30. oktober 2022

Maria Horvei: Gratulerer med dagen (2022)

Birger vaknar i barndomsheimen på 17. mai. Til vanleg arbeider han ved Universitetet i Oslo, men no skal han halda tale for dagen i heimbygda. Han er slettes ikkje sikker på kva han skal snakka om, og han er heller ikkje sikker på korleis det heile kjem til å gå. Det går heller ikkje så bra, han vert avbroten av Arnold Eikeli, den noko eldre forfattaren i bygda, som meiner at poenga til Birger er altfor, altfor enkle. Hadde han verkeleg ikkje lært meir, han som heldt til ved Universitetet i Oslo?

Tilhøvet mellom bygd og by er sentralt i boka. Me vekslar mellom fire forteljarar - i tillegg til Birger og Arnold møter me Bjørg (leiar i 17. mai-nemnda og mor til Birger) og Laila (som òg er heimom ein tur i høve dagen). Dei to yngste forteljarane har altså nytta høvet til å forlata bygda; dei to eldste vart verande. 

Ein grunn til at Laila kjem heimom er at ho skal fortelja foreldra om planane hennar for sommaren: Ho skal til Hellas for å hjelpa flyktningar. Endå meir reising, altså, og det er vel det som er det sentrale temaet i romanen: Kvar høyrer me til, og kva vil det seia å høyra til ein stad?

Slik sett er det eit godt påfunn å komprimera haldninga til éin dag. 17. mai er fellesskapen vår meir tydeleg enn nokon gong, med faste tradisjonar og bunader som signaliserer kvar me kjem frå. Det heile fungerer godt, her er passeleg med humor og slikt, og boka var vel verdt å lesa.

Guffen tilrår. 

29. oktober 2022

Jane Austen: Northanger Abbey (1817)

Jane Austen skreiv seks romanar. Fire kom ut anonymt medan ho levde, dei to siste kom ut etter at ho var død. Denne romanen var den fyrste ho skreiv, men var ein av dei to som kom ut posthumt. Dei fem andre har vore omsett til norsk tidlegare, men dette er den fyrste norske omsetjinga av Northanger Abbey. Endå eit plusspoeng til Skald, altså - boka kjem ut i serien deira med omsette klassikarar.

Eg las ei Austen-bok då eg tok engelsk grunnfag, og var ikkje sånn altfor imponert. Denne fenga langt betre, så det kan henda at eg bør henta fram att den andre. Boka fortel om 17 år gamle Cathrine Morland, som får eit lengre opphald i Bath. Ho møter folk ho vert imponert over, både kvinner og menn, ho vert sjølvsagt forelska, ho forstår ikkje alle kodane, ho prøver å oppføra seg høfleg og høvisk, og sjølv om det sukkar opp nokre hindringar langs vegen får ho den ho vil ha.

Boka er langt meir enn ein kostymedrama der to finn kvarandre. Ein ting er at Austen er uventa kvass i omtalen av sosieteten. Ein annan ting er at ho ofte kommenterer det ho skriv om, ho har altså ein leiken skrivestil. Ho kommenterer òg litteratur, både romanar generelt og romanen Mysteries of Udolpho spesielt. Cathrine har lese ein del, og er så fascinert av gotiske romanar som Udolpho at ho ser mystikk og potensielle mord overalt.

Guffen tilrår.

27. oktober 2022

UXA, sesong 2 (2022)

Det er ikkje den lystigaste serien, dette. Her er absolutt ting å smila og le av, men grunntonen er at det meste i USA går til pises.  

Som i den fyrste sesongen reiser Thomas Seltzer rundt i USA. Han har budd i Noreg det meste av livet, men er amerikansk statsborgar. Han vitjar folk han kjenner, han vitjar folk som har gode historier å fortelja. Han er flink til å snakka, og han er flink til å lytta.

Men det handlar altså om eit land i forfall. Landet vert meir og meir splitta, og fleire er inne på at det verkar som om landet går mot ein borgarkrig. Og då er det jo herleg å tenkja på kor mange handvåpen det finst i amerikanske heimar. Han snakkar med folk som var i Washington DC 6. januar, han snakkar med folk som har tapt hus og heim, han snakkar med folk både til høgre og venstre, og det er altså mange tunge skjebner. Nokre poeng var kjende for meg, men mykje var òg ting eg hadde gløymt, som linene frå finanskrisa rundt 2008 via Tea Party til Trump-rørsla.

Guffen tilrår. 

Meir Seltzer på kulturguffebloggen
UXA, sesong 1 (2020)
Amerikansk karmageddon (2022)
UXA, sesong 3 (2024)
Seltzer: Den norske fattigdommen (2025)

23. oktober 2022

Kyrre Andreassen: Svendsens Catering (2006)

Johannes Svendsen driv med litt catering. Det går stort sett bra, men firmaet hans fekk seg ein smell ein gong han serverte dårleg kjøt i eit bryllaup med to hundre gjestar. Han prøver å koma seg på beina att, men slit med mykje anna. Forholdet til kona skrantar, og sjølv om dei jamleg går til ein samlivsrådgjevar vert ikkje ting betre. Han er altfor streng med tenåringsdottera, han er ikkje heilt trufast mot kona, og han er heller ikkje heilt ryddig med dei som arbeider for han.

Denne boka er hans versjon, og det fungerer heilt fint. Han legg heile tida skulda på andre, og dei gongene han skal beklaga eitelleranna er det stort sett berre han som meiner at det var beklaging god nok. Han meiner det er heilt opplagt at kona ikkje treng å få beskjed om at han har tømt naud-kontoen han og kona har. Han meiner at alle andre har dårleg smak. Han ler av dei som held seg i form. Han er ein mann frå eit anna århundre.

Og det fungerer altså heilt fint. Språket er glimrande og svært truverdig. Eg har eigentleg berre éi innvending mot denne boka: Ho er altfor lik oppfølgaren (som eg las før denne) - der møtte me òg ein forteljar som sleit med mykje av det same, og som nærmast er ein åndeleg tvilling til Svendsen.

Guffen tilrår. 

Meir Andreassen på kulturguffebloggen
For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges (2016)
Ikke mennesker jeg kan regne med (2024)

22. oktober 2022

Woody Allen: Apropos of Nothing (2020)

Eg har sett ein del av filmane til Woody Allen, og som regel har eg likt dei. Nokre er djupe og innsiktsfulle, andre pilkar mest på overflata. Ein fellesnemnar er likevel som regel at det er noko å smila eller le av i filmane. Det er difor litt overraskande at denne boka ikkje er så morosam. Han prøver, rett nok, men spesielt løye er det ikkje. Kanskje det hadde vore betre om han (eller andre) hadde framført teksten munnleg?

Den fyrste delen av boka er den beste. Han fortel om oppveksten, der han på nyfikent vis gjer seg kjent med byen New York. Det som fengar mest er filmsalar, men det er ikkje alt. Han les mykje, og finn ut at han skal senda inn korte vitsar til aviser. Det slår an, han får fleire slike oppdrag, og resten er soge, som det heiter.

Etter at han vert filmskapar endrar mykje seg. Boka vert tidvis oppramsande, der han for kvar ny film fortel kvar filmen vart spelt inn og kven som var med. Han skildrar korleis det var å samarbeida med dei ulike skodespelarane og filmfolka, og det vert for keisamt. Her framstiller han det oftast slik at alle andre er gode og profesjonelle, medan han sjølv er usikker og avhengig av hjelp frå andre. Det er greitt og fint; litt mindre greitt er det at så godt som alle kvinnene vert omtalte som beautiful, fleire får òg adjektivet sexy hengt på seg. Han nemner òg at dei er flinke og kloke og slikt, men det er rart at han er så opphengt i korleis alle ser ut.

Den store elefanten i denne boka er sjølvsagt skuldingane om at han skal ha forgripe seg på adoptivdottera. Han nektar sjølvsagt for alt dette, noko anna er ikkje å venta. Kortversjonen er at han var kjærast med Mia Farrow, som hadde adoptert fleire born. Farrow og Allen budde aldri saman, og han skriv at forholdet deira skranta då han vart saman med ei anna av adoptivdøtrene til Farrow, 21 år gamle Soon-Yi Previn. Farrow oppdaga dette då ho fann nokre nakenbilete av Soon-Yi heime hjå Allen. Åtte månader seinare skal Allen altså ha forgripe seg på den sju år gamle Dylan. I boka framstiller han dette som ein rein hemnaksjon frå Farrow. Ho får passet sitt påskrive her, han meiner at ho har manipulert fleire av ungane sine til å spreia drit om Allen, han meiner ho er valdeleg, at ho lyg, osb. Heile denne episoden får stor plass, litt for stor plass. Allen vart frikjent i 1993, men saka har kome opp att fleire gonger, både frå Farrow og frå Ronan Farrow, sonen Farrow og Allen fekk saman. 

Guffen er lunken.

Meir Allen på kulturguffebloggen
Annie Hall (1977)
Manhattan (1979)
Hannah and Her Sisters (1986)
Manhattan Murder Mystery (1993)

Whatever Works (2009)
Woody Allen. Manhattan, Movies and Me (dokumentar, 2012)

19. oktober 2022

Tore Renberg: Tollak til Ingeborg (2020)

Tollak er ein stribukk. Han likar ikkje alt det moderne. Han er forbanna på den nye storbutikken nede i bygda som har ført til at han ikkje har kundar på saga. Kona hans har forsvunne. Han har lite kontakt med dei to ungane han fekk med ho, og bur saman med ein ung mann han fekk med ei anna kvinne. Han er sur, han er lei, han er bitter, han er valdeleg, og er i det heile ein person det hadde vore keisamt å kjenna i det verkelege liv.

Som hovudperson i ein roman er han hakket meir spanande å verta kjent med. Han har invitert dei to fråverande ungane heim for å fortelja dei noko viktig. Renberg fortel om den kvelden, der Tollak går rundt i heimen og ventar nervøst, der han går rundt og drikk samstundes som han seier til seg sjølv at han ikkje skal drikka. Innimellom desse kapitla kjem det mange tilbakeblikk, der me får vita meir om livet hans, meir om korleis kona kom inn i livet hans, meir om korleis ho forsvann ut av livet, meir om tilhøvet mellom Tollak og sonen Oddo, osb. 

Guffen tilrår. 

18. oktober 2022

Cormac McCarthy: No Country for Old Men (2005)

Dette må vera fyrste gong eg les ei bok eg kjenner så godt for fyrste gong. Eg har sett Coen-filmatiseringa fleire gonger, og er like imponert kvar gong. Denne boka er òg djupt imponerande. Glitrande historieforteljing, glitrande språk og dialogar, og fleire fascinerande karakterar. Og midt i alt dette hadde eg det moro med å finna avvik frå filmatiseringa. Dei er det nokre av, sjølvsagt - rekkjefølgja er litt endra, nokre hendingar og personar er skrivne ut av filmen, nokre replikkar dukkar opp på heilt andre stader.

Utgangspunktet er at luringen Llewelyn Moss snublar over restane av eit narko-oppgjer, langt ute i ørkenen. Alle personane han finn er døde (eller nesten døde). Han seier seg til sjølv at det er alltid ein som overlever, og etter litt leiting finn han han òg. Også han er død, men han prøvde å koma seg unna med nokre millionar dollar. Moss tek sjølvsagt med seg kofferten, og resten av livet er han på flukt. Han veit ikkje heilt kven han flyktar frå, og prøver å overtyda seg sjølv om at han har kontroll, men det har han ikkje.

Ein av dei som jaktar på han er Anton Chigurh, som er så rå at det er vanskeleg å skildra det. Han er nådelaus, ikkje heilt i balanse, og eit liv er ikkje mykje verdt. Det er ikkje han som tek livet av Moss, men han kunne godt ha gjort det. Og han tek like godt livet av enkja i staden.

Han som jaktar på alle desse er sheriffen, Ed Tom Bell. I nokre av kapitla i boka er han forteljar, og spesielt i desse korte kapitla handlar det om nostalgi. Alt var betre før.

Det er altså ei fabelaktig bok. Ho er noko meir lettlesen enn mange av romanane til McCarthy, med lange reine dialogparti. Den opphavlege tanken til McCarthy var visst å gje dette ut som eit skodespel, og det er nok forklaringa på desse lange (og finfine) dialogane.

Guffen tilrår. 

Meir McCarthy på kulturguffebloggen
The Orchard Keeper (1965)
Outer Dark (1968)
Child of God (1973)
Suttree (1979)
Blood Meridian (1985)
All the Pretty Horses (1992)
The Crossing (1994)
The Stonemason (1995)
The Gardener's Son (1996)
Cities of the Plain (1998)
The Road (2006)
The Sunset Limited (2006)
No Country for Old Men (film, 2007)
The Road
(film, 2009)
The Passenger (2022)
Stella Maris (2022)