11. februar 2012

Bernt Erik Pedersen: Kjøtt. Kjøtt. (2011)

Denne plata kom i 1980. Det var ei plate eg høyrde mykje på då, men no er det år og dag sidan eg høyrde ho. Det er altså på litt tynt grunnlag eg seier dette, men eg har ei kjensle av at ho ikkje ville imponert meg like mykje i dag som det ho gjorde då.

Plata kom på fjerdeplass i kåringa til Morgenbladet. I boka presenterer Bernt Erik Pedersen plata, men han gjer òg meir enn det. Til liks med bøkene om Block to Block og Materialtretthet er boka ein biografi om bandet. Den delen er grundig og god, han har snakka med dei fire i bandet som lever. Han fortel om band dei spelte i før Kjøtt, om korleis dei fire eldste i bandet var innom i ulike motkulturar før dei fann seg ein plass i punken.

Mykje av boka handlar om motsetnadene mellom desse fire eldste og den yngste, trommeslagaren Michael Krohn. Dei fire andre kom frå Kolbotn, han var frå Oslo. Han hadde ein langt meir leiken innfallsvinkel enn dei andre, og det viser godt att i songane og tekstane han kom med. I boka seier han at det er eit stort sprik mellom hans eigne "infantile" songar, og dei "seriøse" greiene Gaarder kom med. Jon Rognlien, som var formgjevar på omslaget, snakkar om korleis Gaarder har ein intellektuell innfallsvinkel til det dei skreiv om, medan Krohn tok dette meir intuitivt. Dette hang dels saman med bakgrunnen hans, han var ein outsidar, som ville visa verda kva han kunne. Gaarder ville formgi verda.

Det var i spennet mellom desse to innfallsvinklane at Kjøtt fekk det til. Bandet endra seg fort, alt året etter kom den heller pretensiøse lp-en Op, og i eit intervju med Det Nye er det tydeleg at Krohn har fått nok: Han kranglar med Gaarder, kallar plata pompøs, meiner musikken går for seint, og det kan ikkje ha vore noko bombe at han slutta i Kjøtt nokre månader seinare.

Det er ei fin bok, som gjev meg lyst til å høyra plata igjen. Kanskje ho er betre enn eg hugsar. Og boka er òg velkomen av andre grunnar - det finst for få biografiar om dei viktige norske banda.

Guffen tilrår.

Fleire bøker om Morgenbladet topp 100
Gro Dahle: Knutsen og Ludvigsen. Juba Juba (2011)
Christer Falck og Marius Lien: Morgenbladet topp 100 (2011)

Yngve Knausgård: The Aller Værste! Materialtretthet (2011)
Stig Sæterbakken: De Press. Block To Block (2011)
Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar