8. februar 2024

Fargo, sesong 5 (2023)

Velkomen tilbake! Etter den litt tafatte og ikkje altfor vellukka fjerde-sesongen er Fargo tilbake på gamle høgder. Dette var finfine greier. Stort skodespel, rette skodespelarar, godt manus, god humor, god filming, osb. Det er til og med ein altfor aktuell serie - nokre av hovudpersonane har laga sin eigen milits i Nord-Dakota, der dei absolutt ikkje respekterer det som skjer i hovudstaden og på nasjonalt nivå.

I tillegg er her òg ei rekkje referansar til filmen Fargo, og til andre Coen-filmar. Hovudpersonen er ei kvinne som har skifta identitet. Eks-mannen, den rabiate sheriffen i Nord-Dakota, sender ut to luringar for å kidnappa ho. Scena når dei kjem til huset er som henta frå filmen - ho sit i stova og ser to maskerte menn nærma seg huset. Den eine av dei er nihilist, så der går Lebowski-alarmen. Han har òg nokre mystiske og merkelege band til Europa for mange hundre år sidan, så der går A Serious Man-alarmen. Han er òg ein rabiat og nådelaus valdsmann, så der går No Country-alarmen. 

Det er altså strålande greier. Ti episodar; eg såg dei fleste på eit par dagar. Juno Temple er glimrande som kvinna; Jon Hamm er like god som sheriffen. Her er andre politifolk, både lokale og nasjonale, som snører nettet saman rundt Hamm og farmen han har bygd om til ein festning, og det heile sluttar med ein del skyting der. Eller, det gjer det jo ikkje - skal me trekkja for noko, må det vera at spaninga vert utløyst litt for tidleg i den siste episoden. Sjølv om det avsluttande måltidet er koseleg og greitt.

Guffen tilrår. 

Relatert på kulturguffebloggen
Fargo (film, 1997)
Fargo, sesong 1 (2014)
Fargo, sesong 2 (2015)
Fargo, sesong 3 (2017)
Fargo, sesong 4 (2020)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar