7. januar 2024

Oddrun Grønvik: Meir enn eit tillegg til annan manns verk? (2023)

Fonna Forlag gav ut tibandsverket Norsk Allkunnebok mellom 1948 og 1966. I fjor drog forlaget i gang ein serie med litt mindre omfangsrike allkunnebøker. Så langt har det kome to - ei handlar om då Fonna refuserte Jon Fosse, dette er den andre. Fosse-allkunneboka har det stått om i mange aviser, medan denne ikkje har fått like stor merksemd. Det er ein slags parallell til Hans Ross der - det er han andre som vert hugsa og som framleis får den store merksenda.

Han andre er Ivar Aasen. I 1895, året før Aasen døydde, gav Hans Ross ut Norsk ordbog. Tillegg til "Norsk ordbog" av Ivar Aasen. Med ein slik smålåten tittel er det ikkje rart at det vart lagt mindre vekt på arbeidet til Ross. 

I denne boka viser Oddrun Grønvik at dette er noko urettvist. Det er stor skilnad på dei to bøkene. Aasen ville, slik Grønvik skriv, "laga ei høveleg stor ordbok for eit sams, offisielt riksspråk". Prosjektet til Ross var heilt annleis - han ville dokumentera det rike ordforrådet som fanst i norske dialektar, og det er noko heilt anna. Aasen var ein forløpar for Nynorskordboka; Ross for Norsk Ordbok. 

Boka er utgjeve i samarbeid med Venelaget Hans Ross. 

Guffen tilrår.

6. januar 2024

Ken Jennings: Maphead (2011)

Kart er fascinerande. Eg kan godt kika i ein atlas i timevis, og eg hugsar godt den gongen eg brått stod i ein National Geographic-butikk i Washington DC, og tenkte at her kunne eg ha kjøpt ein av kvar. 

Eg kan likevel ikkje måla meg med Ken Jennings og alle dei han skriv om. Jennings var ein kartskalle frå han var liten, og skriv godt og underhaldande om kor mykje ein kan læra av kart. Han skriv om korleis gleda over kart vert med inn i den digitale verda, og om utfordringar knytt til dette. 

Eitt av dei mest underhaldande kapitla handlar om National Geographic Bee, som er ei geografi-tevling for skuleungar. Jennings er litt oppgitt over at stave-tevlinga Spelling Bee er langt betre kjent, og eg tek poenget hans: Spørsmåla i geografi-tevlinga er langt meir krevjande. Jennings er kunnskapsrik, han hadde lenge rekorden for flest sigrar i amerikansk Jeopardy, men han slit med å hengja med når ungane briljerer.

Han skriv mykje om samlarar - folk som samlar på geocachar, folk som samlar på punkt der breidde- og lengdegrader kryssar kvarandre. Det er noko herleg nerdete over det heile, og det vert altså presentert av ein forfattar med stort språkleg overskot.

Guffen tilrår. 

1. januar 2024

Jon Fosse: Andvake (2007)

Det var tilnærma perfekt timing. Alle andre i heimen var vekkreist, slik at i går kveld fekk eg den drøymekvelden eg fabla om då eg skreiv om Kveldsvævd: Eg laga noko halvgod mat, sette meg godt til rette, og las dei tre bøkene i trilogien. Heldigvis vart eg ferdig før alle naboane gjekk amok med rakettar.

Eg har lese alle tre bøkene før, men eg har ikkje blogga om denne. Det er ei finfin bok. Det handlar om det unge paret Asle og Alida. Ho er høggravid, og dei vert kasta ut - både frå naustet dei har budd i ei kort tid, og frå heimen til mor hennar. Dei stel ein båt og reiser sørover til Bjørgvin, der dei ikkje får husrom. Det ordnar seg på sett og vis, og boka sluttar med at dei vert foreldre til ein liten gut.

Det er som før: Å referera handlinga i ei Fosse-bok seier svært lite om korleis det er å lesa boka. Fosse skriv fram stor sympati for dei to, han skildrar godt korleis dei har det. Han går ikkje i detalj om kva som skjer heile tida, men me anar at Asle har teke livet av minst éin person. Svaret på det kjem i neste bok, som er hakket veikare enn denne, men som likevel er svært, svært god.

Guffen tilrår. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 2.6.2023)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Djupt og enkelt (2022)
Mor og barn (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 28.2.2025)
Asle og Alida (Grieghallen, Bergen, 4.4.2025)
Vaim (2025)
Gitarmannen (DNS, Bergen, 24.1.2026)
Vaim hotell (2026)
Kjærast (film, 2026)
Bad Moon Rising. Kjærleik (2026)

31. desember 2023

Fargo, sesong 4 (2020)

Denne sesongen gjekk meg litt hus forbi då han vart lansert. Han vart fjerna frå HBO etter uventa kort tid, men dukka opp att no, i samband med at det har kome ein femte sesong. Den nye sesongen har fått strålande meldingar, men eg valde å sjå denne fyrst, sjølv om eg er usikker på kvifor. Kvar sesong er heilt frittståande.

Denne gongen er me i Missouri, der to kriminelle organisasjonar kjem på kant med kvarandre. Den eine er italiensk-amerikansk, og er ein del av ein større, nasjonal organisasjon. Den andre er styrt av svarte amerikanarar, og er meir lokal. Dei kjempar om kven som skal kontrollera kva. I tillegg møter me eit par etterforskarar, ein rimeleg ustabil sjukepleiar, og ei tenåringsjente som likar å snusa i andre sine saker.

I kampen mellom dei to organisasjonane går ein del liv tapt. Det er diverre ikkje like originalt og fengande som dei tre fyrste sesongane. Dette vert meir tradisjonelt, og det vert ikkje betre av at her knapt er interessante karakterar. Svært mange av personane me møter vert drepne i løpet av serien, og ikkje éin einaste gong tenkte eg at den drepne karakteren var ein eg gjerne ville sett meir av. Det er stilreint og fint å sjå på, men dette var ein stor nedtur.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Relatert på kulturguffebloggen
Fargo (film, 1997)
Fargo, sesong 1 (2014)
Fargo, sesong 2 (2015)
Fargo, sesong 3 (2017)
Fargo, sesong 5 (2023)

28. desember 2023

Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)

Denne boka er ein liten nedtur, kanskje spesielt når ho vert plassert i Vesaas-kronologien. Sju år tidlegare hadde han gjeve ut den glimrande novellesamlinga Vindane, og to år tidlegare kom romanen Fuglane ut. Vesaas var altså i godt slag, men denne boka held ikkje det same nivået. 

Her er ti noveller, og fleire av dei har ungar eller ungdom i hovudrollene. To noveller er så lange at dei dekkjer halve boka. I begge desse møter me unge jenter som verkar ettertrakta, dei vert i alle fall heile tida oppsøkt av andre. Diverre er ikkje desse to novellene spesielt vellukka, og "Blå knapp borte" er så veik at det nesten er vanskeleg å tenkja seg at det er Tarjei Vesas som har skrive ho.

Her finst heldigvis nokre noveller som fungerer. "G for Gudny" fungerer godt, og den meir dramatiske "Hesten frå Hogget" er ei av dei beste her. Me møter to unge gutar som midtvinters skal til seters med ein hest. Hesten går gjennom isen, og dei kjempar for å halda han i live. Dei tre siste novellene er korte. Her er det symbolikaren Vesaas som dominerer, i alle fall i sluttnovella, "Det snør og snør". 

Guffen er lunken. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Tarjei Vesaas: Bruene (1966)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Tarjei Vesaas: Båten om kvelden (1968)

Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)
Fuglane (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 5.4.2025)

27. desember 2023

Jens K. Styve: Dunce. Apokalypse snart (2020)

Dunce er ein fin teikneserie. Stripene har gode poeng,. Teikningane er gode. Her er nok karakterar til at det vert god variasjon i stripene. 

Det handlar litt om far og son og om hunden deira, Brego. Ein sjeldan gong er alle med i same stripe; vanlegvis er det berre ein eller to av dei. Faren er på jobb, og me møter han saman med kollegaene sine. Hunden deira er av og til saman med andre hunder, både frivillig og ufrivillig. 

Nokre av stripene heng saman, i alle fall tematisk. Tidleg i boka handlar det mykje om at sosiale medium tek altfor mykje tid. Mot slutten, i striper som akkurat då var dagsaktuelle, handlar det om pandemien. Det er mykje smiling, det er litt humring, og ein gong lo eg høgt.

Guffen tilrår. 

Meir Styve på kulturguffebloggen
Eg, Ove Kvamme (2008)
Friedland (2013)

Dunce. Lut og kaldt vatn (2019)
Dunce. Apokalypse snart (2020

26. desember 2023

Stevie Chick: Psychic Confusion. The Sonic Youth Story (2007)

Sonic Youth er eit av mange band eg har høyrt for lite på. Dei var originale, viktige og gode, og var heile tida på leiting etter dei rette tonane. Sjølv om dei etter kvart gav ut plater på store selskap, vart dei sett på som eit undergrunnsband, eit band som stod for dei rette verdiane.

Det med undergrunnen fekk uventa stor plass her. Chick skriv mykje om andre band, og då er det ikkje berre snakk om å nemna dei i forbifarten. Viss Sonic Youth på ein turne hadde fire-fem oppvarmingsband, bruker gjerne Chick nokre sider på å presentera dei banda, og på å koma med korte biografiar om det. Det var litt rart, men samstundes fungerte det godt - ikkje minst for å få fram poenget med at Sonic Youth var viktige.

Eg kjenner ikkje historia til bandet i detalj, men etter det eg kan sjå går Chick grundig til verks. Han bruker både nye og gamle intervju, han bruker gamle artiklar, og det heile er rimeleg underhaldande. Sjølv om den gode stemninga i bandet fordufta nokre år seinare: Ekteparet Thurston Moore og Kim Gordon gjekk frå kvarandre, og i kjølvatnet av det brotet vart bandet oppløyst.

Guffen tilrår. 

Meir Sonic Youth på kulturguffebloggen
Kim Gordon: Girl in a Band (2015)
Thurston Moore: Sonic Life (2023)