18. februar 2012

Andrew Mangan (red.): So Paddy got up (2011)

Der er mange rare bloggar på internettet, også for oss som les om fotball. For oss som helst les om Arsenal er det visst ekstremt mange bloggar, av dei tjue mest lesne fotballbloggane i England handlar visst sju om Arsenal. Eg greier meg godt med Arseblog, og den viktigaste grunnen er at Andrew Mangan er ein glimrande skribent. Han rosar der det trengst, han slaktar der det trengst, og han skriv godt heile vegen. To døme, som i alle fall nokon forstår: Han meinte at einaste grunnen til Arsenal kjøpte Michael Silvestre var at "they needed to add some openmouthedness to their defence". Og etter ein kamp der Emanuel Eboue serverte ein glimrande målgjevande pasning, meinte han at det stadfesta hypotesen om apekatten, skrivemaskina og samla verk av Shakespeare.

Mangan har redigert denne antologien, der nokre journalistar og mange bloggarar skriv om Arsenal. Det er uventa tynne greier. Eg kjenner ikkje dei andre bloggarane, men det gnistrar ikkje akkurat at tekstane deira, korkje språket eller innhaldet er spesielt originalt. Hakket betre er det når journalistane skriv, men det er langt mellom gullkorna også der. Det heile glir roleg forbi. Bloggarar kan gjerne skriva bøker (ahem), men desse tekstane skrik etter ein redaktør som kan stramma det heile opp.

Utan lyspunkt er det likevel ikkje. Mangan skriv godt om korleis han litt tilfeldig kom inn i bloggeverda. Kieron O'Connor skriv godt om økonomien til Arsenal. Amy Lawrence skriv godt om George Graham, og også andre Arsenal-profilar får artiklar om seg. Men alt i alt var dette ein liten nedtur.

Guffen er lunken.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
Paul McGuigan og Paolo Hewitt: The Greatest Footballer You Never Saw (1997)
John Aizlewood: Playing At Home (1998)
Uli Hesse: Tor! (2003)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

Kongen av Bastøy (2010)

Det er 1915. På Bastøy i Oslofjorden er der ein heim for vanskelege gutar, og no er to nye gutar på veg over med båt. Dei vekslar to setningar - han eine er ein liten og tynn trønder, han andre er ein kraftig Oslo-gut.

Før dei kom fram til øya tippa eg kva som kom til å skje. Trønderen vert ein hakkekylling som vert drepen. Han frå Oslo er ein sterk opprørar, som vert upopulær hjå dei andre gutane, men som byggjer alliansar og som greier å koma seg vekk. Slik gjekk det nesten - han som rømde gjekk gjennom isen nokre hundre meter frå fastlandet.

Er det så vanskeleg å skriva originale filmmanus? Dette er jo berre ein variant av alle fengselsfilmar som er laga. Det er ikkje nok å leggja handlinga til Noreg, eller å knyta det opp til handlingar som eigentleg har skjedd. Filmen tek ikkje ei einaste uventa vending. Visuelt er det heilt greitt, mangelen på friske fargar står til dømes godt til korleis gutane har det. Kanskje det er slik ein har tenkt å gjera norsk film betre? Fyrst skal alle læra seg det visuelle, og deretter skal ein laga manus som fengar?

Guffen kan ikkje tilrå dette.

17. februar 2012

Synecdoche, New York (2008)

Charlie Kaufman skriv sterkt originale filmmanus. Han skreiv mellom anna manus til Being John Malkovic og Adaption, to av dei beste filmane eg har sett i dette tusenåret. I begge dei filmane tek historia uventa vendingar; slik er det òg i denne filmen. Og vel så det.

Caten Cotard er ein dyktig teaterregissør, busett i byen Schenectady i New York. Privatlivet er det verre med, han glir vekk frå kona, er sjølvopptatt, er aktiv hypokonder, og det fyrste han les i avisa er nekrologane. Kona, som er biletkunstnar, tek med seg dotter deira til Berlin, i utgangspunktet for ei kort tid, men dei vert begge verande der. Cotard taklar ikkje dette, vert litt øren, og då han brått får eit enormt teaterstipend, finn han ut at han vil setja opp eit massivt teaterstykke.

Han har ikkje noko manus, men byggjer det opp etter kvart. Han hyrer inn haugevis med skodespelarar, som øver og øver heile dagen, utan at stykket vert framført. Slik går no dagan, dei øver i årevis. Cotard skriv etter kvart seg sjølv inn i stykket, og det er lett å finna ut kven som skal spela han: På prøvespelinga dukkar det opp ein mann me har sett gjennom heile filmen, og han fortel at han har fulgt etter Cotard i tjue år, slik at han veit godt korleis han skal spela han.

Assistenten til Cotard, Hazel, vert òg skrive inn i stykket. Dei to har hatt ein flørtande tone gjennom heile filmen, men det vert aldri noko av det. Det kjem nokre fantastiske scener der skodespelar-Cotard, som er litt meir frampå enn Cotard, slår seg saman med Hazel. Cotard ser ikkje anna råd enn å slå seg saman med skodespelar-Hazel.

Dette skjer, men det skjer òg mykje meir. Det er mykje moro i detaljane, og eg er rimeleg sikker på at eg hadde sett endå meir moro om eg hadde sett filmen fleire gonger. Ting vert repetert, både i opninga og slutten av filmen er til dømes klokka 7.45; Cotard fører omtrent identiske samtalar i to gravferder han går i, replikkar vert repetert, osb.

Skodespelet vert innøvd i eit enormt lokale. Der byggjer dei etter kvart opp ein by, med ekte hus og rom og heisar og alt, og Cotard lever seg så godt inn i denne draumeverda at han til og med gløymer å vera sjuk. Dei som er der inne får heller ikkje med seg alt som skjer utanfor, dei vert etter kvart eit samfunn i samfunnet.

Guffen tilrår.

Meir Kaufman på kulturguffebloggen
Being John Malkovich (1999)
Eternal Sunshine of the Eternal Mind (2004)

16. februar 2012

Mark Yarm: Everybody Loves Our Town (2011)

Det er bra med ei bok som har "A History of Grunge" som undertittel, og der alle i boka mislikar omgrepet grunge. Yarm har intervjua ei lang rekkje personar, nokre spelte sjølve, andre dreiv plateselskap, nokre skreiv, medan andre høyrde. Heile boka er sitat frå desse, og Yarm har redigert det heile saman til ei fin bok.

Grungen voks fram i Seattle, og nokre år på tidleg 90-tal var fleire av gruppene derfrå blant dei store i rocken. Alle gruppene frå byen var sjølvsagt ikkje like interessante, men mange heiv seg på bølgja. Nokre flytta til byen for å kunna kalla seg eit Seattle-band, utan å ha noko nytt å koma med, musikalsk sett.

Boka tek til med U-Men, eit punkband forma i 1981, og vert etter kvart like mykje ei historie om den interessante delen av rockemiljøet i Seattle. Mykje av det i boka kan overførast til heile det amerikanske rockemiljøet, der gruppene i starten er lutfattige, gjev ut plater sjølv eller på små selskap, og der det heile er ein lite synleg undergrunnskultur. Det eksploderer rundt Nevermind, og alle vil ha ein bit av grunge og Seattle-musikarar. Dei fleste får kontrakt med store selskap, mange sel godt med plater. Det vert meir pengar, og det gode samhaldet smuldrar vekk. Etter nokre år tek ei anna musikkform over, og gruppene sel mindre plater og dei fleste går i oppløysing.

Det gjekk altså litt opp og ned, og når det gjekk ned, gjekk det langt ned. Det vart mykje dop, og fleire av dei mest profilerte musikarane fekk etter kvart store rusproblem. Nokre greidde å stoppa det, andre greidde det ikkje.

Det er altså ei fin bok. Rett som det er er nokre usamde om kva som hende. Av og til, når Yarm fortel kva andre har sagt om kva som hende, vert det krangling. Og ingen kranglar meir enn Courtney Love, som vel er den som kjem dårlegast ut av boka. Mange andre kjem godt ut av boka, det er jo ei stor føremon i ei slik bok at informantane kan ordleggja seg godt. Det bandet som gjer det best i så måte er Mudhoney, men også fleire serverer godbitar:

Buzz Osborne (Melvins), på spørsmål om Kurt Cobain var roadie for bandet: I always laugh at that: Kurt Cobain was our roadie. Look at him - he could barely lift himself out of bed. A roadie? For what, a flea circus?

Steve Turner (Mudhoney): I went back to school a lot. I didn't see a straight line through college, but I told my parents I was hoping to be done with college when I was 30. When I was 30, I was like, Fuck, man. I gave myself 12 years, and I failed.

Gary Lee Conner (Screaming Trees): We started playing a normal set. At one point, I heard Krist Novoselic, who was off to the side of the stage, say, " Play the one about the devil!" I said, "They're all about the devil!" And then all hell broke loose.

Guffen tilrår.

14. februar 2012

Frå arkivet: The Beste: En sang for åtte kroner, en lomme full av rusk, og firogtjue troster i damens rosenbusk (1985)

Dette har eg sagt før: Det var mykje bra med Morgenbladet-kåringa i fjor, men det var òg mykje mindre bra. At eg ville hatt nokre plater høgare oppe og andre lengre nede er ein ting, verre er det at nokre artistar mangla heilt. Det aller verste var at denne plata ikkje var med. Gode forklaringar er vanskeleg å sjå - det kan ha spelt inn at plata ikkje kom på CD før etter at kåringa var over, og at ho altså ikkje har vore tilgjengeleg på tjuefem år.

Ein gong midt i 1990-åra brukte ein journalist i Arbeiderbladet uttrykket "De fire store" om DeLillos, DumDum Boys, Raga Rockers og Jokke & Valentinerne. Omgrepet har festa seg, og vert til og med brukt av banda sjølv, i Kjøtt-boka til Bernt Erik Pedersen omtalar Michael Krohn dei fire gruppene som dei fire store. For meg er det ein meiningslaus påstand, ein kan ikkje berre gje ord ny meining på den måten der. Viss dette er dei fire store, måtte jo ordet "stor" tyda noko slikt som "heller kjedelege band som ikkje har noko interesse av å fornya seg, men som likevel er rimeleg populære". I hovudet mitt er der berre tre store band i norsk rock, Motorpsycho, Jaga Jazzist og The Aller Værste!

Dei to fyrste av desse er med av openberre grunnar. TAV! hadde ei heller kort karriere, men ho var likevel full av glimrande musikk, og etter at dei vart oppløyst var medlemmane med i ei rekkje spanande prosjekt. Dette er det mest vellukka av dei. Tre frå TAV!, Lasse Myrvold, Sverre Knudsen og Harald Øhrn, fekk med seg Kjartan Kristiansen (Wannskrækk) og Sven Kalmar (Holy Toy m.m.), og spelte inn ei plate med musikk som var heilt annleis enn det dei hadde gjort før, men der slektskapen var lett å finna.

Slektskapen var kanskje tydelegast i tekstane. TAV! hadde gode tekstar, og her er dei endå betre. Dei syng om andre emne, her syng dei i langt større grad om menneskelege samanhengar. For Lasse Myrvold, ein av dei finaste tekstforfattarane i norsk musikk, handlar det gjerne om forholdet mellom fedre og ungar, tre av songane hans her er "Sønner av eldre menn", "Pappa til alle pappaer" og "Øksen ligger på bordet", som har ein aldeles glimrande tekst. Rundt tekstane er det gitarar, litt tangentar, og nokre avslappa trommer, men instrumenta held seg heile tida i bakgrunnen. Så fort vokalisten tek ordet dempar dei seg, heilt til han tek ein pause. Det er i det heile ei uventa lågmælt plate, ut frå den bakgrunnen dei fem har. Dei to minst lågmælte songane er dei to med tekst og vokal av Kristiansen, mellom anna den finfine "Het dag i juli".

Plata kom nyleg ut på CD, saman med andrealbumet Blått. Det er ikkje like godt, men denne plata held framleis mål og vel så det.

Guffen tilrår.

Meir The Aller Værste! på kulturguffebloggen
Yngve Knausgård: The Aller Værste! Materialtretthet (2011)
Sverre Knudsen: Sverre Knudsen, 1979 (2015)

11. februar 2012

Bernt Erik Pedersen: Kjøtt. Kjøtt. (2011)

Denne plata kom i 1980. Det var ei plate eg høyrde mykje på då, men no er det år og dag sidan eg høyrde ho. Det er altså på litt tynt grunnlag eg seier dette, men eg har ei kjensle av at ho ikkje ville imponert meg like mykje i dag som det ho gjorde då.

Plata kom på fjerdeplass i kåringa til Morgenbladet. I boka presenterer Bernt Erik Pedersen plata, men han gjer òg meir enn det. Til liks med bøkene om Block to Block og Materialtretthet er boka ein biografi om bandet. Den delen er grundig og god, han har snakka med dei fire i bandet som lever. Han fortel om band dei spelte i før Kjøtt, om korleis dei fire eldste i bandet var innom i ulike motkulturar før dei fann seg ein plass i punken.

Mykje av boka handlar om motsetnadene mellom desse fire eldste og den yngste, trommeslagaren Michael Krohn. Dei fire andre kom frå Kolbotn, han var frå Oslo. Han hadde ein langt meir leiken innfallsvinkel enn dei andre, og det viser godt att i songane og tekstane han kom med. I boka seier han at det er eit stort sprik mellom hans eigne "infantile" songar, og dei "seriøse" greiene Gaarder kom med. Jon Rognlien, som var formgjevar på omslaget, snakkar om korleis Gaarder har ein intellektuell innfallsvinkel til det dei skreiv om, medan Krohn tok dette meir intuitivt. Dette hang dels saman med bakgrunnen hans, han var ein outsidar, som ville visa verda kva han kunne. Gaarder ville formgi verda.

Det var i spennet mellom desse to innfallsvinklane at Kjøtt fekk det til. Bandet endra seg fort, alt året etter kom den heller pretensiøse lp-en Op, og i eit intervju med Det Nye er det tydeleg at Krohn har fått nok: Han kranglar med Gaarder, kallar plata pompøs, meiner musikken går for seint, og det kan ikkje ha vore noko bombe at han slutta i Kjøtt nokre månader seinare.

Det er ei fin bok, som gjev meg lyst til å høyra plata igjen. Kanskje ho er betre enn eg hugsar. Og boka er òg velkomen av andre grunnar - det finst for få biografiar om dei viktige norske banda.

Guffen tilrår.

Fleire bøker om Morgenbladet topp 100
Gro Dahle: Knutsen og Ludvigsen. Juba Juba (2011)
Christer Falck og Marius Lien: Morgenbladet topp 100 (2011)

Yngve Knausgård: The Aller Værste! Materialtretthet (2011)
Stig Sæterbakken: De Press. Block To Block (2011)
Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)

9. februar 2012

James Dickey: To the White Sea (1993)

Minst to av dei tre romanane James Dickey gav ut var godt eigna for filming. Piknik med døden er ei filmatisering av debutromanen hans, og Coen-brørne sikra seg rettane til å filma denne romanen. Dei kom langt i planlegginga, manus var klart, Brad Pitt hadde takka ja til å spela hovudrolla, men det skar seg likevel. Dei ville filma i Japan, og då vart det for dyrt for dei som skulle finansiera det heile.

Det er lett å sjå at Coen-brørne viste interesse for å filma boka. Det kan minna litt om O Brother..., her går Muldrow, ein amerikansk soldat, gjennom det meste av Japan, for å nærma seg Alaska, heimstaten sin. Samstundes ville det ha vorte ein annleis Coen-film, her er svært lite dialog.

Muldrow er stasjonert på ei øy sør for Japan. Det er mars 1945, og han skal på eit bombetokt over Tokyo. Flyet hans vert skote ned, og han søkjer tilflukt i eit kloakkrøyr under byen. Under eit massivt flyangrep nokre dagar seinare kjem han seg ut av byen. Det er framleis krig, så han held seg vekke frå vegar og byar. Han tenkjer meir og meir som eit dyr, han tenkjer på kva ein hare eller ein hjort eller ein jerv ville ha gjort i dei ulike situasjonane. Han har eit godt talent for å greia seg sjølv, han er sterk og har ein ekstrem disiplin, slik at han greier å koma seg ut av dei krisene som oppstår. Det går med nokre liv på vegen. Han kjem seg over til Hokkaido, den nordlegaste av dei større japanske øyane, men der er han omtrent i ei anna verd - her lever det primitive folk som truleg ikkje veit at det er krig, og heilt nord flyttar han inn i hytta til ein eldgamal mann og dei to jaktfuglane hans.

Det er ei bok der det som skjer i Muldrow er like spanande som det som skjer rundt han. Han vert meir og meir ustabil, og det siste han fortel om er truleg ikkje spesielt reelt. På vegen tenkjer han mykje på oppveksten i Alaska, det var der, langt vekke frå folk, han treivst best. Slik sett har han det bra også på vegen gjennom Japan, der han går i dagevis utan å treffa folk, og der han ikkje snakkar med dei han møter. Ei finfin bok.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen:
Piknik med døden (1972)