13. desember 2017

Olaug Nilssen: Tung tids tale (2017)

Eg-personen i denne boka har det ikkje så godt. Den eldste guten hennar endra seg i treårsalderen. Han hadde vore heilt frisk frå fødselen, men fekk etter nokre år autisme-diagnose. Ingen er budd på noko sånt, og begge foreldra nektar å innsjå kor sjuk sonen er. Dei ser at dei treng hjelp, men vil ikkje vedgå kor alvorleg situasjonen er.

Mora kjempar sjølvsagt for guten, men ho kjempar òg med han. Han er ni år gamal, men er alt så pass sterk at mora må ta i for å hindra han å gjera alt han vil. Han kan vera valdeleg, han bit og slår, men mora finn seg i det meste.

Det er ei fin, fin bok. Det er lett å leva seg inn i situasjonen til mora, samstundes som det er uråd gjera det. Ho slit med dårleg samvit for at ho ikkje gjer ting rett, at ho ikkje er flink nok til å leggja til rette for sonen, at ho ikkje er god nok. Men det som sit att etter lesinga er eit fint portrett av ei mor som vil gjera kva som helst for guten sin.

Guffen tilrår.

Meir Nilssn på kulturguffebloggen
Få meg på, for faen (film, 2011)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar