11. desember 2017

Kristofer Visted: Jul i gamle dager (2016)

«Den som blev satt hundre år tilbake i tiden, vilde sikkert ikkje kjenne julen igjen, men snarere tro at han var hensatt til oldtiden.» Slik opnar denne boka, og det kan vera lett å tru at boka fortel om jolefeiringa for hundre år sidan. I dette tilfellet skal me lengre tilbake i tid. Boka inneheld 16 artiklar om jola, skrivne av Kristofer Visted mellom 1928 og 1946, og handlar altså om joleskikkar for nærare to hundre år sidan.

Kristofer Visted (1873–1949) var fødd i Skånevik, og vaks opp i Bergen. Han arbeidde store delar av yrkeslivet ved museum, og hadde stor kjennskap til folkekulturen. Hovudverket hans er Vår gamle bondekultur frå 1907. Boka kom seinare i nye og større utgåver.

Visted skreiv òg ei rekkje artiklar – ein bibliografi i boka viser at han i 1930-åra fekk publisert meir enn 100 små og store artiklar. Han ser ut til å ha hatt ei særskilt interesse for jolefeiring, og artiklane hans om dette emnet er samla her.

Og det er sjølvsagt ei heilt anna jol han skriv om. Visted skriv mest om skikkar og truer knytt til jolefeiringa. Det var vanleg å tru at ein i jola kunne få varsel om kva som skulle skje det neste året – anten det handla om kven ein skulle gifta seg med, eller det var varsel om dødsfall og andre alvorlege hendingar.

Men han skriv òg om dei lysare sidene ved jolefeiringa. Han skriv om joletreet, han skriv om å gå jolebukk, og han skriv om joleleikar. Nokre av desse leikane er svært lite brukte i dag, får ein tru. Det kunne vera «pryleleker, hvor det gjaldt å gjette kven som slo», eller det kunne vera leiken «fuglen som ikke skal dø i hånden», der ein sat i ring og sende ein brennande pinne vidare heilt til nokon «med et skrik kaster den fra sig». Visted legg til at «der var altså rikdom og avveksling nok i julelekene, og selskapet behøvde ikke å kjede sig».


Til slutt i boka kjem det ein grundig biografisk artikkel om Visted, skriven av Bjørn Sverre Hol Haugen. Boka er redigert av Gudmund Harildstad.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar