5. februar 2022

Mark Stein: How the States Got Their Shapes (2008)

 

Utgangspunktet her er interessant nok: USA fekk fleire og fleire statar ettersom dei kjøpte og tok meir og meir land i bruk, og boka fortel om korleis grensene til dei ulike statane vart skapt. Nokre historier er gode, andre er meir keisame.

Der er nokre gjennomgåande trekk: I det vestlege USA var tanken (stort sett) at statane skulle vera så jamstore som råd. Her brukte dei lengde- og breiddegrader som måleeining. Mange elvar vart òg brukte som grenser, sjølvsagt, og det forklarar at rette liner går over til å verta litt meir svingete. 

Det finst ei rekkje avvik. Det rotnaste er forklaringa på at Oklahoma har eit handtak oppe til venstre. Dette området høyrde opphavleg til Texas, men då dei ville inn i USA i 1845, var det alt bestemt at slaveri skulle vera forbode nord for 36.30. For å få lov til å halda fram med slaveri, gav Texas frå seg området nord for den grensa. Den sørlege grensa til Missouri har òg ein rar kul heilt i aust - her er forklaringa at han som forhandla denne grensa gjerne ville ha dette området med, og han var ein svært god forhandlar.

Så her er gode og halvgode historier histen og pisten, men det vert sjølvsagt mykje repetisjon - dei fleste grensene er jo felles for to statar. Og når grensene berre er fastsett av senatet er det jo ikkje så spanande lesing.

Guffen er lunken.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar