Alle trudde at han var død. Hovudpersonen i denne romanen, Ola Lande, er son til ein vidgjeten kunstnar som har arrangert sin eigen bortgang. I åra etter denne bortgangen har sonen lagt til rette for publisering av mange av tekstane til faren, og denne romanen fortel om det døgeret (omtrent) han reiser frå Vestlandet til Oslo for å lansera ei ny bok. Det skjer mykje på den korte tida, for å seia det mildt.
Han vert oppsøkt av to personar frå fylkeskommunen som vil gjera heimen til faren om til museum. Faren kjem tilbake frå eksil i utlandet. Gamlekjærasten til faren døyr. Han tek nattoget til Oslo, og i restaurantvogna kjem han i snakk med to par, eit britisk og eit amerikansk. Det viser seg at dei alle bur i Bergen, og at di, sjølv om samtalen går på engelsk, både forstår og snakkar norsk. Framme i Oslo viser det seg at forlaget veit at faren er i live, dei veit at sonen har endra mange av tekstane, og dei avlyser heile boklanseringa. Han vitjar mor si, som er med i eit eller anna hemmeleg selskap. Der er òg dei fire frå nattoget med, og dei har på merkeleg vis fått inntrykk av at Ola er den frelsaren dei alle ventar på.
Det skjer altså mykje, og dette er ikkje alt. Her er òg mange gode samtalar i boka, som altså vert langt meir innhaldsrik enn det relativt beskjedne sidetalet skulle tyda på.
Guffen tilrår.
Meir Haugland på kulturguffebloggen
Under (1994)
Varmare (1995)
Heller (1997)
Orden (1999)
Verd (2000)
To stykke (2002)
Inkarnasjon (2004)
I den sjette verda (2005)
Romberg. Kvinner og kriminalitet (2010)
Om dyr og syn (2017)
Om søvn og mørke (2019)
Om livet på jorda (2021)
Sirenene (2024)
27. mai 2020
24. mai 2020
Olav Njølstad: Jens Chr. Hauge - fullt og helt (2008)
Jens Christian Hauge (1915-2006) var ein viktig mann i Noreg gjennom heile det vaksne livet sitt. Han utdanna seg til jurist, og var så vidt i gang med yrkeskarriera då andre verdskrigen tok til. Han vart engasjert i motstandskampen, og gjekk etter kvart leiar i Milorg. Etter krigen var fleire parti interesserte i å få han med på laget. Han melde seg inn i Arbeidarpartiet, og var forsvarsminister 1945-52 og justisminister det meste av 1955. Seinare var han mykje brukt som rådgjevar for Arbeidarpartiet, og var òg mykje brukt som forhandlar for regjeringa, både innanlands og utanlands.
At Hauge fekk eit langt liv, og at han var aktiv gjennom heile livet, er ein av grunnane til at denne boka er heller omfangsrik. Det er både ein styrke og ein veikskap ved boka. Her vert sjølvsagt formidla enormt mykje kunnskap, men tidvis vert det for mange detaljar. Kanskje boka fungerer best for dei som vil setja seg inn i berre éi side ved livet hans.
Boka har fire hovuddelar - Veien til fangenskap, Motstandsmannen, Poltikeren og Advokaten. Den fyrste er glimrande. Hauge vart fengsla i 1941, og i denne delen fortel Njølstad både om arrestasjonen og fengselsopphaldet, og om livet til Hauge fram til 1941. Dette vert fletta saman på ein framifrå måte. Dei tre siste delane flyt ikkje like godt, mest av di det altså vert for detaljert. Njølstad skriv godt, og har òg full oversikt over det enorme kjeldematerialet.
Guffen er lunken.

Etikettar:
litteratur,
Norge
23. mai 2020
Ishmael Reed: Yellow Back Radio Broke-Down (1969)
Denne boka er òg ei eg har fått frå Tørsten. Den er diverre langt, langt unna nivået på den førre.
Boka er nok meint å vera ein slags parodi på western-sjangeren. Her er mange element eg kjenner att derfrå, og mange variantar på slike element. No er det slik at ein parodi helst må vera litt løyen for å engasjera, og alt som er av humor i denne boka fell diverre på steingrunn.
Handlinga er ikkje den enklaste å referera, og i ei bok som dette er truleg ikkje handlinga det viktigaste. Men personane me møter er meir fargerike enn godt er: Hovudpersonen er ein farga cowboy, Loop Garoo. Den mektigaste mannen i byen, Drag Gibson, er ein homo som nett har drepe den sjette kona si, og som har kjøpt seg ei sjuande kone på postordre. Den sjuande kona, Mustache Sal, er noko over snittet kåt, og kastar seg over dei fleste som dukkar opp i boka. Me møter òg indianarhøvdingen Chief Showcase og ein kar som heiter The Pope.
Av og til, når eg vert ferdig med ei bok, tenkjer eg at denne boka godt kunne ha vore lengre. Med denne boka var det stikk motsett.
Guffen kan ikkje tilrå dette.

USA
21. mai 2020
Hans Rosling: Factfulness (2018)
Eg har ei romsleg hylle der det står bøker som ventar på å verta lesne. For litt sidan las eg ei bok eg fekk til jol av Aslak L., og då slo det meg at det i ventehylla stod tre bøker eg har fått frå Tørsten. Eg kasta meg over eit par av dei, slik at det ikkje vert bråk neste gong han kjem innom. Dette var den fyrste eg las ferdig, og det var mest av di det er ei finfin bok.
Hans Rosling skreiv boka saman med sonen Ola Rosling og svigerdottera Anna Rosling Rönnlund. Den viktigaste bodskapen deira er at det står langt betre til i verda enn dei aller fleste trur. Me er opphengte i det me lærte då me var små, me vert lurte av at media oftast rapporterer om negative hendingar, me har lett for å snakka om oss og dei, osb. I ti kapittel tek dei føre seg ulike sider, og alt dei skriv er underbygd av truverdige statistikkar og reine fakta.
For Rosling er det grunnleggjande feil å snakka om utvikla og underutvikla land. Han skriv om fire nivå, der land vert plassert etter korleis helsetilstanden og økonomien i landet er. Alle land, viser han, bevegar seg mot det høgaste nivået. Det er langt færre land på nivå 1 i dag enn for berre femti år sidan. Alt går framover. Fleire born vert vaksinerte, fleire jenter får skulegang og utdanning, familiar får færre born, osb.
Det er komplett umogleg å ikkje læra noko nytt av denne boka, og det må òg vera vanskeleg å lesa denne boka utan at haldningane dine vert endra.

Sverige
20. mai 2020
Odd W. Surén: Hvis vi lever neste år (2019)
Odd W. Surén er ein fin forfattar, som vekslar mellom noveller og romanar. Novellene i denne boka varierer stort, men heng saman på meir enn ein måte. Alle viser at Surén er ein forfattar som kan faget sitt, og nokre personar dukkar opp i flere av novellene.
Surén spelar på mange strengar. Det er ikkje mange forfattarar som skriv like humoristisk som han, når det er den forma han reindyrkar. To av novellene lo eg høgt av. Den eine, "Isfiskerne, kapittel 2", fortel om det som ikkje har skjedd i denne romanen, og konkluderer med at det ikkje ein gong finst noko kapittel 1. Den andre, "Sebulonsen får napp", må vera meint som ei hylling eller ein parodi på Hamsun, der eit nordnorsk fiskever går heilt av stabelen av di Sebulonsen har fått ein storfisk på kroken.
I andre noveller er Surén meir alvorleg. I ei av dei lengste novellene fortel han om ein diktar som er i eit afrikansk land. I ei anna handlar det mykje om ein mann som har forsvunne, truleg av di han har prøvd å reisa til North Sentinel Island utanfor India, ei øy der innbyggjarane er svært lite interesserte i å få besøk frå andre.
Guffen tilrår.
Meir Surén på kulturguffebloggen
Fanger og opprørere (1985)
Tyranner og tjenere (1989)
Taushetens fortrolige (1993)
Ansikter og navn (1997)
Dråper i havet (1998)
Diskrete kulisser (2000)
Kometenes øyeblikk (2001)
Knuseverk (2003)
Dødsmåter (2006)
Adgangstegn (2007)
For hva det er verdt (2010)
Den som skriver (2013)
Usynlig for verden (2015)
Krem med et hint av kuruke (2017)
Høvlingsmonn (2021)
Fall (2023)

Norge,
Surén
17. mai 2020
Deadwood, sesong 2 (2005)
I dag er Deadwood ein by i Sør-Dakota. Serien er laust basert på verkelege hendingar, og i denne sesongen handlar det dels om kva stat eller territorie byen skulle verta ein del av. Det vert ikkje konkludert, men då sesongen sluttar er det like før det vert avgjort.
Som i den fyrste sesongen er her ei mengd ulike delhistorier. I fyrste halvdel av sesongen har bareigaren Swearengen så store helseproblem at det står om livet. George Hearst (som i røynda var far til han som inspirerte Citizen Kane) sender ein kar til byen for å kjøpa opp så mange gull-teigar som råd. Det er ein evig kamp mellom dei ulike horehusa. Kona til Seth Bullock, som er sheriff, flyttar til byen, saman med sonen ho har frå eit tidlegare ekteskap (med bror til Seth), og dei byggjer seg eit hus like utanfor sentrum. Alma Garret, som er gravid etter eit forhold ho har hatt med Bullock, giftar seg med Whitney Ellsworth, som har hatt ansvar for det store gullfunnet ho eig.
Byen er heile tida full av folk. Alle som driv business går med overskot, anten det er avis, butikk, saloon, horehus eller noko anna. Det er ikkje alt i serien som fengar like godt, den siste setninga i avsnittet over fortel om noko som kunne vore henta frå ein såpeserie, men her er òg mykje som er bra. Det verkar som ei rimeleg truverdig framstilling av korleis livet i byar som Deadwood kan ha vore, og kulissar og slikt verkar òg rimeleg gjennomarbeidd.
Guffen tilrår.
Meir Deadwood på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2004)
Sesong 3 (2006)
Deadwood. The Movie (2019)

14. mai 2020
Joe Klein: Woody Guthrie (1980)
Denne boka sluttar med at familien til Woody Guthrie, etter at han er kremert, tek med seg boksen med oske til favorittstranda hans på Coney Island. Planen er å tømma oska der, men dei får ikkje opna boksen. Løysinga vert at dei kastar heile boksen ut i vatnet.
Dette er eit godt bilete på livet til Guthrie. Det var mange fine stunder og mange oppturar, men det var òg mange situasjonar der det ikkje gjekk så bra. Verst gjekk det ofte ut over den fyrste familien hans, men der var nok av nedturar og tragediar elles òg.
Guthrie var fødd i 1912, og vaks opp i Oklahoma. Det var berre tidvis eit liv i velstand - faren sleit ofte med økonomien, og mora var sjuk. Ho døydde tidleg, av Huntington's. Syster til Guthrie døydde i ein brann då Guthrie var sju; åtte år seinare vart òg faren sterkt skadd i ein brann.
Guthrie var aktiv musikar frå ung alder. Han stortreivst på scena, og var nok ein betre underhaldar og tekstforfattar enn musikar. Han gifta seg 19 år gamal med ei tre år yngre kvinne, og dei fekk tre år i lag. Dei hadde ikkje noko godt samliv, Woody var heimefrå stort sett heile tida. Han fekk seg eit namn i radioverda i California, og tente nok til at familien kom etter, i alle fall for ei stund.
Lang historie kort: Han vart ein av dei musikalske frontfigurane for venstresida i USA. Songane hans vart populære, også etter at venstresida fekk seg nokre solide knekkar i 1940- og 50-åra. Han gifta seg to gonger til, og budde ei stund i Mermaid Avenue (der den fire år gamle dotter hans døydde av skader ho fekk i ein brann), og var deretter på farten igjen. Med den tredje kona si budde han ei studn i Florida, der han fekk store brannskader på høgrearmen. Som mor si fekk han sjukdomen Huntington's, og døydde i 1967.
Boka er glimrande. Det er ein historie med mange vendingar og mykje dramatikk, men historia fortel seg ikkje sjølv. Klein fortel det heile godt, han skjønar når han skal gå rett på sak og når det er behov for forklarande omvegar, og han skriv òg godt.

musikk,
USA
Abonner på:
Innlegg (Atom)