14. mai 2020

Joe Klein: Woody Guthrie (1980)

Denne boka sluttar med at familien til Woody Guthrie, etter at han er kremert, tek med seg boksen med oske til favorittstranda hans på Coney Island. Planen er å tømma oska der, men dei får ikkje opna boksen. Løysinga vert at dei kastar heile boksen ut i vatnet.

Dette er eit godt bilete på livet til Guthrie. Det var mange fine stunder og mange oppturar, men det var òg mange situasjonar der det ikkje gjekk så bra. Verst gjekk det ofte ut over den fyrste familien hans, men der var nok av nedturar og tragediar elles òg.

Guthrie var fødd i 1912, og vaks opp i Oklahoma. Det var berre tidvis eit liv i velstand - faren sleit ofte med økonomien, og mora var sjuk. Ho døydde tidleg, av Huntington's. Syster til Guthrie døydde i ein brann då Guthrie var sju; åtte år seinare vart òg faren sterkt skadd i ein brann.

Guthrie var aktiv musikar frå ung alder. Han stortreivst på scena, og var nok ein betre underhaldar og tekstforfattar enn musikar. Han gifta seg 19 år gamal med ei tre år yngre kvinne, og dei fekk tre år i lag. Dei hadde ikkje noko godt samliv, Woody var heimefrå stort sett heile tida. Han fekk seg eit namn i radioverda i California, og tente nok til at familien kom etter, i alle fall for ei stund.

Lang historie kort: Han vart ein av dei musikalske frontfigurane for venstresida i USA. Songane hans vart populære, også etter at venstresida fekk seg nokre solide knekkar i 1940- og 50-åra. Han gifta seg to gonger til, og budde ei stund i Mermaid Avenue (der den fire år gamle dotter hans døydde av skader ho fekk i ein brann), og var deretter på farten igjen. Med den tredje kona si budde han ei studn i Florida, der han fekk store brannskader på høgrearmen. Som mor si fekk han sjukdomen Huntington's, og døydde i 1967.

Boka er glimrande. Det er ein historie med mange vendingar og mykje dramatikk, men historia fortel seg ikkje sjølv. Klein fortel det heile godt, han skjønar når han skal gå rett på sak og når det er behov for forklarande omvegar, og han skriv òg godt.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar