15. november 2017

John Keats: You Might As Well Live (1970)

Den andre biografien eg les denne veka, og dei to biograferte kunne knapt vore meir ulike. Kortversjonen er at der Bergfrid Fjose var skikkeleg, var Dorothy Parker uskikkeleg. Begge gjorde opprør, kvar på sin måte, men Parker gjekk mykje, mykje lengre.

Ho var fødd i 1883. Ho hadde ein tøff oppvekst, spesielt etter at mora døydde og faren gifta seg opp att. Ho vart tilsett som journalist i Vanity Fair, og vart etter kvart kjent for sine treffande formuleringar. Ho var grunnleggjar av det vidgjetne lunsjbordet på Hotel Algonquin, der ei rekkje av dei mest profilerte New York-journalistane kom saman kvar dag. Ho gav ut både dikt- og novellesamlingar, som selde godt, av og til svært godt.

Så ho gjorde det godt i yrkeslivet, men ho sleit meir på det personlege planet. Ektemann nummer ein vart sendt til Europa for å kriga i den fyrste verdskrigen, og dei skilde lag kort tid etter at han kom attende. Ektemann nummer to vart sendt til Europa for å kriga i den andre verdskrigen. Dei skilde òg lag, men gifta seg seinare igjen. Det dei to hadde felles var skrivinga, men der ho var glitrande, var han nøgd med å lira av seg dårlege filmmanus. Dei budde lenge i Hollywood, der dei fekk godt betalt for å skriva det Parker såg på som skvip.

Dei hadde òg noko anna felles: Begge drakk mykje. Parker hadde eit stort alkoholproblem, spesielt i dei åra ho ikkje var gift og i ekteskap nummer tre. Ho sleit òg med dårleg sjølvtillit, og prøvde å ta livet sitt minst to gonger. Tittelen på boka er henta frå eitt av dikta hennar - "Razors pain you; / Rivers are damp; / Acids stain you; / And drugs cause cramp. / Guns aren't lawful; / Nooses give; / Gas smells awful; / You might as well live". Diktet er eit rop om hjelp, kamuflert i rein humor.

I USA i 1950-åra ville (så godt som) ingen tilsetja kommunistar, og i alle fall ikkje i Hollywood. Det gav Parker ein god ein i. Ho stod fram som kommunist, og sjølv om dei som stod henne nærast ikkje såg på ho som kommunist i all hennar ferd, vart ho teken alvorleg nok til at ho vart frosen ut av Hollywood. Ho var heile livet ein ivrig forkjempar for likeverd, og gav store summar til afro-amerikanske organisasjonar.

Biografien er uvanleg velskriven. Igjen ei samanlikning med den førre biografien eg las - der var det heile tida mangel på kontekst. Her er det gjort eksemplarisk - nye kapittel opnar gjerne med ei side eller to med bakgrunnsmateriale, slik at me får eit godt innblikk i kva som kan ha endra seg sidan sist.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar