15. juni 2010

The Filth and the Fury (2000)

Historia burde vera velkjent. Rundt midten av 70-åra var rockemusikken prega av megalomane grupper som distanserer seg meir og meir frå publikummet sitt. Sånn omtrent parallelt veks det fram heilt andre miljø i New York og London. Dei spelar punk; miljøet i New York var fyrst ute, miljøet i London sette større spor etter seg.

Sex Pistols var sentrale i punkemiljøet i London frå 1975 til dei vart oppløyst i januar 1978, og det er det denne filmen handlar om. Julien Temple har arbeidd med bandet tidlegare. I 1979 laga han filmen Great Rock'n'Roll Swindle. Her vart historia om bandet fortalt frå Malcolm McLaren, manageren, sin ståstad. Denne filmen er langt betre, her er det bandet sjølv som snakkar, dels gjennom intervju frå 70-åra, dels gjennom nye intervju. Innimellom desse intervjua får me konsertopptak, fjernsynsopptak, fjernsynsdebattar (der bandet ikkje er med), intervju med fans og fiendar, og me får mykje god musikk. Opningsakkordane på "Anarchy in the U.K." kan framleis gje meg frysningar på ryggen.

I denne filmen er McLaren den store skurken. Musikalsk sett gjekk det nedoverbakke etter at bassisten Glen Matlock vart sparka, og han er sjølv svært ivrig etter å få fram at grunnen til at han vart sparka var at McLaren baktala han. Det var han som skreiv dei store songane til bandet, etter at han slutta skreiv dei få songar. Dei andre deler ikkje oppfatninga hans, dei meiner at han ikkje passa inn, men dei er òg klare på at McLaren kunne gjort mykje meir ut av jobben som manager. Han ville sjokkera, for han var det meir interessant å vera kontroversiell enn å skapa ny musikk. Sånn sett må det ha vore ideelt for han at Sid Vicious kom inn som ny bassist - Vicious kunne matcha stilen til Johnny Rotten, vokalisten. Diverre var han heilt hjelpelaus på bassen, og han var òg så fiksert på å vera rock at han etter kvart gjekk på heroin, og døydde av ein overdose eit år etter at bandet vart oppløyst. For Rotten er dette det verste med å sjå tilbake, og han tek til tårene då han snakkar om korleis han ikkje gjorde noko for å redda Vicious.

Guffen tilrår.

Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
Glen Matlock: I was a Teenage Sex Pistol (1990)
John Lydon: Rotten (1993)
David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)
Trygve Mathiesen: Banned in the UK (2010)
Trygve Mathiesen: Sid's Norwegian Romance (2011)
John Lydon: Anger Is an Energy (2014)
Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)
Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar