3. juni 2010

John Adams (2008)

Ein hugsar mykje av det ein lærer, men gløymer sikkert like mykje. Men ein gløymer aldri det ein ikkje visste då det verkeleg galdt. Brynjulv var med i Jeopardy på TV2, og finalesvaret var "Han var den andre presidenten i USA". Korkje Brynjulv eller dei to andre i programmet ante at det var John Adams. Ikkje då, i alle fall, men Brynjulv visste det veldig godt resten av livet.

Adams er ikkje av dei best kjende presidentane. Eg kan ikkje tenkja meg at det var snakk om at han skulle vera ein av dei tre (som vart til fire) på Mount Rushmore, til dømes. Han var likevel ein av dei viktigaste, på fleire måtar. At han er komen litt i gløymeboka i dag kan skuldast at både George Washington, som var president før han, og Thomas Jefferson, som var president etter han, høyrer med blant dei heilt store presidentane.

Men Adams var altså viktig. Han var ein av fem i komiteen som utarbeidde den amerikanske sjølvstendeerklæringa i 1776, men også her vart han nummer to. Det var Jefferson som skreiv det fyrste utkastet, og som har fått det meste av æra for at dokumentet ikkje berre handlar om den nye unionen, men òg om menneskerettar generelt. Det var i det heile noko Buzz Aldrinsk over Adams. I 1776 kom han litt i skuggen av Jefferson. I 1789 vart han valt til visepresident, men vart sett heilt på sidelina av Washington, som altså vart den fyrste presidenten. Og det var heller ikkje lett å hoppa etter Washington, og verta den andre presidenten.

Han meinte sjølv at han hadde fortent ei meir sentral rolle. Han vart bitter, og greidde ikkje alltid å styra temperamentet sitt. Han fekk færre og færre allierte, og greidde ikkje å verta attvalt etter fire år som president. Då tapte han til Jefferson, og det førte til at dei to, som hadde vore nære vener i bortimot tretti år, miste kontakten. Han møtte ikkje eingong opp då Jefferson vart innsett som president. Mot slutten av det lange livet til Adams tok dei opp att kontakten, og dei skreiv til kvarandre til dei døydde. Det skjedde like godt på same dag, og like godt 4. juli 1826, nøyaktig femti år etter at sjølvstendeerklæringa var underteikna.

Dette, og mykje meir, vert glimrande framstilt i ein fjernsynsserie på sju episodar. Han gjekk på NRK i fjor sommar, men då fekk me berre sett dei to fyrste episodane før ferien tok oss. No såg me alt på ei god veke, og det er ein imponerande serie. I nokre av episodane er det berre snakking og forhandlingar, men likevel sit me som fjetra. Eller, kanskje ikkje heilt som fjetra - eg er ikkje heilt sikker på kvar fjetregrensa går.

Då serien tek til er Adams advokat i Boston. Der tek han på seg å forsvara nokre engelske soldatar som har drepe nokre amerikanarar, og vert både populær og upopulær. Han står fram som ein prinsippfast og modig mann, og vert delegat til ein kongress der dei tretten koloniane kjem saman for å drøfta tilhøvet til Storbritannia, og andre saker. Her markerer han seg òg, og får altså fleire sentrale roller.

Frå 1777 til 1788 var han for det meste i Europa, der han prøvde å finna allierte til krigen mot Storbritannia. Kona hans var igjen i USA, og kom ikkje etter før mot slutten av opphaldet. Forholdet mellom dei to står sentralt i serien, ho var ein ivrig og god medspelar for han, og kunne truleg gjort det skarpt innan politikken sjølv, viss kvinner hadde fått sleppa til. Det er etter at ho døyr i 1818 at Adams tek opp att kontakten med Jefferson.

Serien er endå eit prov på at også amerikanske selskap kan laga gode og truverdige seriar for fjernsyn. I motsetnad til Centennial held denne serien koken heile vegen ut, men det er ikkje det største skiljet. I Centennial var det aldeles mislukka då dei prøvde å sminka folk eldre, denne serien er laga tretti år seinare, og her ser det heile ekte ut. Også byar og landskap ser ekte ut, men her øydelegg bakom-filmen heile illusjonen, og viser korleis det meste av dette er animert.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar