9. desember 2017

Godless (2017)

Det kan godt henda at denne western-serien ikkje er så altfor nyskapande, men det er likevel ein svært solid serie. Historia er godt fortalt, me møter interessante personar, og både skodespel og filming er av høg klasse. I den fyrste episoden er me omtrent midt i handlinga. Samstundes med at resten av historia vert fortalt får me hyppige og tidvis lange tilbakeblikk, slik at det er ikkje før heilt mot slutten at me får sett alt me har fått hint om.

Handlinga er lagt til småbyen La Belle. Alle yrkesaktive menn som budde der døydde i ei gruveulukke, men dei overlevande, som altså stort sett er kvinner, gjev ikkje opp. På ein farm utanfor småbyen har ein kriminell, Roy Goode, søkt tilflukt hjå ei enkje. Han har svike bandeleiaren sin, Frank Griffin, og heile banden hans er på leit etter han. Alle veit at dei som gøymer eller hjelper Goode vert slakta. Det kjem ut at Goode er i eller ved La Belle, og alle personane i serien vert dregne mot småbyen for det som i western-sjargongen vel heiter eit endeleg oppgjer.

Det er ein serie som fungerer godt gjennom alle dei sju episodane. Personane er altså interessante, dei aller fleste av dei har løyndomar - den opnaste er Griffin, som er ein av dei mest fascinerande i serien. Men der er løyndomar. Sheriffen held på å verta blind. Assistenten hans har ein farga kjærast. Syster til sheriffen er lesbisk. Goode har gøymt ein stor pengesum på eigedommen til enkja. Og så bortetter.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar