20. august 2017

Bob Woodward: The Secret Man (2005)

All the President's Men er ein finfin film. Den handlar om korleis dei to unge journalistane Bob Woodward og Carl Bernstein gradvis avdekkjer nok rusk i og rundt Nixon-regjeringa til at Nixon måtte gå av som amerikansk president. Den viktigaste kjelda deira vart omtala som "Deep Throat", og svært få visste kven han var.

Mange prøvde å finna det ut, og fleire mistenkte den rette. Filmen var basert på ei bok dei to journalistane skreiv, og berre nokre månader etter kom det to artiklar som meinte at Mark Felt var den hemmelege kjelda. Fleire mistenkte òg Felt, men han nekta. Journalistane og avisa røpte sjølvsagt ikkje namnet på kjelda, men også dei vart sette under press. I denne boka fortel Woodward om ein lunsj med ein kar frå Justisdepartementet, som hadde funne ut at det var Felt. Woodward stadfesta ikkje dette, men han justis-karen var sikker på at han hadde rett. Og det hadde han.

Mark Felt var nummer to i FBI. Sjefen, den mektige J. Edgar Hoover, døydde i 1972, og Felt hadde gode grunnar til å kjenna seg forbigått då han ikkje vart nominert som ny sjef. Det kan ha vore ein av grunnane til at han fortalde så mykje til Woodward. Dei to var gamle kjende, men det var ikkje grunn god nok til at han skulle dela informasjonen han sat på. Etter at Woodward og Bernstein gav ut boka All the President's Men skar det seg mellom dei, men seinare i livet fekk dei igjen kontakt. Då var det eigentleg for seint; Felt var på veg inn i ein senilitet som gjorde at han hugsa lite.

Og det er akkurat det som er det sentrale i denne boka. Woodward har drøfta det presseetiske i dette med kollegar. Det var viktig å visa kven kjelda var, for å slutt på spekulasjonane. Skulle det skje, måtte det skje medan Felt levde, og medan han var frisk og klar nok til å stadfesta det. Likevel var det vanskeleg for Woodward å gje slepp på denne løyndomen - ville ei slik offentleggjering føra til at andre framtidige kjelder ville nekta å snakka med han? I 2005 stod Felt fram i bladet Vanity Fair, og etter nokre interne møte i avisa Washington Post, der Woodward framleis var tilsett, stadfesta Woodward og Bernstein at Felt var "Deep Throat".

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Carl Bernstein og Bob Woodward: All the President's Men (1974)
All the President's Men (film, 1976)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar