Viser innlegg med etiketten Bildøen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bildøen. Vis alle innlegg

8. mars 2015

Brit Bildøen: Litterær salong (2009)

Eg liker bøker som denne. Her presenterer Bildøen ti forfattarar ho set høgt, i korte essay som er vinkla ulikt. Ho skriv mest om bøkene dei har gjeve ut, men av og til konsentrerer ho seg om berre éi bok i forfattarskapen. I éitt av essaya, det om Gertrude Stein, står det òg mykje om livet til Stein. Eg er generelt glad i biografiar, så det overraska meg at den biografiske vinklinga i det essayet interesserte meg så lite. Essaya der Bildøen (så godt som) utelukkande skriv om litteratur er betre.

Eg har lese lite av desse forfattarane frå før. Tre av namna var heilt ukjende for meg, nokre kjende eg til, medan eg har lese ørlite av Amalie Skram. Den ein forfattaren ho skriv om som eg kjenner godt er Halldis Moren Vesaas; kanskje det var grunnen til at det essayet ikkje fenga så mykje. Det ho skriv om Halldis er godt, men mykje av det som står der var kjent for meg frå før.

Essaya om forfattarar eg ikkje kjende så godt var betre. Nokre av dei gav meg meir, og eg har alt tinga bøker av eit par av dei eg las om. Det er alltid kjekt å møte nye forfattarskap.

Guffen tilrår.

Meir Bildøen på kulturguffebloggen
Sju dagar i august (2014)

13. februar 2015

Brit Bildøen: Sju dagar i august (2014)

Handlinga i denne romanen er lagt til den nære framtida vår. Eit par slit med å verta ferdige med massakren på Utøya, der dotter hennar var ei av dei som miste livet. Han på si side har éin son, som bur i Australia, og som han kommuniserer dårleg med. Dei to snakkar òg for lite med kvarandre. Det skal lite til før ein av dei irriterer den andre, og begge har løyndomar for kvarandre.

Den fyrste halvdelen av boka er heilt på det jamne. Me vert presenterte for dei to, men me kjem ikkje spesielt langt innpå dei. Historia fenger ikkje nok, og det vert litt for stilleståande. Midtveges tek boka seg opp. Dei to reiser til hytta si for å sjå korleis ho har greidd seg gjennom ein storm, og det kapitlet er det beste i boka. Resten av boka, som vert prega av at han dett i ei trapp og vert sengeliggjande, er betre enn den fyrste halvdelen, men retteleg bra vert det aldri.

Guffen er lunken.

Meir Bildøen på kulturguffebloggen
Litterær salong (2009)