25. desember 2017

Erlend O. Nødtvedt: Vestlandet (2017)

Nødtvedt tek oss med på reise på Vestlandet. Reiseruta er like kronglete som Vestlandet kan vera, og reiseselskapet er like fargerikt som Vestlandet kan vera: Forfattaren Erlend og biletkunstnaren Yngve køyrer rundt i ein Toyota Camry, og det endelege reisemålet er Lærdal: I bagasjerommet har dei hovudskallen til lærdølen Anders Lysne, som vart halshogd i 1803. Han var leiar for eit bondeopprør, der bøndene protesterte mot at dei måtte gjera militærteneste - det var dei fritekne for, av dei hadde lagt ned mykje arbeid i vegen over Filefjell.

På vegen dit møter dei mange personar, sjølvsagt. Dei møter mellom anna mange forfattarar, medrekna mange som ikkje lever lenger. Dei møter òg mange andre, og det dei aller, aller fleste har til felles er at dei er glade i å drikka. Det er òg dei to hovudpersonane, og det må reknast som imponerande at dei greier å halda bilen på vegen.

Boka er ei rein hylling av Vestlandet. Ved sida av Lysne er det det temaet dei to heile tida kjem attende til. Alt som er austlandsk er dei skeptiske til, og då Vestlandet byr på eit så vestlandsk vestlandsver at dei må ta vegen om Gol for å koma fram til Lærdal, er det ei strekning boka hoppar glatt over. Og det er heilt som det skal vera når forteljaren, åtte-ti sider før boka er slutt, innser at det har vore feil å fortelja denne soga på bokmål - han går like godt over til nynorsk.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar