiale til Sovetunionen. Han var høgt på strå i Utanriksdepartementet, han hadde tidlegare arbeidd i SN, han hadde gått på Forsvarets høgskule. Han hadde hatt mykje kontakt med diplomatar og agentar frå Sovjetunionen. 

Den norske etterretninga hadde lenge hatt mistanke til han. Gode hjelparar i FBI hadde undersøkt husværet hans i New York; sjølve avlytta dei husværet hans i Oslo. Dei fann almanakkar og dokument og store mengder kontantar. Han vart arrestert, og dømd til tjue år i fengsel.

Sjølv har han aldri nekta for at han hadde kontakt med agentar frå den andre sida, og han har òg stadfesta at han overleverte dokument. Han nekta, og nektar framleis, for at han utleverte hemmelege dokument. Det finst det heller ikkje prov på. Treholt stiller villig opp i denne serien, men har ikkje gode nok svar på det som kjem fram. Kvifor hadde han hemmelege møte? Kvifor reiser han til Wien, når alle trur han skal til Paris? Kvifor har han så mykje kontantar? 

Det mest oppsiktsvekkande kjem i den siste episoden. Ein dansk forskar reiser til eit arkiv i Tyskland, der han finn nokre få dokument. KGB skriv (til den aust-tyske etterretninga) at Treholt var viktig for dei. Dansken finn òg eit dokument som viser at i forhandlingane om ei utlevering etter at Treholt var fengsla, foreslo KGB at viss dei fekk Treholt, skulle dei på si side setja fri 22 vest-tyske fangar. Det vart aldri noko av den utvekslinga, men når KGB verdsette ein Treholt til 22 andre fangar, var han nok viktig for dei.

Serien er glimrande. Det er ei forteljing mange kjenner, men her må det vera noko nytt for alle. Dei har intervjua amerikanske agentar (som vart naboar og gode vener av Treholt), dei har intervjua norsk etterretning, dei har intervjua russisk etterretning, dei har intervjua folk som stod Treholt nær, osb. Det heile går i eit roleg tempo, slik at me greitt får med oss alt som vert sagt, samstundes som me får tid til å fordøya det. 

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar