12. juli 2022

A. J. Jacobs: The Puzzler (2022)

Jacobs har skrive nokre liknande bøker før: Han går langt inn i eit fagfelt/område, dels for å sjå om han er den same når han kjem ut att på andre sida. Denne gongen handlar det om ulike former for pusle-oppgåver - kryssord, puslespel, rubikskube, sudoku, osb.

Kvar type oppgåver får sitt eige kapittel. Jacobs skildrar oppgåvene, fortel litt historie, fortel om eiga røynsle (der det er aktuelt), og kontaktar nokon som driv med dette eller som lagar dette. Av og til snakkar han med dei på video; andre gonger vitjar han dei. Så kjem det nokre smaksprøvar på ulike oppgåver - nokre er forbausande lette, andre er ekstremt vanskelege. 

Eg kjenner meg av og til igjen. Eg har aldri vore svært oppteken av slike oppgåver, men eg har prøvd litt av og til. Det er klart det er stas å greia å løysa dei, men eg har aldri vorte avhengig (slik mange av dei han snakkar med ser ut til å vera). Boka er ein heilt grei gjennomgang av dei ulike variantane og oppgåvetypane som finst, men ho er ikkje så mykje meir enn det. Heilt grei underhaldning ein varm sommardag.

Guffen tilrår. 

Meir Jacobs på kulturguffebloggen
The Know-It-All (2004)
The Year of Living Biblically (2007)

1 kommentar:

  1. På 80-talet måtte folk finne ut av av Rubiks kube på eiga hand. No kan ein gå inn på nettet og finne framgangsmåtar for korleis ein skal løyse den. Sokalla algoritmar. Folk i min eigen familie og kollegar har pugga desse algoritmane og sit der og løyser rubiks kube på sekundar. Dei er veldig nøgd med seg skjølv. Eg fnys av det og lurer på kva glede dei finn i det. Det er jo som å bruke jukseapp i Wordfeud. Ikkje for det, eg klarte aldri meir enn å lage ei einaste einfarga side på kuben, og var imponert over det som klarte meir enn det. Før algoritmarn blei kjend der ute. Petsonleg føretrekkger eg også kryssord framfor soduko. Sjølv om eg har bra anlegg for matte. 1 til 9 er trass alt ikkje særleg spennande.

    SvarSlett