Viser innlegg med etiketten Sivle. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sivle. Vis alle innlegg

29. september 2025

Bjarte Birkeland (red.): Sivle frå Voss (1974)

Det var tider, det. I973 fann Voss mållag ut at dei ville laga eit seminar om Per Sivle. Det gjekk frå fredag til sundag, og programmet var imponerande bra. Dei hadde henta inn forelesarar frå fjern og nær, og dei hadde òg invitert nokre lokale luringar til å halda kortare innlegg. I tillegg var det aktivitetar på skulane, det var utstillingar og ein stor folkefest, så det kan henda at baksideteksten her er korrekt - "Sivle vart verkeleg eit samlingsmerke på Voss den veka".

Alle foredrag og innlegg ser ut til å vera samla i denne boka. Det vekslar mellom lange, litt akademiske artiklar, og kortare, meir folkelege. Det gjev boka ei form som fungerer. Så godt som alle artiklane var informative og gode, men det er eit gjennomgåande trekk at dei kortare innlegga er fulltreffarar. Dei kan handla om Sivle eller diktinga hans, men dei kan òg handla om lokalsamfunnet i dei åra han vaks opp.

Av diktinga til Sivle handlar det mest om vossastubbar og sogor. Diktinga hans får to lange artiklar til slutt, av Idar Stegane og Otto Hageberg, men eg sit att med ei kjensle av at diktinga var mindre viktige for arrangørane. Det er ikkje så rart, i poesien sin er Sivle noko ujamn. 

Guffen tilrår.

Meir Sivle på kulturguffebloggen
Streik (1891)
Anders Hovden: 
Per Sivle. Ei livssoge (1905)
Berre ein hund (1975)
Alfred Fidjestøl: Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle (2007)

3. september 2022

Alfred Fidjestøl: Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle (2007)

Per Sivle levde eit innhaldsrikt liv. Han gjorde mykje, men han burde og kunne ha gjort mykje meir. Han gjorde fleire dårlege val, han nytta ikkje ut potensialet litt, kanskje mest grunna at han drakk altfor mykje. Slik sett er tittelen på denne boka presis, og han vert endå meir presis når me veit at Sivle var 47 år gamal då han tok livet sitt.

Der var nok av dramatiske hendingar og vendingar i livet hans. Mora prøvde å ta livet sitt eit par månader før Sivle vart fødd. Han vaks opp i ulike fosterheimar. Han vingla mellom fleire utdanningar, før han av helsegrunnar måtte gje opp studia. Han skreiv nokre gode dikt, men òg mange dårlege, og den einaste romanen han skreiv er nærmast uleseleg. Han var redaktør i Kristianiaposten, og kom då på kant med folk han eigentleg var på lag med. Han hadde eit høgst anstrengt forhold til faren. Han greidde aldri å skapa ein god heim for familien. Og då han tok livet sitt i 1904 hadde han varsla det i fleire månader.

Fidjestøl fortel dette og meir til på ein eksemplarisk måte. Han har gravd fram ei rekkje kjelder, og han bruker desse godt. Han er sympatisk innstilt til Sivle, men kvir seg ikkje for å kritisera der det høver seg slik. Boka er òg flott bygd opp - Fidjestøl opnar med å fortelja lågmælt om sjølvmordet til Sivle, før resten av boka kjem kronologisk. Slutten er gripande, der kona Wenche reiser inn til Kristiania og finn Sivle på eit hotellrom. Ho veit ikkje det han veit: Om nokre timar skal han ta livet sitt. Boka sluttar med at ho kviskrar "Bli med heim til Drammen! Bli med heim til Sussi og meg! Bli med meg heim!"

Guffen tilrår.

Meir Sivle på kulturguffebloggen
Streik (1891)
Anders Hovden: 
Per Sivle. Ei livssoge (1905)
Bjarte Birkeland (red.): Sivle frå Voss (1974)

17. juni 2022

Per Sivle: Streik (1891)

Dette er den einaste romanen Per Sivle skreiv. Handlinga er sterkt inspirert av ein verkeleg streik i Drammen ti år tidlegare. Sympatien i boka ligg hjå arbeidarane, og romanen vert rekna for å vera den fyrste arbeidarromanen i Noreg. Sivle skildrar korleis direktørane og verkseigarane berre tenkjer profitt og gjer som dei vil med arbeidarane. Han skildrar korleis arbeidarane lever i tronge rom, heilt i nærleiken av fattigdomsgrensa. Han skildrar korleis ein av dei få utvegane for unge jenter var å reisa til Kristiania for å selja kroppen sin.

Sivle peikar altså på problem som fortener stor plass, og det skal han ros for. Men det er òg omtrent alt. Romanen er rimeleg hjelpelaus, og her er lite, kanskje ingenting, som fungerer. Språket er stivt, dialogane verkar absolutt ikkje ekte, personane er pappfigurar, og handlinga er ikkje så interessant. 

Sivle skreiv nokre gode dikt, og han hadde òg eit godt grep om kortare soger og vossa-stubbar. Men han taklar ikkje dette litt større formatet.

Guffen kan ikkje tilrå dette.  

Meir Sivle på kulturguffebloggen
Anders Hovden: Per Sivle. Ei livssoge (1905)
Bjarte Birkeland (red.): Sivle frå Voss (1974)

22. oktober 2017

Anders Hovden: Per Sivle. Ei livssoge (1905)

Anders Hovden skreiv korte bøker om to som stod han nær, Ivar Aasen og Per Sivle. Ivar Aasen var ein farsfigur frå heimbygda, som støtta Hovden i studieåra, medan Hovden sjølv var ein farsfigur for Per Sivle. Sivle sleit med litt av kvart, og tok livet sitt i 1904, 47 år gamal. Boka kom ut året etter, og denne utgåva er frå 2000, der barnebarnet Karl-Anders Hovden har skrive eit etterord.

Det skin klart gjennom at Sivle var ein Hovden sette høgt. Nokon biografi over Sivle er det likevel ikkje, Hovden fortel om episodar og hendingar, og som i Aasen-boka er det fare for at alt ikkje er heilt rett. Så er det òg slik at Hovden har ein altfor patosfylt skrivestil, i alle fall i dei to nemnde bøkene, slik at det vert for lite av det som er interessant og for mykje av alt det andre. I 1905 var dette ei velkomen bok, men i dag, etter dei to fine Sivle-bøkene til Bjarte Birkeland og Alfred Fidjestøl, er dette nærmast for ein parentes å rekna.

Etterordet utdjupar mykje av det Anders Hovden skriv om. Karl-Anders Hovden har hatt tilgang til det som er skrive om Sivle gjennom heile 1900-talet, og har like mykje å by på som bestefaren. Likevel er dette ei bok som er fort lesen og fort gløymt.

Guffen er lunken.

Meir Sivle på kulturguffebloggen
Streik (1891)
Bjarte Birkeland (red.): Sivle frå Voss (1974)

12. juli 2013

Berre ein hund (1975)

Det skulle litt til at me fekk sjå fjernsyn på jolekvelden i gamle dagar. Etter at jola var ringt inn skulle fjernsynet vera av. Det einaste unntaket var den jolekvelden NRK viste denne fjernsynsfilmen - ein kortfilm basert på ei forteljing av Per Sivle var altså det einaste som kunne få foreldra mine til å utsetja gangen rundt joletreet.

"Berre ein hund" er ei av fem forteljingar i Sogor, og er truleg den som er mest lesen. Det er ei fin forteljing, om korleis tolvårige Per vert knytt til ein hund. Hunden er eigd av ein engelsk turist, som døyr då han misser fotfestet på ein fjelltur. Per vil behalda hunden, men foreldra likar ikkje hunden, og det endar med at ein av mennene på garden skyt hunden.

I boka er altså mykje rett, men i denne filmen er det meste feil. Det verste er at det går så ubehjelpeleg seint. Med ei strammare redigering, der ein klipte filmen ned frå seksti til tretti minutt, ville mykje vore gjort. No vert det i staden endelause rekkjer med naturbilete. At ein bruker amatørskodespelarar er eigentleg greitt, men det må gå an å seia at dei kan prøva litt hardare. Skodespelet er livlaust og blodfattig, og fleire gonger er det faktisk slik at me som ser på byrjar å le, så dårleg er det.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Sivle på kulturguffebloggen
Streik (1891)
Anders Hovden: 
Per Sivle. Ei livssoge (1905)
Bjarte Birkeland (red.): Sivle frå Voss (1974)
Alfred Fidjestøl: Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle (2007)

23. mai 2010

Per Sivle - ikkje lenger enn min kjærleik rekk (Fraktgodsen, Voss, 22.5.10)

Dette vart ikkje så bra som det kunne ha vorte. Livet til Per Sivle har nok av dramatikk, heilt frå då den gravide mor hans prøver å ta livet sitt i Nærøyfjorden, til han sjølv tek livet sitt i Kristiania. Der er oppturar og nedturar, både litterært og elles, der er nok av vener som kjem og går, og der er ein oppbroten familie. Likevel fungerer ikkje dette stykket. Den viktigaste grunnen til det må vera Jon Eikemo.

Han framstår her som ein svært avgrensa skodespelar. Han er sjølv altfor tydeleg til stades, det vert for mykje Eikemo og for lite Sivle. For Jakob Sande-framsyninga si fekk Eikemo litt kritikk for at han framheva bajasen Sande, og slik vert det òg her. Finn Eikemo noko som kan trigga litt komikk, gjer han det, men det fungerer ikkje i det heile. I fleire av dikta til Sivle er det liner av typen "å hei og hi, å tiriliti", og utan unntak les Eikemo desse med ei falsett-stemme, for å dra litt latter ut av publikum. Han er innom alkoholproblema til Sivle, og prøver òg å gjera dette til noko komisk. Stykket hadde klart seg betre utan desse delane.

Sivle var ein ujamn diktar, men når han er god, er han god. Eikemo har valt ut mange av dei gode dikta hans, men les òg nokre mindre kjende, utan å overtyda oss om akkurat dei dikta burde vore betre kjende. Med eit betre manus og ein annan skodespelar kunne dette vorte bra, no var det knapt nok middels. Det vert ikkje noko betre av at Eikemo, nesten eitt år etter at stykket hadde premiere, ikkje har full kontroll på det han skal seia.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Sivle på kulturguffebloggen
Streik (1891)
Anders Hovden: 
Per Sivle. Ei livssoge (1905)
Bjarte Birkeland (red.): Sivle frå Voss (1974)
Berre ein hund (1975)
Alfred Fidjestøl: Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle (2007)