25. juni 2024

Arne Lie Christensen: Vangsgutanes heimbygd (2024)

Fonna Forlag gav i gamle dagar ut Norsk Allkunnebok, eit leksikon i ti band. No er dei i gang med ein ny serie allkunnebøker - relativt tynne hefte med éin artikkel eller eit avgrensa tema. Dette er den tredje i serien, og så langt er det berre blinkskot. Denne er rett nok på eit språk som bryt med føremålsparagrafen til forlaget, men likevel.

Det handlar om Vangsgutane, ein av dei store suksessane til forlaget. Lie Christensen er etnolog, og skildrar det samfunnet som vert presentert i serien. Han har som utgangspunkt at det faktisk er Todalen, heimbygda til Vangsgutane-forfattaren Leif Halse, og han finn mykje som minner. Men han finn òg mykje ulikt, som til dømes klasseskilja. Så store storbønder som han i serien fanst nepp i Todalen. Andre klassespørsmål ein fann i Todalen vert ignorerte i serien; der er det berre bønder og ingen fabrikkarbeidarar.

Han skriv òg at, sjølv om serien i dag verkar ekstremt gamaldags, serien godt kan lesast som moderne for si tid. Og han skriv, slik mange andre òg har sagt, om korleis framstillinga av Larris og familien hans er ei stor skam.

Guffen tilrår.

23. juni 2024

Dorothy Parker: The Portable Dorothy Parker (2006)

Det er ikkje ofte eg ler høgt av bokmeldingar. Her skjedde det fleire gonger. Dorothy Parker var ein fabelaktig skribent, og sitatet frå Alexander Woolcott på omslaget, "That bird only sings when she's unhappy", er presist. I bokmeldingane sine verkar det som ho trivst best når ho mislikar bøkene ho melder, og ho slaktar med hard hand. 

Her er mykje anna å le av i denne boka. The Portable Dorothy Parker kom fyrste gong ut i 1944, og då var det ho sjølv som valde ut tekstar. Dei tekstane - noveller og dikt - utgjer godt og vel helvta av denne boka. Dikta er sånn middels, men novellene er jamt over vellukka. Det handlar mykje om kvinner, og Parker sparkar oftast oppover: Det handlar mykje om kvinner som lever luksuriøse og keisame liv. Men det handlar òg ofte om kvinner som vert lurte av menn. I alle novellene er det minst éi setning som er så bra at eg les ho to gonger.

Resten av boka er redigert av Marion Meade. Ho har valt ut bokmeldingar, artiklar, eit intervju (som kanskje er fiktivt?), og nokre brev. Det er her boka verkeleg er livleg; Parker skriv meir underhaldande her. Ei fin, fin bok.

Guffen tilrår.

22. juni 2024

How to Rob a Bank (2024)

Det var i Seattle det skjedde i 1990-åra. Nei, eg tenkjer ikkje på musikken, og eg tenkjer heller ikkje på dei mange store firmaa som hadde hovudkontor der. Eller - det siste spelte litt inn. Oppbløminga i business førte til at det opna mange nye bankar i byen, og då vart det òg mange nye filialar å rana, for dei som dreiv med slikt. Ein av politimennene som er intervjua i denne dokumentar snakkar om at det dagleg var bankran.

Dei fleste av ranarane var amatørar. Denne filmen handlar om den eksentriske Scott Scurlock. Han budde i eit stort trehus, var karismatisk og populær, og han hadde ei sterk mistru til samfunnet rundt seg. Han fekk med seg ein kjenning, og saman rana dei den fyrste banken i 1992. Dei var heldige som greidde det, men Scurlock analyserte seg fram til metodar som fungerte. På fire år rana dei 18 eller 19 bankar, og dei kom seg unna med meir enn to millionar dollar. Dei hadde planlagt ein siste dag med ran i 1996, og då ville dei rana fem bankar på ein dag. Det gjekk ikkje, og Scurlock tok livet sitt då han vart omringa av politi.

Det er ei fascinerande historie. Det finst mange arkivklipp av Scurlock, og mange av dei andre med hovudroller er intervjua. Det kan vera dei som samarbeidde med Scurlock, og det kan vera dei som prøvde å fanga han.

Guffen tilrår. 

20. juni 2024

Donnie Brasco (1997)

Heilt grei tidtrøyte. Donnie Brasco (Johnny Depp) vert teken inn i ei mafia-avdeling der Lefty Ruggiero (Al Pacino) har ei sentral rolle. Brasco vert med på litt av kvart, og får etter kvart ei høg stjerne i avdelinga. Dei held til i New York, men Brasco gjer det spesielt bra på ein tur til Florida.

Det er berre ei lita hake ved det heile: Brasco heiter eigentleg Joseph Pistone og arbeider for FBI. Han gjer opptak heile tida, og han har som regel andre agentar ikkje langt unna. Han tenkjer fort; då dei skal inn på ein japansk restaurant må alle ta av seg skorne, og det går jo ikkje: Det er der Brasco har lydopptakaren sin. Han diktar opp ei forteljing om at faren sat i japansk fangenskap under krigen, og at han difor ikkje vil ta mot ordre frå ein japansk hovmeister.

Filmen er basert på ei sann historie. Den verkelege Pistone sytte for at 200 mafia-medlemmer vart arrestert. Ein modig mann, med andre ord, men ein mann som sette jobben langt høgare enn familien.

Guffen tilrår.

18. juni 2024

Glen E. Friedman: Just a Minor Threat (2023)

Eg vaks eigentleg opp med punk frå England. Den amerikanske fekk eg ikkje like mykje med meg av; unntaket var Dead Kennedys. Det var ikkje før eg vitja USA i 1988 at eg fekk augene litt opp for (delar av) den amerikanske punken, og kanskje spesielt banda frå Washington, DC.

Det som kanskje slo meg aller mest var haldningane deira. Det var noko meir gjennomtenkt og freistande enn øl og vald-haldninga hjå mange engelske band. Det gjorde jo heller ingenting at musikken fenga. Bandet eg likte aller best var Fugazi.

Friedman har tidlegare gjeve ut ei bok med foto av Fugazi. Denne boka handlar om eitt av banda som kom før Fugazi - Minor Threat. Ian MacKaye, som (kanskje litt motviljug) vart ein sjefsideolog for DC-punken, var med i begge banda. Minor Threat var aktive frå 1980 til 1983, og Friedman listar opp dei fem-seks gongene han såg dei eller fotograferte dei. Boka inneheld dei beste av dei rundt 200 bileta han tok av dei. Nokre er ikoniske, som det fantastiske omslagsbiletet der publikum er minst like mykje med som MacKaye, eller bandbileta som er tekne utanfor Dischord House, der MacKaye og trommeslagaren Jeff Nelson budde (og der dei dreiv plateselskapet Dischord frå).

Boka inneheld òg mange tekstar. Guy Picciotto, som seinare vart med i Fugazi, skriv om korleis det var å vera fan av Minor Threat. Andre, som Jello Biafra, skriv om korleis det var å gå på scena etter Minor Threat. Alle tekstane er verde å lesa; alle bileta er verde å sjå.

Guffen tilrår. 

15. juni 2024

Nick Cave og Seán O'Hagan: Faith, Hope and Carnage (2022)

Eg har aldri likt musikken til Nick Cave noko særleg. Samstundes er det lenge sidan eg har prøvd - då han song i The Birthday Party fekk det bandet mykje ros frå fleire kantar. Eg kjøpte ei av platene deira, men fekk minimalt ut av det. Det er vel einaste gongen eg har handla Cave. Eg har hatt gode vener som har likt han, så eg har høyrt eitt og hitt, men det gjev meg ikkje så mykje.

Eg prøvde meg likevel på denne boka, som har fått uvanleg mykje skryt. Delar av skrytet er vel fortent, men det vert å dra det for langt å kalla dette den beste musikkboka nokosinne.

Boka er sett saman av ei rekkje samtalar. Cave er ikkje interessert i ein kronologisk gjennomgang av liv og verk, det handlar mest om kva han driv med i nyare tid. Nokre tema går att heile tida. Det handlar mykje om musikk og om tekstskriving, og her snakkar Cave fritt om korleis han arbeider. Han er disiplinert, han går på jobb for å skriva tekst og musikk. Han snakkar godt om samarbeidet med andre, spesielt Warren Ellis. 

Og han snakkar mykje om tapet av sonen sin. Sonen var femten år gamal då han døydde, rusa på LSD. Korleis kjem ein seg vidare etter noko slikt? Korleis kan ein skapa musikk etter noko slikt? Cave snakkar om korleis han aldri vert ferdig med det, men at han må finna ein måte å fungera på likevel.

Guffen tilrår. 

11. juni 2024

Karl Peder Mork et al (red.): Ung målstrid. Norsk Målungdom 60 år (2024)

Norsk Målungdom vart skipa i 1961, og markerer 63-årsdagen med å gje ut ei 60-årsskrift. Her er sju lange artiklar, med fire korte artiklar innimellom. 

Alle artiklane er ikkje like interessante, langt ifrå. Det heile opnar med det som vel må reknast for den kjedelegaste artikkelen, ein gjennomgang av læremiddelaksjonane frå 1961 til i dag. Heldigvis tek det seg opp etter kvart. Oddrun Grønvik fortel om tida si i målungdommen, og den personlege skrivemåten i denne artikkelen fungerer langt betre enn det meir akademiske i opningsartikkelen. Artikkelen til Rolf Theil er, ikkje uventa, fengande, og det relativt korte intervjuet med Kjellaug Jetne, den fyrste kvinnelege leiaren av ein nasjonal målorganisasjonen, er òg bra.

Så kjem det òg ein artikkel om medlemsjukset. Den er informativ, men det må trekkjast litt for at det fleire gonger står at dette var noko alle ungdomsorganisasjonar dreiv med. Ein kan ikkje skulda på andre for at ein bryt lova.

Guffen tilrår. 

5. juni 2024

Paul McGuigan og Paolo Hewitt: The Greatest Footballer You Never Saw (1997)

Eg har lese nokre biografiar om fotballspelarar. Dei er diverre rimeleg like, og sjølv om nokre av spelarane har ei interessant historie å fortelja, er slike bøker sjeldan dei heilt store opplevingane. Det er ikkje slike bøker eg har lese meir enn éin gong.

Men denne boka kan eg godt tenkja meg å lesa fleire gonger. Det er eigentleg ein noko trist historie, men boka er svært underhaldande. Fleire gonger lo eg høgt. Boka handlar om Robin Friday, som skal ha vore ein rimeleg god fotballspelarar. Eg bruker formuleringa "skal ha vore" av di tittelen er presis: Det finst så godt som ingen filmar som viser han i aksjon. 

Han spelte i engelsk fjerde- og tredjedivisjon nokre få år midt i 1970-åra. Han var ein laus kanon, men fungerte godt då han spelte for Reading. Trenaren lét han vera som han var - det var greitt at han gjekk i fillete klede og at han drakk og at han røykte hasj og at han ikkje møtte til alle treningane, så lenge han møtte opp til kamp. Han skåra mange mål, nokre skal ha vore i verdsklasse, og publikum elska han. Reading selde han til Cardiff, der det ikkje fungerte like godt. Etter eit halvt år der la han opp, 25 år gamal.

Boka er (stort sett) oral history, der folk rundt han fortel om korleis dei opplevde han. Nokre er skuffa over at han ikkje tok fotballen meir seriøst, andre meiner at Friday hadde eit flott liv, der han var seg sjølv. Det kjem mange utrulege anekdotar, og fleire av dei som snakkar formulerer seg finfint. Her er òg ei rekkje sitat frå samtidige aviser. Det er der Friday kjem til orde, han døydde i 1990.

Guffen tilrår.

2. juni 2024

The Beach Boys (2024)

Det var vel mest kjende tonar dette, og det er vel ein film som legg meir vekt på harmoni enn på konflikt, men likevel: Det er ein film. Filmen fortel soga om The Beach Boys, frå dei famlande fyrste stega i California, til dei store kommersielle åra, og vidare til åra der dei kunstnarlege ambisjonane til Brian Wilson var langt, langt større enn resten av bandet. Så kjem det tydeleg fram at bandet framleis eksisterer, men dei siste fire-fem tiåra er fort gjort. Og det vert heller ikkje fortalt mykje om alle helseproblema til Wilson. Filmen sluttar med at dei attlevande medlemmene møter kvarandre på ei strand, og det er tydeleg at Brian Wilson ikkje får med seg mykje av det som skjer.

Her er ei lang rekkje arkivklipp, med musikk og intervju. Filmskaparane snakkar med bandet, men òg med folk rundt dei. Her er òg intervju med nyare musikarar, som fortel om kor viktige Beach Boys var for dei. Desse intervjua er gode, sjølv om Mike Love er like irriterande som vanleg, der han framhevar seg sjølv. Men det beste er musikken, på sitt beste var jo Beach Boys strålande og vel så det.

Guffen tilrår.