16. juni 2013

Pete Townshend: Who I Am (2012)

Endå ein sjølvbiografi skriven av ein gamal rockar eg eigentleg ikkje har noko forhold til. Det er jo ein trend i tida at dei var ein slags rockepionerar i sekstiåra skriv om livet sitt. Eg har vore gjennom nokre av dei, og både boka til Keith Richards og boka til Neil Young var verdt å lesa.

Who I Am har mest til felles med boka til Richards, også denne boka er strengt kronologisk. For dei fleste er det tida Townshend var med i The Who som er interessant, og kanskje mest tida fram til midten av syttiåra. Townshend bryr seg lite om dette, han skriv like mykje og like detaljert om ting som skjedde i dei seinare tiåra. For han verkar det sikkert rett; for lesaren er det heilt feil. Eg gjekk i alle fall fort lei av å lesa om stadig nye oppsetjingar og variantar av Tommy og Quadrophenia, pluss å høyra om stadig fleire damer han var bortpå. Kvifor i alle dagar trur Townshend at me er interesserte i å lesa om akkurat det?

For meg burde han altså skrive langt meir om den fyrste halvdelen av livet sitt. Sidan han skal skriva om heile livet sitt, vert også dei viktige platene som kom i sekstiåra reduserte til nokre få avsnitt. Han skriv meir om korleis han slit med å få realisert prosjekt det knapt vert noko av i åttiåra, medan det altså står for lite om musikken og songane han vert hugsa for.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

1 kommentar:

  1. Synd at boka ikke falt i smak! Jeg lyttet litt til The Who, men ble vel aldri noen stor fan. Når det gjelder boka - noen ganger er det greit å vite hvilke bøker man skal skygge unna. Takk for tips :o)

    SvarSlett