17. desember 2017

Seven (1995)

Me såg nett fjernsynsserien Mindhunter. Den var regissert av David Fincher, og handla om psyken til massemordarar. Det temaet var han òg innom i filmen Seven, og den hugsa eg som langt betre enn serien.

Det stemde òg, sjølv om filmen tek til med ein rimeleg stor klisje. Brad Pitt spelar ein ung politimann, som tek til i ein ny jobb samstundes som kollegaen, spelt av Morgan Freeman, går inn i den siste arbeidsveka si. Pitt er kjepphøg og irriterande; Freeman har all visdom ein rutinert politimann kan ha. Dei vert kalla inn til ein åstad, og ein ny dagen etter, og skjønar at dei har å gjera med ein massemordar som ser ut til å velja ut tilfeldige offer, for så å gjera ei av dei sju dødssyndene til tema for mordet. Mordaren har opplagt planlagt heile greia grundig, så det verkar litt for dumt at dei kjem på sporet av han av di han har lånt bøker om dødssyndene på bibliotek - ville han ikkje berre ha kjøpt dei? I leilegheita hans, som dei fann via adressa på lånekortet, er det uansett nok av prov på kven han var. Uansett - dei finn i alle fall ut av saka, på sett og vis.

Det er ikkje akkurat favorittsjangeren min, dette, men det er likevel ein fin film. Det aller meste av filmen går føre seg innandørs, i heller mørke rom, og dette står i stor kontrast til sluttscenen, der dei to etterforskarane tek med seg mordaren eit stykke ut på landet. Det er ikkje opplagt kva veg historia tek, og samspelet mellom Freeman og Pitt fungerer godt.

Guffen tilrår.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar