1. februar 2022

Passing (2021)

 

To barndomsveninner møtest igjen. Begge er svarte, men den eine, Clare, er så ljos i huda at den rasistiske mannen hennar trur at ho er kvit. Dei har hatt ulike liv, Irene bur framleis saman med mannen sin i bydelen Harlem i New York; Clare bur i Chicago. Den eine har altså forkasta røtene sine.

Røter og identitet er vel det store temaet i denne filmen. Clare flyttar til New York, og dei to får meir og meir med kvarandre å gjera. Det vert hinta om at Clare og mannen til Irene kjem litt for godt overeins, men det er kanskje berre Irene som ser det slik. På ein fest, der alle er svarte, kjem brått mannen til Clare på døra, og då oppdagar han det som alle har sett før, altså at kona hans er svart.

Det er ein fin film. Han er svært delikat filma, det er filma i svart/kvitt, og skodespelet er imponerande. Det heile går i eit roleg tempo, og det passar godt til hovudpersonane. 

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar