5. oktober 2023

Timothy Egan: A Fever in the Heartland (2023)

I lunsjpausen for nokre veker sidan sat me og snakka om amerikansk politikk. Me kom inn på at Lincoln var valt frå det republikanske partiet, som altså var det mest inkluderande partiet i 1860-åra. I dag er det omvendt, og me prøvde å koma på kor tid den vekslinga skjedde. Ingen visste. Etter å ha lese denne boka veit eg det, og forklaringa er mørk: Republikanarane i midtvesten valde å støtta kandidatar som var støtta av Ku Klux Klan, slik at dei farga veljarane gjekk over til Demokratane.

Hadde eg sagt det på jobb ville dei andre ha spurt om KKK var viktige nok til det. Og svaret er, uventa nok, ja. Dei var massive i 1920-åra, og merkeleg nok var dei størst i Indiana, ein av nordstatane. Forklaringa var relativt enkel: D.C: Stephenson var ein salsmann av dei sjeldne, som greidde å verva titusenvis av nye medlemer. Med alle dei i ryggen greidde han å kontrollera politifolk, politikarar og andre med makt, og han skal ha hatt planar om å stilla som presidentkandidat i 1928.

Det verste er at han truleg hadde hatt gode sjansar for å nå det målet, hadde det ikkje vore for at han var ein alkoholisert overgripar. Dei mange unge kvinnene han hadde forgripe seg på vågde ikkje å ta til motmæle, før han ein gong gjekk for langt: Han kidnappa, forgreip seg på og skada Madge Oberholtzer så mykje at ho nokre veker seinare døydde av skadane. Noko av det siste ho gjorde var å skriva under på ei forklaring på kva som hadde skjedd, og sjølv om Stephenson kjende seg trygg, vart han dømd av ein samrøystes jury. Det vart ikkje dødsstraff, men han sat nokre år i fengsel. Då det kom fram kva slags person han var, trekte dei aller, aller fleste seg ut av KKK.

Det er ein sterk historie, som vert fortald på ein god måte. Egan bruker bra med tid på forhistoria, og viser kven Stephenson var. 

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar