19. september 2010

Wise Blood (1979)

Flannery O'Connor var ein svært solid forfattar. Aller best var ho i novellene sine, der ho boltra seg i komiske situasjonar, og der ho brukte eit suverent språk, ikkje minst i dialogane. Ho skreiv òg to romanar, som òg er bra, men som altså ikkje er like gode som novellene.

Denne filmen er basert på ein av dei to romanane, og er diverre ikkje så mykje å skryta av. Hovudpersonen, Hazel Motes, har vore i krigen. Han kjem attende til heimgarden, der ingen lever lenger, og dreg inn til den nærmaste byen, som er prega av religion. Der er store JESUS SAVES-skilt på veggane, og fleire predikantar går gatelangs for å få fram bodskapen sin, og for å lura nokre dollar ut av dei som høyrer på. Motes ser at dette er falske predikantar, og vert like godt predikant sjølv, i Church of Christ without Christ. Det går dårleg. Han leiger rom hjå ei som òg leiger ut til ein falsk predikant, som bur saman med dotter si. Denne falske predikanten påstår at han har blinda seg sjølv, men Motes finn fort ut at han framleis ser godt. Etter at han feilar som predikant, øydelegg Motes augene sine.

Alt som finst av humor i romanen er fjerna frå filmen. At Motes strir med å forstå religionen han vart fostra opp med, var òg langt meir tydeleg der. Eitt av dei finaste bileta i romanen er då O'Connor omtalar Motes som ein som ikkje greidde å flykta frå han Jesusen han hadde med seg langt inne i hovudet, noko liknande finst ikkje i romanen.

Det vert sjølvsagt feil å kritisera ein film for at han ikkje er det boka er. Ein film vert laga for å stå på eigne bein, men det gjer altså ikkje denne filmen. Det heile er ganske kjedeleg, og det er nesten utenkjeleg at ein såpass omtykt regissør som John Huston har laga dette. Kvifor han har bede skodespelarane anten overspela eller underspela greier eg ikkje å forstå, det heile verkar uventa lite profesjonelt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir O'Connor på guffekulturbloggen
Brad Gooch: Flannery (biografi, 2009)
Rosemary Magee (red.): Conversations with Flannery O'Connor (1987)

Meir Huston på kulturguffebloggen
Malteserfalken (1941)
The African Queen (1951)
Misfits (1961)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar