4. april 2017

Mark Lee Gardner: Shot all to Hell (2014)

Mark Lee Gardner skreiv for nokre år sidan ei flott bok om Billy the Kid. I denne boka har han teke for seg ein annan velkjent banditt frå det ville vesten. Boka handlar om Jesse James og laget hans, og hovudvekta ligg, fascinerande nok, på eit ran som slettes ikkje gjekk etter planen.

I september 1876 hadde Jesse James og sju andre reist frå Missouri til Minnesota, mest for å ta hemn på ein dommar dei hadde ei høne å plukka med. Før dei kom så langt endra dei planane, og fann ut at dei like godt kunne rana ein bank, når dei likevel var i Minnesota. Valet fall på ein bank i Northfield, men grunna ein bankmann som var lite samarbeidsvillig fekk dei ikkje med seg meir enn småpengar. Det kom til skotveksling, der to av bandittane vart drepne, og der også to av innbyggjarane i Northfield vart drepne. Dei andre flykta, og delte seg i to grupper. Den eine gruppa vart fanga, medan to mann kom seg unna - dei to brørne Jesse og Frank James.

Mark Lee Gardner fortel denne historia på ein overtydande måte. Han får fram bakgrunnen deira, han får godt fram kvifor dei hjå mange hadde heltestatus, og han fortel om dei dramatiske dagane med både historisk og forteljarteknisk innsikt. Dei einaste innvendinga mot boka er at han bruker for mykje tid på det som skjedde etter at all moroa var over, og at bileta i boka burde vore langt større.

Guffen tilrår.

Meir Gardner på kulturguffebloggen
To Hell on a Fast Horse (2010)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar