28. juni 2013

Motorpsycho (Ekstremsportveko, Voss 27.6.2013)

Det er andre tider. Midt i åttiåra arrangerte me i Voss rockeklubb ein festival på Prestegardslandet. Me snikra scenen sjølv, me booka banda sjølv, me selde billettar sjølv, me gjorde vel alt sjølv. Ekstremsportveko held til på omtrent same staden, i eit enormt telt, med mange barar, med skikkeleg matservering, og så vidare. Den einaste fellesnemnaren er at det burde vore fleire som såg på.

For det var eit rart skue. Det suverent beste bandet i Noreg, og eitt av dei beste banda i verda, gjorde seg klare til å gå på scena. Dei finpussa lyden, justerte mikrofonstativa og la fram handklede, og det var heilt tomt framfor scena. Heilt tomt. Då konserten starta ti minutt seinare kom der folk frå andre delar av området, men spesielt folksamt var det aldri framfor scena.

Setlista til Motorpsycho var tilpassa festivalpublikummet. Dei lange, til dels introverte improvisasjonspartia var lagt vekk, og hovudvekta låg i staden på kortare, raskare songar. I alle fall i utgangspunktet - Motorpsycho er jo Motorpsycho. Der kom litt improvisasjon, og det var merkbart korleis stemninga i publikum gjekk ned kvar gong.

Konserten opna med "Year Zero", ein song som er skreddarsydd som opningsnummer. Det startar litt slentrande, litt skeivt, men byggjer seg sakte opp med stadig meir solide gitarveggar. Før det heile stoppar igjen, og gitarist Snah syng med den sårbare stemma si. Bandet heldt fram med dei to fyrste songane frå den siste plata, Still Life With Eggplant, og det sat heilt perfekt. Lyden var til og med krystallklar. Men så gjekk det litt opp og ned. Mest opp - nedturane var eit par lite inspirerte instrumentalparti på "Cornucopia" og "Überwagner".

Dei gav seg etter rundt to timar, medrekna ein glitrande "Hogwash" som einaste ekstranummer. At den songen, som er henta frå debutplata Lobotomizer (1990), framleis fengar, er eit godt prov på korleis bandet greier å fornya seg. Det er den same songen, men i ein heilt, heilt annleis versjon. Eit anna døme på fornyinga er, slik eg har nemnt tidlegare, at dei stadig finn nye leikekameratar. Også denne gongen var Reine Fiske med på gitar, og det er eit godt val. Eg vonar han vert med lenge.

Guffen tilrår.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar