11. oktober 2023

Alf van der Hagen: Ønsk meg heller god tur. Samtaler med Ingvar Ambjørnsen (2023)

Ingvar Ambjørnsen er ein fascinerande forfattar. Det var i alle fall noko befriande annleis med han då eg vart merksam på han midt i 1980-åra. Det var stas å lesa intervju med han, både av di han var fritalande og av di han gjerne la for dagen noko avvikande meiningar.

Bøkene hans var ikkje like pirrande. Eg las Sarons ham kort tid etter at ho kom ut, og var sånn middels interessert. Eg likte Hvite niggere betre, men deretter gjekk det nedover. Stalins øyne var så keisam at eg la ho vekk på ei lang reise der eg ikkje eingong hadde anna lesestoff, og eg trur ikkje eg har lese nokre av bøkene han har skrive dei siste tretti åra. Kanskje eg burde prøva ei av dei.

I denne boka fortel han om livet sitt. Det verkar ikkje som om det er så mykje igjen av det, han har kols og er avhengig av rullestol for å koma seg langt. Det er ei finfin bok, der han møter godt førebudd. Fleire gonger får van der Hagen beskjed om at han går for fort fram, og kjem med spørsmål som passar betre i eit seinare kapittel. 

Ambjørnsen er framleis fritalande, og snakkar ope og fritt om både liv og verk. Han snakkar om vener, han snakkar om oppvekst, han snakkar om rusmiddel, han snakkar om livet i Tyskland, osb. Han snakkar om alt. Han greier seg stort sett åleine, og det verkar som om ein av dei viktigaste grunnane til at han flytta saman med den tyske kona si i Hamburg var at der kunne han vera heilt i fred. Han snakkar om bøkene sine, inkludert manus som aldri vart bok, og fortel mykje om korleis den og den boka vart til. Ei fin bok om å verta og å vera forfattar.

Guffen tilrår. 

Meir Ambjørnsen på kulturguffebloggen
Hvite niggere (1986)
Den siste revejakta (film, 2008)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar