16. juni 2013

Mystery Train (1989)

Ein tredelt film, der alle karakterane er innom eit lite hotell den same natta. Handlinga er lagt til Memphis, Tennessee.

Den fyrste delen handlar om eit ungt par frå Japan, som kjem med toget til Memphis. Ho vil sjå Graceland; han vil sjå Sun Studios. Dei får sett begge delar, og overnattar på hotellet. Ho snakkar heile tida; han er stor sett oppteken av å sjå bra ut.

I den andre delen møter me ei italiensk kvinne. Det ser ut til at ho har vore på ferie saman med mannen. Han har mist livet, og ho må vera i byen nokre dagar før liket kan sendast heim. Om natta vert ho plaga av to menn, og tek inn på hotellet. I lobbyen møter ho ei amerikansk kvinne, og dei vert einige om å dela eit dobbeltrom, for å spara litt pengar.

Til slutt møter me bror og eks-kjærasten til den amerikanske kvinna. Saman med ein tredje mann ranar dei ein butikk, og søkjer tilflukt på hotellet, der dei kjenner nattevakta.

Eks-kjærasten er engelsk, slik at eit gjennomgåande tema er utlendingar i Amerika. Det er den amerikanske popkulturen som fengjer både det japanske paret og den engelske eks-kjærasten. Samstundes er det eit Amerika i forfall dei er vitne til, det er ikkje måte på kor triste delar av Memphis dei er i.

Visuelt er filmen glimrande. Forteljingane vert fortalde i eit behageleg tempo, bortsett frå den fyrste delen, der det går for seint. Kombinert med at det unge paret er heller uinteressant vert dette den dårlegaste delen av filmen. Resten av filmen er derimot finfin.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar