14. februar 2022

Everett True: Nirvana (2007)

 

I føreordet til denne boka står setninga "This is a book about Nirvana" fem-seks gonger. Den eine gonger kjem setninga "I have to keep reminding myself" rett etterpå. Åtvaringa True gjev seg sjølv er opplagt - for mange var det Kurt Cobain som var Nirvana, og det er lett at ein Nirvana-biografi vil handla mest om han. True skriv altså at han er klar over problemet; diverre greier han ikkje å unngå det. Det er mest av alt ei bok om Cobain. Kona hans, Courtney Love, får meir plass enn dei andre i bandet. Og True tek òg altfor mykje plass sjølv.

True var for så vidt viktig. I 1989 vart han den fyrste journalisten frå Europa som skreiv om det som skjedde i Seattle, og han må ta mykje av skulda for at så mange middelmådige band brått vart skrytt opp i skyene. Han er mykje i Seattle, han vert godt kjend med Cobain og Love, men gjer seg likevel til ein altfor sentral person i denne forteljinga. Og ein kan sjølvsagt sjå det annleis - han skal ha mykje av æra for at Nirvana vart så fort kjende i Europa.

Eit siste atterhald: Han er altfor glad i å skriva om festing, og altfor oppteken av at Nirvana vanlegvis øydela instrumenta sine mot slutten av konsertane. 

Men: Viss ein greier å oversjå mykje av dette, er det ei fin bok. Han får godt fram korleis Nirvana går frå å vera eit band til ein industri, og korleis dette øydela livet til Cobain. Han får fram korleis mykje av moroa forsvinn etter kvart som bandet vert større. Mot slutten av boka fortel Mudhoney, eit anna band frå Seattle som dukkar opp overalt her, korleis dei etter å ha varma opp for Nirvana nokre veker vart oppvarmingsband for Pearl Jam, og korleis den siste turen var noko heilt anna: Der var det varme og stas; på Nirvana-turneen var alle tunge og triste.

Guffen tilrår. 

Meir Nirvana på kulturguffebloggen
Kurt and Courtney (1998)
Paul Brannigan: This is a Call (2011)
Foo Fighters. Back and Forth (2011)
Charles R. Cross: Here We Are Now. The Lasting Impact of Kurt Cobain (2014)
Cobain. Montage of Heck (2015)
Nick Soulsby (red.): Cobain on Cobain (2016)
Danny Goldberg: Serving the Servant (2019)
Dave Grohl: The Storyteller (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar