23. mai 2020

Ishmael Reed: Yellow Back Radio Broke-Down (1969)

Denne boka er òg ei eg har fått frå Tørsten. Den er diverre langt, langt unna nivået på den førre.

Boka er nok meint å vera ein slags parodi på western-sjangeren. Her er mange element eg kjenner att derfrå, og mange variantar på slike element. No er det slik at ein parodi helst må vera litt løyen for å engasjera, og alt som er av humor i denne boka fell diverre på steingrunn.

Handlinga er ikkje den enklaste å referera, og i ei bok som dette er truleg ikkje handlinga det viktigaste. Men personane me møter er meir fargerike enn godt er: Hovudpersonen er ein farga cowboy, Loop Garoo. Den mektigaste mannen i byen, Drag Gibson, er ein homo som nett har drepe den sjette kona si, og som har kjøpt seg ei sjuande kone på postordre. Den sjuande kona, Mustache Sal, er noko over snittet kåt, og kastar seg over dei fleste som dukkar opp i boka. Me møter òg indianarhøvdingen Chief Showcase og ein kar som heiter The Pope.

Av og til, når eg vert ferdig med ei bok, tenkjer eg at denne boka godt kunne ha vore lengre. Med denne boka var det stikk motsett.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar